arieldog

Tid Innlegg
2020-06-11 08:35 Bok 38 2020: "The Wire in the Blood" av Val McDermid

Ein einarma mediapersonlegdom vert mistenkt for seriemord av ein urøynd politietterforskar som bestemmer seg for å etterforske på eiga hand, etter å ha blitt latterleggjort av kollegaene. Dette får katastrofale følgjer, og snart begynner andre å nøste opp i den etterforskinga ho har gjort.Denne boka var ikkje så spennande som den første i serien, men eg kosar meg med å høyre engelsk krim på originalspråket, spesielt fordi det vert nytta ulike dialektar.

2020-06-06 19:41 Måling, beising, retting...

IMidtvegs i prosessendag har eg arbeidd ganske hardt, etter ein sløv start på dagen. Planen var å måle eit strøk til på gripelista, men den var klissvåt av nattedogg. Det vart derfor ein handletur til Eid først, og då var det mogleg å måle då eg kom heim. Det kom nokre dropar i lufta, så eg skunda meg med å bli ferdig. Men det regna ikkje skikkeleg, så då leita eg fram terassebeiden og gav verandaen på nedsida eit første strøk. Eg hadde kjøpt ein mørk beis denne gongen, og eg trur det kan bli fint. Gripelista skal få eit strøk eller to til, og golvet skal få så mange strøk som eg har beis til, ...

2020-06-05 17:50 Bok 37 2020: "The Mermaids Singing" av Val McDermid

For ein del år sidan, så lenge sidan at eg høyrde lydbøker på kassett, prøvde eg å lytte til ei engelsk lydbok, utan at det gav meirsmak. Seinare har eg prøvd igjen, men det har ikkje vore vellukka då heller. For nokre dagar sidan las eg i ei facebookgruppe om kriminalromanane til Val McDermid, og nokon anbefalte dei som lybøker på engelsk. Der var nokre kommentarar om at opplesaren ikkje treff dialektane heilt, men eg tenkte eg kunne gjere eit nytt forsøk på å høyre lydbok på engelsk.Forteljinga i denne kriminalromanen er nesten litt klisjéaktig. Ein kvinneleg politibetjent samarbeidar med ei ...

2020-06-02 20:34 Pinseprosjekt

I dag fekk eg endeleg måla første strøk med kvitt på gripelista på verandarekkverket. Det har vore ein lang prosess med førearbeid som spyling, skrubbing, skraping og grunning. Dei sistnemnde arbeidsprosessane var så stillegåande at eg kunne arbeide i helga utan å forstyrre helgedagsfreden, og i dag hadde eg ikkje undervisning. Det vart dermed mogleg å nytte dagslyset til måling utan forstyrringar av noko anna slag enn at eg måtte bli ferdig før eg skulle på møte.Etter første strøk på gripelistaDagens møte var på den lokale skulen, der eg har hatt born som elevar i 19 år. No sit eg i samarbeid ...

2020-05-30 18:49 Pinseaftan 2020

Måndag bestemte eg meg for å slutte å telje koronaveker, sjølv om vi enno ikkje er attende til normalen. Denne veka var unormalt travel, og den likna meir på kvardagen enn det eg har opplevd på lenge.Måndag skulle eg tidleg på jobb, og Minstemann og eg la av garde i bil, men gjekk frå ferjekaia og opp til skulen. Eg skulle ha den same klassen i eitt fag fram til lunsj, men dei var fordelte på to rom. Eg måtte derfor undervise i det same to gonger, medan resten av klassen jobba med noko anna. Eg var heldigvis tidleg ferdig, så eg stakk heim og slappa av og laga middag til Minstemann kom heim. S ...

2020-05-30 18:27 Tiande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og dermed måtte helga avsluttast og jobben planleggast. Komande veke skal eg på jobb fire dagar, på tre møte på ettermiddags- og kveldstid og vere meddommar i tingretten den dagen eg ikkje skal på jobb. Det er viktig å halde tunga beint i munnen og vere godt budd til alt saman, så søndagen var ikkje nokon fridag, akkurat.Då ettermiddagen gjekk mot kveld, kom først den eine og så den andre av dei to heimebuande borna heim att, og vi måtte både prate og ete. Veslejenta måtte teste ut mopeden sin, for det vert lange dagar for henne dersom ho skal sitte på med meg. Det er litt av eit ...

2020-05-30 18:26 Bok 36 2020: "Med livet som innsats"

Undertittelen på denne boka er "21 nordmenns dramatiske skjebner under krigen", noko som er meir interessant enn den klisjéaktige tittelen. Boka er rett og slett ei samling forteljingar frå menn og kvinner med ulike lagnader og opplevingar. Dei fleste av dei arbeidde i motstandsrørsla, og det var spennande å høyre om korleis dei arbeidde og korleis dei nesten vart avslørte. Om lag helvta av forteljingane var fortalde av og om kvinner, og elles var der bipersonar av begge kjønn som opplevde alt frå torpedering til fangenskap i Asia. Denne boka kan eg anbefale, men det hadde vore lettare å skilj ...

2020-05-24 15:59 Bok 35 2020: "Svartedauden" av Yngvar Ustvedt

Forfattaren les sjølv denne boka, som først og fremst handlar om menneska sine tankar om årsaker til sjukdom, og om korleis dei endra åtferd som følgje av massedøden rundt dei. Boka tek òg føre seg smittespreiing og dødsfall, men det er ikkje det som får hovudfokus. Eg fann boka svært interessant, spsielt sidan eg for kort tid sidan las Ken Follets bøker frå same periode. No fekk eg høyre meir om flagellantar, folk som dansa til dei datt om, folk som levde som fredlause i skogen og anna som Ken Follett hadde skrive om, men òg om kva som skjedde med jorda i Noreg, om korleis jødar vart mistenkt ...

2020-05-24 13:29 Den Trondhjemske postvei i Markane (tiande koronaveke, dag 6)

Laurdagen gjekk mykje med til praktiske gjeremål, men det vart òg tid til ein tur til Markane i Stryn kommune, der vi leita fram den Trondhjemske postvei. Mykje av vegen går langs bygdevegen, altså ein grusveg, men i enden ligg det nokre fine steinbruer som vitne om ei anna tid - nærare bestemt 1790. Turen er i alt på 10 km, men vi gjekk ikkje heile denne gongen. Då hadde vi enda opp i Faleide, og turen attende hadde blitt veldig lang.

2020-05-22 21:38 Muletua og Mulevika på Inneklemten (tiande koronaveke, dag 5)

I dag fekk retting vere retting, for i dag var det turdag. Dagen starta med 18 grader og lettskya, så det var freistande å reise ut til kysten. Turmålet var Mulevika, der vi først gjekk opp til "fjelltoppen" Muletua. Utsikta er fantastisk, men det var sterk vind og litt skummelt for nokon som har høgdeskrekk. Etterpå gjekk vi ned på stranda, der vi hadde ly for vinden og kunne nyte dagen. I det vi sette oss inn i bilen att, kom dei første regndropane, og så var det slutt på finevêret.Utsikt frå Muletua. Mulevika til venstre, Voksa til høgre.Turkompisane mineUtsikt mot RundeVoksaKusymre i blømi ...

2020-05-22 21:24 Kristi himmelfartsdag (Tiande koronaveke, dag 4)

Førre torsdag fekk eg inn ein bunke heildagsprøver i sidemål, og i dag brukte eg fridagen til å rette ferdig denne. Elevane hadde for det meste valt den oppgåva som dreia seg om talen Bent Høie heldt då han takka ungdommen i slutten av april, og i tillegg svara alle på ei kortsvarsoppgåve om diktet "Naudbluss" av Frode Grytten, også det om koronasituasjonen. Alle elevane skreiv på Pc og leverte inn digitalt, og eg rettar digitalt og fekk dermed "delt ut" dei ferdig retta produkta med kommentarar og karakterar i dag. Komande veke blir veldig hektisk, og eg får då inn ein ny bunke på torsdagen. ...

2020-05-21 18:59 Bok 34 2020: "I rett linje" av Anna Grue

Ein mann vert drepen etter å ha påstått at ein annan mann ikkje døydde i ei ulukke, men vart drepen. Ei ung jente nektar å ha noko med mora si å gjere, også etter at faren er død. Ex-kjærasten til detektiven Dan varslar om at ho vil møte han. Dan sjølv er på randa av konkurs og depresjon, medan mora er på ein sjukeheim etter å ha fått slag. Hus skal ryddast og seljast, forsvunne menneske skal finnast og drap skal etterforskast. Trass i dette samansuriet er det lett å følgje med i handlinga i boka. Løysinga var slett ikkje beinkløyvd, heller.Dette var den siste boka i serien, i alle fall på Sto ...

2020-05-20 21:58 Tiande koronaveke, dag 3

Mykje av dagen i dag vart brukt til å arbeide vidare med elevane som skal utvikle eit Escape Room. Etter kvart vart det ein biltur, ein sykkeltur og nokre telefonsamtalar, og så var det kveld. Vëret har vore nydeleg i dag, men eg gløymde å ta bilete som kunne ha prova dette.

2020-05-19 18:55 Tiande koronaveke, dag 2

I dag hadde eg heimekontor, og mykje av dagen brukte eg til å rette og vurdere elevarbeid. I tillegg brukte eg ein del tid på å samtale med elevar og lese meg opp på eit nytt prosjekt eg er med i. Det vil seie; eg er vel helst med "på kjøt og flesk". Ein kollega har drege i gang eit prosjekt blant mediaelevane som dreiar seg om å lage eit virtuelt "Escape Room". Eg er med som norsklærar, og historielæraren er òg med. Handlinga i rommet skal dreie seg om den kalde krigen, og det blir spennande å sjå kva dei får til.Etter normal arbeidstid gjekk eg ein lang tur med hunden etter vegane. Eg var så ...

2020-05-18 20:23 Tiande koronaveke, dag 1

I dag skulle eg på jobb på den vanlege arbeidsplassen, så eg måtte ta turen til tettbygde strok. Eg høyrest kanskje motvillig ut, og det var eg òg. Det er veldig kjekt å møte att elevane, men dei oppfører seg om lag som før nedstenginga. Dei er delte i to, så ein må undervise på to rom samtidig. Eg tenkjer at for mange var det viktig å sosialisere seg, medan andre kanskje har godt av å kome attende i ein nokolunde normal rutine. Atter andre har hatt det heilt fint medan dei har hatt heimeskule, og er kanskje litt engstelege for å vere i eit lokale med så mange til stades. Der kjenner eg meg go ...

2020-05-17 20:02 17. mai 2020 (niande koronaveke, dag 7)

I og med koronapandemien og tiltaka rundt den vart det ein annleis 17. mai i år. Barnetog og liknande var forbode, men korpsa kunne spele og marsjere. På Folkestad marsjerte korpset rundt i bygda med stopp og speling undervegs, før det vart allsong saman med heile landet elles klokka 13. Mine to heimeverande spelar i korpset, og det striregna på heile ruta deira, så dei var iskalde og gjennomvåte etter at feiringa var overstått. Det passa derfor godt å fare heim og skifte, og så kokte eg ei panne med kjøtsuppe som gav oss varmen att innanfrå. Til dessert hadde vi Pavlova-i-skål, den desserten ...

2020-05-17 00:16 Bok 33 2020: "Siste forestilling" av Anna Grue

Ein lærar blir drepen på ein grusom måte, og kjærasten hennar vert mistenkt. Læraren har vore sentral i teatergruppa og andre aktivitetar som er knytt til tilhøve utanfor undervisninga, og mange har vore innom leiligheita hennar. Den mistenkte kjærasten tek kontakt med den skalla detektiven for å finne ut kven som er den eigentleg skuldige.Denne boka var interessant og spennande ei stund, men etter at saka var løyst var det enno eit par timar att av lydboka. Dermed flata spenningskurva heilt ut, og det vart eigentleg litt keisamt mot slutten.

2020-05-16 23:35 Niande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja, då ho skulle på jobb. Det var 0 grader og ganske mykje slaps på vegane somme stader, og då eg kom heim, såg eg at facebook var fylt av bilete av kor grusomt føret var på Stigedalen. Dermed måtte vi over med ferja for å få handla skikkeleg med mat og slikt vi trengde. Vi fekk òg tid til eit lite kafébesøk før vi henta Veslejenta på jobb. Eg er oppteken av å støtte opp om det lokale næringslivet etter nedstengingsperioden, og det er ein av grunnane til at eg har tenkt å gå mykje på kafé framover. På Grodås har den trivelege Løvlands  alle ...

2020-05-15 23:07 Niande koronaveke, dag 5

I utgangspunktet skulle eg ikkje på jobb denne dagen, og eg hadde derfor tenkt å rette heildagsprøver. I siste liten vart det bestemt at eg skulle ha klassens time, altså måtte eg eins ærend til tettbygde strok for å møte klassen 12.00-12.45. Eg var ikkje berre blir for dette, men det var veldig kjekt å sjå dei att. Denne gongen var det vg1-elevane eg møtte, og dei såg ut til å ha hatt det bra, sjølv om dei tydeleg sette pris på å møtast att.Etter klassens time sette eg meg til å laste ned gårsdagens heildagsprøver og lagre dei i ei mappe på maskina mi med nye filnamn, slik eg plar gjere når e ...

2020-05-15 22:50 Niande koronaveke, dag 4

Torsdagen hadde vi heildagsprøve i norsk. Nesten alle vg3-elevane mine møtte opp, dei sette seg fint på dei to romma dei skulle sitte på og skreiv konsentrert til dei var ferdige og gjekk. Nokre av dei hadde på seg russeklede, og eg tenkte at denne tida har blitt så heilt annleis for dei enn den skulle bli. Klasseturen til Bergen vart avlyst, og det meste av russetida har blitt totalt endra. Dei slepp å ha eksamen, og mange har kosa seg heime, så det er ikkje berre negativt.Etter prøva sette eg meg inn på eit møterom på jobb og tok del i eit digitalt kommunestyremøte. Det tok eit par timar, og ...

2020-05-13 20:15 Niande koronaveke, dag 3

To månader etter at eg førre gong var på arbeidsplassen min var det i dag tid for å ta seg ein tur. Dette innebar nye rutinar med spriting og hanskar, men eg fekk skrive ut og kopiert opp heildagsprøveoppgåver til i morgon på ein helsemessig forsvarleg måte. Elevane hadde frivillig oppmøte på førebuingstimane i dag, og dei aller fleste valde å jobbe heime. I løpet av dagen var eg òg innom eit digitalt testmøte og eit møte med fysisk frammøte, så det vart ein relativt effektiv dag. Vel heime laga eg middag, serverte, åt og la meg på sofaen. Å stå opp tidleg er noko av det verste med kvardag for ...

2020-05-12 21:54 Niande koronaveke, dag 2

Jobbdagen i dag var for det meste sett av til elevsamtalar, men eg deltok òg på to jobbmøte og prøvde å få unna noko planlegging.Etter arbeidstid var eg litt rastlaus. Etter ein dag med snø og kulde skein plutseleg sola nydeleg, og vi gjekk oss ein tur med hunden innover bygda.Medan ungane var på korpsøving, laga eg vaffelrøre og steikte vaflar. Til kvelds hadde vi vaflar og smoothie, laga av bær, banan og eplejuice. Vi hadde berre ete salatrestar til middag, så det var godt med mettande kveldsmat.Det har vore mykje bestemt og ombestemt, men i morgon skal eg attende til arbeidsplassen ein tur. ...

2020-05-12 12:30 Bok 32 2020: "Et spørsmål om penger" av Anna Grue

Ein styrtrik forretningsmann blir funnen død, og det viser seg at han har levd eit liv med mange kvinner og ein del kokain og denslags. Parallelt forsvinn ein tannlege i byen. Finst det ein samanheng mellom desse to sakene?Nok ei god Anna Grue-bok, og denne gongen gissa eg faktisk ikkje løysinga i det heile. Det er no eit kvalitetsstempel i seg sjølv. I tillegg var personane interessante og godt framstilte.

2020-05-11 22:40 Niande koronaveke, dag 1

Legg til bildetekstDagen i dag starta med jobbing og lesing, i tillegg til noko planlegging og organisering. Etter kvart reiste Veslejenta og eg ein tur til Eid, sjølv om det snødde ute og eg var redd det skulle vere glatt. Det var det ikkje, og vi hadde ei triveleg økt med handel og planlegging.Vel heime sette ungane i gang med å lage middag, medan eg jobba og planla litt meir. På menyen stod pestobaguettar (mi oppfinning) og kyllingsalat.Eg reiste deretter til Volda på gruppemøte i eit par timar, og det var både hyggeleg og nyttig.Trass manglande trim hadde eg 150 % på treningsklokka mi i kv ...

2020-05-11 09:34 Åttande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og det var meldt snø. Her var det ikkje antydning til snø tidleg på dag, men det var bitande kaldt ute og lite freistande med uteaktivitetar. Som vanleg vaska eg huset før ungane kom, og i dag fekk også hunden ein vask. Det sette han ikkje pris på i det heile, tvert imot.Om ettermiddagen kom ungane, og vi prata mykje resten av kvelden. Det skjer ikkje mykje for tida, men vi går ikkje tomme for samtaletema likevel.

2020-05-09 22:12 Åttande koronaveke, dag 6

Denne dagen har vore relativt tom for innhald. Den store utflukta vart ein handletur til Eid, og då var eg så seint ute at eg ikkje fekk gjort alle ærenda mine før butikkane stengde. Neste helg er det 17. mai, og eg hadde ikkje eigentleg tenkt å feire det så veldig, men det kan hende eg skal nytte høvet til å kjøpe meg ei ny vårjakke. Viss eg skal attende til jobb i komande veke, treng eg dessutan ei ny bukse eller to. Det har gått åtte veker sidan skulen vart stengd, og mange av desse har eg gått i kosedress og denslags. Det er på tide med litt skjerping av stil og framtoning. Heldigvis er de ...

2020-05-09 22:05 Åttande koronaveke, dag 5

Fredagen starta med møte i Volda (valutvalet), deretter undervisning heimanfrå og eit møte i SU i ein barnehage. Etter dette sette eg meg til med meir skulejobbing, og så las eg korrektur på resten av den før nemnde masteroppgåva. Då eg var ferdig, kjendest det som om eg hadde skrive ei ny masteroppgåve sjølv, noko eg er sjeleglad for at eg aldri meir skal gjere.

2020-05-07 21:18 Åttande koronaveke, dag 4

Dagen i dag gjekk med til arbeid, kort fortalt. Eg hadde ein del å ta att av elevarbeid som skulle lesast, og så var eg tilgjengeleg og svara på spørsmål frå den klassa som arbeider med avsluttande munnlege presentasjonar i norsk. I tillegg laga eg oppgåver til komande heildagsprøver. Då klokka var nesten 15, gjekk eg meg ein tur ut med hunden for å "lufte vetet" før pressekonferansen klokka 16. Det viste seg at den var utsett til klokka 18, så då sette eg meg til med masteroppgåva eg les korrektur på.Regjeringa hadde pressekonferanse klokka 18, som annonsert, og dei opnar no for at elevar på ...

2020-05-06 20:05 Åttande koronaveke, dag 3

Dagen i dag starta med multitasking, som vanleg er no for tida. Elevane stilte spørsmål om oppgåvene dei skulle løyse, og eg svara etter beste evne, samtidig som eg begynte å lese korrektur på ei masteroppgåve og lese om att saksdokument til møtet eg skulle på seinare på dag. Denne gongen skulle vi stille på møtet personleg, ikkje på nettmøte, og det var faktisk litt spennande. Møtet var interessant på fleire måtar, og eg fekk i tillegg tid til litt shopping før eg for heim. Eg har eit visst attelet for dei lokale butikkane, og i dag skulle eg støtte ein butikk som vart starta opp ei veke før ...

2020-05-06 10:58 Bok 31 2020: "Den skallede detektiven" av Anna Grue

I denne fjerde boka i serien vert detektiven sett til å oppklare omstenda rundt to ungdomar i ein familie som har døydd nøyaktig like gamle. No er foreldra uroa over den yngste sonen, som snart er i same alder. Samtidig har kjærasten til detektiven ein stalker som er noko innpåsliten. Finn vi ein samanheng?Boka er interessant og spennande, den. Eg likar serien, trass i nokre irritasjonsmoment, som til dømes måten kvinner er vurderte på etter alder og utsjånad. Dette er noko uventa i ei bok av ein forfattar som sjølv er kvinne.

2020-05-05 21:47 Åttande koronaveke, dag 2

Jobbdagen slutta i dag klokka 16, og då gjorde eg meg klar til å fare på tur. Eg tok med bil og hund til Volda, der vi plukka opp bladfyken, fylte diesel og kjøpte med mat. Turen gjekk deretter til ytre strok, og vi enda opp med å gå rundt Aursnesvatnet. Turen var ikkje så lang, og det var ganske flatt, men det vart etter kvart mykje depel, regn og vind. Vi vart både våte og kalde, og maten inntok vi i bilen etter at vi var ferdige med å gå. Det er kjekt å gå på tur, og viktig å bygge kondis og styrke før sesongen tek til for alvor. Det er òg hyggeleg med turar som er såpass lette å gå at ein ...

2020-05-04 21:39 Åttande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg undervisning frå 8.15 - 15.00. Mellom 14 og 15.00 var eg med på eit møte medan elevane jobba på eiga hand, noko dei gjorde det meste av dagen. Vi starta dagen med norsk, deretter møttest vi på nett midt på dagen for ein liten live-samtale før det var engelsk. I begge øktene skulle elevane sjå noko filmmateriale, og så skulle dei svare på spørsmål og levere inn etterpå. Eg las gjennom svara og gav dei delteke/ikkje delteke etter kvart som dei leverte inn, i tillegg til å gi korte kommentarar der eg meinte det var på sin plass med ekstra ros eller ei presisering/forklaring. I enge ...

2020-05-04 21:22 Sjuande koronaveke, dag 7

Søndagen kom denne veka òg, og lite og inkje stod på programmet. Eg jobba og las litt før Minstemann stod opp, deretter vart vi sittande mykje og sjå på musikkvideoar og prate, før det vart på tide å køyre han på kaia. Der plukka eg opp Bladfyken, som vart med heim for å skifte dekka mine. Då eg køyrde han på ferja att, var det to varmegrader.

2020-05-02 19:35 Bok 30 2020: "Kunsten å dø" av Anna Grue

Nokon har fått ein idé om å lage ein realityserie etter mal av Agatha Christies "Ten Little Niggers", og som i Christie sine romanar får vi bli kjende med alle deltakarane og bakgrunnen deira ein etter ein. Den skalla detektiven skal vere med som "detektiv" i serien, og publikum skal få stemme på kven neste lik skal vere. Før ein kjem i gang med serien, begynner ting å skje i den verkelege verda.Eg likte boka godt, men kunne ha tenkt meg å høyre meir om den realityserien.

2020-05-02 19:16 Sjuande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja. Ho skulle på jobb, og i kveld skulle ho på fest, så det var det siste eg såg av henne denne veka. Etter køyreturen vart eg sittande med lydbok medan eg venta på at Minstemann skulle vakne. Kneet mitt, som hadde plaga meg så mykje i går, var heilt bra att i dag, så eg var klar for å vere meir i aktivitet.Då Minstemann stod opp, diskuterte vi litt fram og tilbake. Vêret var ikkje så fint at det freista å gå tur, og eg hadde meir lyst til å få gjort litt i hagen. Det vart dermed til at vi leita fram maskina som kuttar opp greiner, og så kv ...

2020-05-01 23:41 Sjuande koronaveke, dag 5

I dag er det første mai, og eigentleg skulle eg ha feira dagen på tradisjonelt vis med talar, kake og kinarestaurant. Det går sjølvsagt ikkje i den tida som no er, då alt er stengt og avlyst. Planen var derfor å gjere litt utearbeid, som til dømes å skure verandaen fri for grønske på flisene og kanskje også spyle den att. Så var det berre det at eg vakna med ein skrekkeleg verk i eine kneet, og ein svak verk i det andre. Eg kunne ikkje skjøne kva som var gale, og om det ville hjelpe med mosjon eller kvile. Vêret var heller ikkje så bra, så det freista eigentleg ikkje med utesyslar. Det vart de ...

2020-04-30 21:21 Bok 29 2020: "Judas-kysset" av Anna Grue

"Den skalla detektiven" er denne gongen med på å løyse ei sak som gjeld eldre kvinner som vert svindla av ein ung mann. I tillegg vert ein ung mann i eit strengt religiøst miljø funnen drepen i eit uthus. Finst det ein samanheng mellom desse sakene? Den som les, får sjå. Eg likte denne boka godt, men den flatar litt ut mot slutten, slik eg synest mange kriminalbøker gjer. I tillegg vert nokre av tilfella av svikne kvinner litt stereotypisk framstilt.

2020-04-30 19:58 Sjuande koronaveke, dag 4

Arbeidsdagen i dag starta med eit datakurs som tok godt og vel to timar. Etter det var hjernen full, og eg fekk heldigvis ein kollega på kaffibesøk på verandaen, såpass eg fekk småprate litt i dag òg. Eg hadde ikkje undervisning, men fekk unna vurderingsarbeidet for denne veka slik at eg skulle vere klar til å planlegge neste veke. Eg fekk lagt nokre planar, men eg brukte òg ein heil del tid på eit undervisningsopplegg som eg i kveldinga tenkjer vert for vanskeleg for elevane.Då Minstemann var ferdig med skuledagen, åt vi middag saman, før vi tok oss ein tur til Bjørkedalen og gjekk tur langs ...

2020-04-29 23:33 Sjuande koronaveke, dag 3

Sidan vi venta ein middagsgjest i dag, brukte eg noko tid på matlaging i tillegg til jobben. Vi dekte med ny voksduk (den ser skrukkete ut på biletet, men glatta seg ut etter kvart). På menyen stod lasagne, som er ein tradisjon i slekta mi. Når ein er usikker på kva tid gjestane kjem, er det lettvint å ha ståande ein ferdigsteikt lasagne, så berre varmar ein den opp og legg på ost når ein får vite at dei er i kjømda.Middagsgjesten var svært hyggeleg, og spesielt hunden uttrykte stor glede over å få besøk. Vi hine fekk oss ein lang og interessant prat, og det er verkeleg kjekt å vere litt meir ...

2020-04-28 20:57 Sjuande koronaveke, dag 2

Hunden Charlie fyller seks år i dag, og det måtte han sjølvsagt feire!Minstemann og eg hadde skule 8.15 - 15.00 i dag, men Veslejenta sette i gang med å skrape maling av gripelista på verandaen og spyle verandagolva. Håpet er at vi dei komande dagane skal få male og beise, og at verandaen skal vere fin til sommaren kjem for alvor.Før-bileteFør-bileteEtter skuletid raka og klipte Minstemann plenane. Der låg diverse smårusk att etter materialdungen eg har bore vekk, og engkarsen stod klar til å sprette ut, så det var godt å få klipt graset no. Vi kjøpte gjødsel i går, og i morgon skal det regne, ...

2020-04-27 21:59 Sjuande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg ikkje anna undervisning enn klassens time frå 8.15-9.00, så eg var tidleg oppe og tidleg ferdig. Alle vekas opplegg er for lengst planlagde, og all vurdering frå førre veke er utført, så eigentleg hadde eg ikkje så presserande arbeidsoppgåver. Dermed tok eg fri litt tidleg, og så for Veslejenta og eg på slyngen. Det var så lenge sidan sist at vi vart heilt øsete begge to, og kortet sat laust - under påskot av å støtte lokalt næringsliv.På Plantasjen kjøpte vi fem sekkar kugjødselkompost (tilbod), så då var lukta i bilen sikra. Vi fekk òg med oss tre sekkar med vanleg mold og ein ...

2020-04-26 22:46 Sjette koronaveke, dag 7

Sidan ungane skulle kome i dag, brukte eg mykje av dagen til huslege syslar og til å lese og slappe av. Det var relativt kaldt og overskya, så eg kom meg ikkje ut på nokon langtur. Eg laga ein porsjon pastasalat med kylling og fetaost som vi kunne ha til middag i morgon, og eventuelt til kvelds i dag. Det vart det siste, med pestobaguettar til.Veslejenta hadde med det nye vedunderet til kjøkkenbenken. Eg hadde tenkt å kjøpe meg ei slik retro Smeg-kaffimaskin, men så var vi redde for at det skulle bli for mykje styr å lage seg kaffi med den. Dermed vart det ei kapselmaskin i staden. Den kosta e ...

2020-04-26 14:07 Bok 28 2020: "Dypt å falle" av Anna Grue

Eg var klar for noko lett å lytte til, og på Storytel fann eg ein serie av den danske forfattaren Anna Grue. "Dypt å falle" er den første boka i serien, og vi blir presenterte for ein reklamemann som har hatt eit samanbrot på grunn av stress i jobben. Medan han sit og snakkar med politimannkompisen sin, får denne ei oppringing om at noko kriminelt har skjedd på jobben til reklamemannen. Slik vert desse to medspelarar i oppklaringa av fleire kriminelle hendingar.Boka er kanskje ikkje den beste romanen eg har lese, og som så ofte før gissar eg mordaren i det denne blir introdusert, men det er he ...

2020-04-26 14:02 Sjette koronaveke, dag 6

Mot slutten av dagen har eg ei kjensle av at eg ikkje har gjort all verda, men eg trur eg har fått utretta ein del likevel.Den store kraftprøva i dag var ein handlerunde til Eid. Vanlegvis synest eg det er litt stressande å handle inn aleine, og no for tida er det ekstra mykje styr. Eg plar berre handle mat og reise heimatt med det same, men i dag hadde eg diverse anna eg gjerne ville ha utretta. Likevel starta eg med å handle mat, så eg ikkje skulle bli for sliten til å få mat i huset. Eg kan nemne at det var 5 grader meir på Eid enn heime, som vanleg er denne årstida, så eg hadde sjølvsagt k ...

2020-04-25 17:42 Bok 27 2020: "Hun, han og kvinnekampen" av Kjersti Ericsson

I denne boka møter vi ei kvinne som har brukt mykje av livet sitt på kvinnekamp, spesielt på 1970-talet. Når ho no ser attende på livet sitt, reflekterer ho over kor vidt det var rett å kjempe denne kampen i sitt private liv, i ekteskapet og saman med borna. Ho prøver òg å gi ektemannen ei stemme, og vi skjønar gjennom det ho fortel at han ikkje er i heimen hennar meir. Boka er svært tankevekkjande, både som tidsbilete og generelt, og den er svært godt skriven òg. Ein lever seg lett inn i tankane til eg-personen, men òg til mannen og borna.

2020-04-24 20:04 Sjette koronaveke, dag 5

I dag hadde eg heimekontor til klokka 15. Det var ok vêr ute, så etterpå tok eg meg ei økt i hagen. Der er framleis fjøler og greiner som skal berast vekk, og i tillegg er det alltids eit bed å luke. Det er no kjekt å gjere slikt som syner att.Etter ei stund hadde eg litt vondt av hunden, og så fann eg fram den gamle sykkelen eg har ståande i buda og tok han med på ein sykkeltur. Det var deilig og friskt eine vegen, men så vart det frykteleg kaldt på heimveg, såpass eg fekk frosten i meg. Dermed slutta utelivet litt brått, og utan noko fotobevis.

2020-04-24 00:05 Sjette koronaveke, dag 4

I dag var det grauttjukk skodde og ganske kaldt, så det vart ein god dag for innearbeid. Vg1-elevane leverte i går inn presentasjonane sine om Sør-Afrika, og mykje av dagen gjekk med til å sjå/lytte til desse. Elles hadde eg norskundervisning med Vg3-elevane, som leverte inn svar på spørsmål om ein tekst dei skulle lese. Dette heldt meg med arbeid i mange timar til saman, og verken eg eller hunden fekk særleg med mosjon utanom små luftepausar i hagen. Med den lange turen i går var det ikkje noko stort offer. Litt lesing og serie vart det tid til, og eg såg eit teaterstykke som skal brukast i n ...

2020-04-23 17:31 Bok 26 2020: "Moby Dick" av Herman Melville

Eg har høyrt mykje om denne boka, og då vi jobba med filmen "Jaws" tidlegare i år, var dette ein av referansane som eg forstod utan å ha lese boka. Sidan eg no har god tid til å lese gamle klassikarar, tenkte eg det kunne vere på tide å lese denne klassikaren.Innlesinga på lydbok er på nesten 24 timar, og dei første 18 timane inneheld mykje stoff om kval og kvalfangst generelt, og dei viktige personane vert presenterte mellom utgreiingane. Mot slutten tek forteljinga seg noko opp, rett skal vere rett, men hovudinntrykket mitt er at boka er langdryg. Det er interessant med dei rasistiske og ned ...

2020-04-22 18:18 Sjette koronaveke, dag 3

Dagen i dag begynte med engelskundervisning, der elevane spelte inn presentasjonar om Sør-Afrika. Deretter hadde vi møte i norskseksjonen, der vi la planar for resten av våren.Etter jobb tenkte eg å gå ein tur i Lisjedalen, men då eg kom dit, tenkte eg at eg ville gå i Brundalen òg. Det vart til at eg gjekk rundt vatnet og ned den andre skogsvegen, så det vart ein lengre tur enn først tenkt. Eg vart våt på beina, då det var snø på toppen av skogsvegen til Bjørnesetstøylen, så eg var temmeleg sårføtt då eg kom heim. På turen møtte eg diverse bygdefolk, så heile turen varte i nesten fire timar. ...

2020-04-21 19:12 Sjette koronaveke, dag 2

Nok ein dag med nydeleg sol førte til nok ein dag med soling og hagearbeid, berre avbrote av ein liten rusletur langs vegen med Charlie. Den store nyhenda i dag var at munnleg eksamen er blitt avlyst i år. Det var forventa, og det skulle berre mangle, men det er veldig greitt å parkere den arbeidsoppgåva. Det er trass alt ein del arbeid med å lage oppgåver og å førebu elevar med repetisjon og øving, og no kan vi heller konsentrere oss om å sikre dei ei god og grundig vurdering til standpunkt.

2020-04-20 21:06 Sjette koronaveke, dag 1

I dag hadde eg undervisning både før og etter lunsj. Mykje av jobben er no å sette i gang elevane med sjølvstendig arbeid og gruppearbeid, men i dag var det mykje som var uklart for fleire. Det vart derfor ein del chatting før eg fekk inn tekstar som eg kunne lese og kommentere.Eg rigga meg til med utekontor på verandaen delar av dagen, noko som fungerte greitt. Det raraste var då eg trudde pc'en var gåen, men så var det berre at eg ikkje såg kva som stod på skjermen når eg hadde på solbriller.Heimekontoret i dagEin annan fordel med heimekontor er sjølvsagt lunsjpausen. I dag nytta eg den til ...

2020-04-20 20:54 Bok 25 2020: "Ritualer" av Kristin Hauge

Ally er 30 år og jobbar til vanleg i Afghanistan. No reiser ho heim til Noreg på ferie, der ho mellom anna skal feire 60-årsdagen til faren. Han, på si side, har rota til livet sitt på fleire dramatiske måtar. Mora har vore skild frå han lenge, og ho vil selje huset sitt og begynne å reise meir. Vi følgjer desse tre personane i kvar sine kapittel, og vi kan sjå at den vesle familien framleis ber preg av fortida, men at personane òg tenkjer på framtida. Forskingsområdet til faren er overgangar, noko som går som ein raud tråd gjennom romanen. Eg likte denne boka svært godt.

2020-04-20 08:59 Femte koronaveke, dag 7

Søndagen kom med strålande sol, og eg kom meg ut på tur til Lisjedalen. Der gjekk me innover langs vatnet så langt traktorvegen rakk på den sida der parkeringsplassen ligg. På veg ned møtte me ei nabodame, så då hadde me turfølgje heim.Vel heime enda eg på verandaen og sola meg for første gong i vår. Eg hadde gløymt at eg kasta solsengene i fjor, etter at dei gjekk sund, så det vart til at eg låg på eit pledd på verandaen då eg skulle sole meg på ryggen. Det var hardt, men eg overlevde utan å bli altfor støl eller solbrend.

2020-04-18 22:00 Femte koronaveke, dag 6

Dagen i dag var kald, men det var sol. Eg tok meg ein tur til Eid for å handle inn ein del, og då fann eg ut at det var ei heil veke sidan sist eg løyste bilen frå tunet. Det gjekk heilt fint å handle, sjølv om det var fleire menneske i butikken enn på påskeaftan.Vel heime rydda eg på plass varene og denslags, og så kom Storegut på besøk. Han skal reise i morgon, men ville hente nokre vaska klede og seie ha det til si gamle mor før han reiste oppatt. Vi vart sittande og prate ute på verandaen i sola, så då fekk vi starta opp den sesongen. Etter at han var reist, gjekk sola ned, og då gadd eg i ...

2020-04-18 18:06 Bok 24 2020: "Tante Ulrikkes vei" av Zeshan Shakar

To unge gutar med innvandrarbakgrunn veks opp i ein drabantby i Oslo. Dei vert med i eit forskingsprosjekt der dei skal fortelje om liva sine, og boka inneheld det dei fortel. Gutane er ulike, men har òg mykje til felles. Ikkje minst er språket deira ulikt, og føresetnadene deira er òg ulike i utgangspunktet. Boka er interessant og tankevekkande på mange måtar.

2020-04-17 18:15 Femte koronaveke, dag 5

I dag hadde eg ein meir hektisk dag enn på lenge, trass i at eg heldt meg heime og inne. Eg deltok på tre ulike nettmøte, i tillegg til at eg hadde undervisning om føremiddagen. Elevane skulle sjå ein kortfilm og svare på nokre spørsmål til den, og så skulle dei levere inn svara så eg kunne godkjenne eller underkjenne dei. Eg har fått tilbakemeldingar frå dei om at denne undervisningsforma fungerer fint, og for meg er det ein fin måte å sjekke at dei gjer det dei skal. Faktisk trur eg at eg skal halde fram med å gjere slikt når vi er attende på skulen att. Denne gongen fekk eg fleire meldingar ...

2020-04-16 20:38 Femte koronaveke, dag 4

I dag hadde eg ikkje undervisning, men eg deltok på eit to timar langt datakurs og jobba i tillegg med førebuing av nye undervisningsopplegg. Eg synest det går greitt å lage opplegg for heimeundervisning, men det tek no litt tid.Etter "jobb" gjekk eg meg ein tur ut med hunden. Det var både sol, regn og hagl i løpet av dei nesten to timane eg var ute, så det var godt  kome seg i hus til haugen med pledd, lydbok og tv. Eg går aldri tom for ting å gjere, men det blir litt late dagar fysisk sett. No er det meldt betre vêr, og då blir det kanskje meir aktivitet ute.

2020-04-15 19:56 Femte koronaveke, dag 3

TreningssenterPøsregn og sterk vind har prega dagen ute, så det var ikkje noko stort offer å jobbe inne i dag. Eg hadde eit møte med elevane på nett før eg let dei jobbe på eiga hand med lærestoffet. På slutten av undervisningsøkta skulle dei levere eit skriftleg produkt, og desse innleveringane brukte eg mykje av dagen til å lese gjennom. Mellom slaga såg eg gjennom diverse stoff som skulle brukast i framtidig undervisning.Planen var å gå tur etter arbeidstid, men i dag orka eg ikkje det. I staden bretta eg klesvask og styra litt rundt om i huset, såg nyheiter på tv og slappa av litt før det ...

2020-04-15 19:44 Bok 23 2020: "Tiggerne" av Kristin Hauge

Denne novellesamlinga inneheld fleire skikkeleg gode tekstar, som den om den eldre mora som reiser på spa saman med den vaksne dottera og den om den gravide kvinna som ikkje vil omplassere hunden sin. Der er element som går att i fleire av novellene, så eg har valt å lese dei separat frå kvarandre, ikkje heile samlinga i eitt, slik at kvar tekst har fått festa seg. De to eg nemner er mine absolutte favorittar i samlinga, men der er fleire såre tekstar. Som det vert sagt på omslaget: vi er alle tiggarar som ber om noko eller treng noko. Tekstane handlar om slike menneske.

2020-04-15 14:27 Bok 22 2020: "Den evige ilden" av Ken Follett

Denne boka er den tredje "mursteinsromanen" (den innbundne utgåva har over 800 sider) i serien om Kingsbridge. Det har igjen gått 200 år, og handlinga i romanen er lagd til det turbulente 1500-talet. Dette er den perioden i britisk historie eg har lese mest om, så mange av dei faktiske hendingane var kjende for meg på førehand. Eg visste til dømes mykje om monarkistridane og om konfliktane mellom katolikkar og protestantar. Follett har igejn greidd å skape litterære karakterar som opplever mykje dramatikk knytt til dei historiske hendingane, og det er både spennande og interessant å lese, tras ...

2020-04-14 22:35 Femte koronaveke, dag 2

I dag var det på tide å gå attende på jobb. Eg hadde undervisning frå 8.15-15.00, men elevane styrte seg sjølve det meste av tida. Etter å ha sete online i alle dei timane var eg ganske sliten, og eg greidde heldigvis å kome meg ut på ein liten luftetur i pøsregnet. Veslejenta reiste attende til Volda, så då vart eg sittande mykje med lydbok resten av dagen, i tillegg til at eg såg gjennom eit par tv-program som eg kanskje skal bruke i undervisning framover.

2020-04-13 20:52 Femte koronaveke, dag 1

I dag er det 2. påskedag, og altså fridag. Veslejenta kom hit etter ei bursdagsmarkering i går kveld, og i dag var vi såpass innesnødde at ho vart verande.Føremiddagen brukte eg til å førebu undervisninga eg skal ha denne veka. Dette arbeidet hadde eg begynt på tidlegare i påska, men det måtte skrivast inn i alle planar og gjerast avtalar om innlevering av arbeid av ymse slag. No får vi berre håpe eg vaknar tidsnok i morgon tidleg.Utsikt frå kjøkenglasetVi gjekk oss ein tur til marka innanfor Kile, der vi sleppte laus hunden og kasta snøballar til han. Det var skikkeleg ufyseleg ute, med vind, ...

2020-04-12 19:18 Fjerde koronaveke, dag 7

I dag er det første påskedag, og vêret har vore relativt trasig, med hagl, snø og vind. Eg brukte derfor føremiddagen til å vaske huset, men eg gjekk etter kvart ut på ein tur etter vegane.Eg er framleis aleine i huset, men har snakka med begge døtrene i telefon og vore i familieselskap på nett. Mellom gjeremåla sit eg og kosar meg med lydbok medan eg ser på diverse nettsider og liknande.Dagane inneheld ikkje så mykje action, men slik stoda er, er det heilt ok. Eg har mange kjekke ting eg vil gjere, i tillegg til ein del ikkje fullt så kjekke ting som eg bør gjere. Trass i at livet kan verke e ...

2020-04-12 09:55 Fjerde koronaveke, dag 6

Påskeaftan 2020 brukte eg til å handle, lese og sjå litt tv. Litt husarbeid  og skulearbeid vart det òg, men lite å ta bilete av. Om ettermiddagen, då eg hadde tenkt å gå tur, pøsregna det. Om kvelden slutta regnet, men då gadd eg ikkje gå ut.Eg hadde grua litt for å fare til Eid og handle, men det gjekk veldig bra. Der var få bilar på parkeringsplassen og få menneske i butikken, og tilsette med vaskeutstyr gjekk rundt og vaska alle handtak. I tillegg hadde dei antibac og eingongshanskar ved inngangen, noko dei har hatt i snart ein månad. Eg bruker sjølvsagt begge delar, sidan eg oppfører meg ...

2020-04-10 18:32 Fjerde koronaveke, dag 5

I dag er det langfredag, men dagen har ikkje vore så lang. Eg gjekk meg derimot ein lang tur til Lisjedalen og inn langs vatnet, der det er svært forandra no når dei har hogd ut mykje av skogen på oppsida. På veg opp snakka eg med fire sambygdingar, og på heimveg møtte eg tre til. Det vart litt prating med alle, og turen vart dermed kjekkare og meir langvarig enn eg først hadde tenkt. Eg merka at det har blitt lite sosialt siste tida, sjølv om eg har mykje kontakt via pc og mobiltelefon.Vel heime har eg ete og sett meg i godstolen med lydboka mi, og så blir det kanskje tv litt seinare. Isolasj ...

2020-04-09 22:25 Fjerde koronaveke, dag 4

Etter å ha starta dagen med å lese ut den spennande boka eg har vore oppslukt av i dei siste dagane, erstatta eg turen i skogen med ein tur i hagen. Det var surt og kaldt med snøbyger, og eg tenkjer at eg heller vil gå fine turar og jobbe i hagen når det ikkje er så fint.FørEtter. Framleis nok å gjere.Dagens prosjekt var først å flytte vekk noko av materialen frå leikarhytta Minstemann reiv for eit par veker sidan. Den har blitt liggande under snø og var blitt veldig sleip og våt, men eg fekk vekk det grøvste. Kanskje ber eg vekk resten i morgon, og i tillegg haugane med greiner og småtre som ...

2020-04-09 15:08 Bok 21 2020: "I all evighet" av Ken Follett

Denne boka er opprinneleg på 1100 sider, og den er delt inn i fleire delar på Storytel. Eg vel likevel å telje den som ei bok, så ikkje nokon skal synast at eg juksar (noko eg kanskje gjorde med den førre bokserien).I denne boka er vi framleis i Kingsbridge, men det har gått om lag 200 år. Ein flokk born møtest i skogen utanfor byen for å prøveskyte med ein boge. Der vert dei vitne til eit dramatisk opptrinn, og fleire ting skjer som får følgjer for framtida deira. På grunn av årstala er det lett å gisse at Svartedauden kjem til å spele ei viktig rolle, og elles handlar boka om intriger i klos ...

2020-04-08 23:27 Fjerde koronaveke, dag 3

I dag tok eg meg ein heilt roleg dag med innesyslar som skulearbeid og lesing. Det regna skrekkeleg på føremiddagen, og eg greidde ikkje å opparbeide motivasjon til å gå ut. Eigentleg hadde eg planlagt å jobbe i hagen, men det freista absolutt ikkje. Kanskje det blir betre i morgon.

2020-04-07 17:22 Fjerde koronaveke, dag 2

Også i dag gjekk eg i Lisjedalen. Denne gongen var det ikkje noko snø på vegen, så det var lettare å gå. Eg skrudde òg opp tempoet litt, for å trene kondisjon. Skogsvegar er kjekkare og billegare enn tredemøller. På veg heim møtte eg ein hund som nyleg flytta til bygda. Den var skikkeleg skjønn, og det må vere kjekt for familien å ha ein kvelp å stelle med i koronatida.Eigentleg hadde eg tenkt å jobbe ute i hagen då eg kom heim, men det var sur og kald vind ute, og eg var litt frostig. Det vart derfor til at eg retta ein bunke i staden - det vil seie, eg retta ferdig ein bunke eg hadde begynt ...

2020-04-06 16:54 Fjerde koronaveke, dag 1

Sidan eg no er isolert med hunden, tenkte eg å bruke tida til å jobbe litt med kondisjon. Når ungane får velje turmål, vil dei helst gå der det er flatt. Det er sjølvsagt hyggeleg, fordi det er mogleg å prate og slappe av medan ein går, men det blir ikkje mykje kondisjonstrening på den måten. Etter at eg begynte å studere og kom inn i kommunestyret, gjekk eg opp 15 kilo på eitt år, og forma har vore dalande. No har eg høve til å gjere noko med dette.Etter ein roleg frukost gjekk eg derfor innover bygda og opp skogsvegen til Lisjedalen. Om sommaren går det an å køyre heilt opp, men no er der bo ...

2020-04-05 18:39 Tredje koronaveke, dag 7

I dag er det palmesøndag, og vi har hatt ein svært roleg dag. Nokre sov veldig lenge, og vi brukte dagen til å rydde og ordne litt, for ungane skulle reise til faren.Den gledelege meldinga om at Nevø 3 og sambuar fekk ein son tikka inn i løpet av dagen, og vi gledde oss over bilete som vart delte i familiegruppa på Facebook. Vi har lurt på om faren fekk vere med på fødselen, og det fekk han altså. Det blir nok ei stund til vi får sjå den unge familien "live", men det er ei viss trøyst i bilete òg. Verst er det sjølvsagt for dei aller næraste, som ikkje får halde vesleguten.Etter å ha køyrt ung ...

2020-04-04 21:09 Tredje koronaveke, dag 6

I dag var det ein nydeleg vinterdag med sol og nysnø. Gutane ville trene med rullebrett, men Veslejenta og eg gjekk tur med Charlie inn til hyttefeltet før Bjørneset.Vel heime brukte vi litt tid på å stelle hunden, og så begynte eg på middagen. I dag laga eg fløtegratinerte poteter, kjøt og grønsaker, og det tok si tid før den vart ferdig. Etter middag var det tid for tv-kveld med ulike realityseriar vi ser på. Det er hyggeleg å vere fleire ilag, og det fyller dagane med gjeremål. Snart blir eg her aleine, og då satsar eg på å trimme, lese og kanskje få gjort litt i huset. Eg plar seie eg aldr ...

2020-04-03 21:25 Tredje koronaveke, dag 5

Fredagen innebar ein halv dag undervisning for min del, klokka 12-15.00. Etter det gjekk Minstemann og eg ein tur med hunden. Storegut las filosofi, medan Veslejenta låg på sofaen med hovudverk. I dag var det ganske mykje snø i hagen, noko hunden likte betre enn vi andre.Til middag laga eg pizza, noko eg ikkje gjer så ofte, og så var det tid for Storeguts ex phil-eksamen. Han grua seg til den, for det var ein 45-minutts fleirvalseksamen med 30 spørsmål, og dermed ein del stress. Eg tilbaud meg å hjelpe, og det gjekk veldig bra.I kveldinga feirar vi eksamensresultat med is, kaffi og skulemusika ...

2020-04-02 20:11 Tredje koronaveke, dag 4

Eg starta dagen med jobb og møte, framleis utan å forlate stova. Etter kvart stod dei hine i husstanden opp, og det vart etter kvart utarbeidd ei handleliste som Veslejenta og eg tok med oss til butikken på Folkestad. Der venta òg eit par pakkar med diverse som ungane hadde bestilt - mellom anna eit rullebrett til Storegut. Veslejenta kjøpte seg eit rullebrett sjølv for eit par veker sidan.Utsikta mot Mek i dagLegg til bildetekstEtter vi kom heim, ville eg ut på tur. Gutane tok med seg rullebretta, trass i snøkave, så vi enda opp med at Veslejenta og eg gjekk med hunden inn til hyttefeltet nær ...

2020-04-01 23:33 Tredje koronaveke, dag 3

Sosial distansering? (Biletet er arrangert)I dag hadde eg undervisning om morgonen, deretter to møte etter lunsj. Det høyrest meir hektisk ut enn det føltest, sidan alt gjekk føre seg i same rom, framfor same PC. Mellom slaga fekk eg tid til å ordne og styre litt i heimen, så då Storegut og Veslejenta kom, kunne eg servere lasagne og salat. Eg var raus med kvitlauken, så vert det lettare å oppretthalde sosial distanse.Det var veldig kjekt å få heim dei to mellomste, og vi får berre krysse fingrane for at ingen av oss har drege smitte inn i heimen. Storegut har levd rimeleg isolert i Bartebyen, ...

2020-03-31 19:56 Tredje koronaveke, dag 2.

I dag hadde eg ikkje så mykje skulearbeid som skulle gjerast, og eg hadde store planar om å få gjort ein del anna. Dessverre lid eg av ein langt framskriden latskap for tida, så det vart ikkje så effektivt arbeidd som eg hadde håpa på.Då det vart klart at Storegut kjem heim i morgon, måtte eg ein tur på butikken. Vi har rikeleg mat, men med den bortkomne sonen i huset blir nok menyen litt annleis. Det er frykteleg skummelt å få nye folk inn i huset, men han skal sitte på med ein som han bur i kollektiv saman med, så vi får håpe det går bra.På butikken var der ikkje mykje folk, men vi som var d ...

2020-03-30 21:47 Bok 20 2020: "Stormenes tid. Del 6" av Ken Follett

Denne siste delen av den gedigne romanen, som oftast vert delt i to bøker i papirutgåve, er berre på 3 1/2 time, så det er kanskje juks å telje den med, men på Storytel er altså verket delt i seks lydbøker.Etter mykje drama og melodrama i dei tidlegare bøkene har det no gått nokre år. Det skjer enno dramatiske ting, men kampen mot det vonde vert avslutta og Jack får endeleg vite sanninga om faren sin.Etter å ha fullført serien er eg no klar for neste serie frå Kingsbridge. Historisk drama er ein favorittsjanger både i bøker og film, men eg rynkar fort på nasen når det blir for mykje melodrama, ...

2020-03-30 19:05 Tredje koronaveke, dag 1

I dag hadde både Minstemann og eg norsk og engelsk heile dagen, men med ulike opplegg. Mine elevar skulle blant anna jobbe med nokre oppgåver som skulle leverast inn, og eg sat parat til å svare på spørsmål på ulike plattformer. Det vart litt tid til lydbok òg, for noko av arbeidet var rutineprega òg.Minstemann og eg gjekk oss ein relativt lang tur i retning Bjørkedalen, og då stogga vi ved ei mark der Charlie fekk springe fritt i snøen.Vel heime att begynte Minstemann med eit nytt prosjekt; denne gongen ommøblerer og vaskar han rommet sitt. Sjølv laga eg middag og rydda litt. I dag vart det t ...

2020-03-30 11:18 Bok 19 2020: "Stormenes tid. Del 5" av Ken Follett

Klosteret og landsbyen Kingsbridge har hittil vore utsett for brann og overfall, i tillegg til ei kyrkje som rasar saman. I denne boka kjem det ein storm, som fører til tapte avlingar. Uåret fører til auka uro, og snart herjar bandar av fredlause i området. Våre heltar veit å utnytte situasjonen, og snart tek dei opp kampen mot dei onde personane vi kjenner frå før.Eg har lese denne boka på kort tid, og det er fordi forteljinga er spennande, om enn noko melodramatisk.

2020-03-29 18:30 Andre koronaveke, dag 7

Den store nedturen i dag var om lag 15 cm snø over det heile. Etter å ha stilt klokka fram ein time sist natt, kjendest det temmeleg unødvendig med vinter no - vi har tvert imot gledd oss over hestehov og krokus. Men vêret er det lite å gjere med, så det var berre å kle på seg og kome seg ut. Vi gjekk innover bygda, sidan der var relativt snøfritt på vegen, og vi gjekk inn til hyttene. I den tid eg brukte skritt-teljar var det 5000 skritt dit, så det er ein høveleg trimtur.Elles har vi det rimeleg roleg, og Minstemann og eg regjerer i kvar vår etasje. Oppe hos meg går det i skulearbeid og lesi ...

2020-03-29 12:23 Bok 18 2020: "Stormenes tid. Del 4" av Ken Follett

I starten av denne romanendelen er Tom borte, og sonen og stesonen er rivalar. Sonen ønskjer å bygge kyrkja på ein annan måte enn planlagt av Tom, noko som får katastrofale følgjer. Jack legg ut på reise og lærer nye teknikkar. Mykje skjer av dramatisk art både med hovudpersonane og kyrkjestaden, og denne delen er meir melodramatisk enn dei tidlegare - nesten for mykje av det gode.

2020-03-28 22:47 Andre koronaveke, dag 6

Mamma vart 80 år i dag, og ho ønskte seg ikkje besøk, så vi måtte finne andre måtar å markere dagen på.Like etter midnatt la ungane ut ei helsing dei hadde laga. Dei hadde sunge og spelt inn songen "Yesterday once more", som dei fleste kjenner med the Carpenters. Storegut laga til eit komp som han sende på datafil frå Trondheim, og Veslejenta og Minstemann sende attende filer med song og bassing herifrå. Storegut la på fleire instrument og miksa det heile saman, medan jentene tok seg av avfotografering og samling av foto og sette saman lyd og bilete. Eg synest sjølv det vart veldig fint og rør ...

2020-03-27 19:26 Andre koronaveke, dag 5

I dag hadde eg undervisning på føremiddag, men var tidleg ferdig. Vi laga defor tidleg middag, fiskesuppe, og så gjekk Minstemann og eg tur med hunden etterpå. Veslejenta har hatt vondt i ein fot nokre dagar, så ho vart ikkje med, men tok kjøkkenteneste i staden.Det var surt vêr og regn då skuledagen var slutt, så vi orkar ikkje å vere så mykje ute. Minstemann gjekk likevel ned på grendahuset og heldt fram med prosjekta sine der. Etter kvart vart det òg på tide å køyre Veslejenta på kaia, for ho ville ein tur til faren i kveld. Det er liksom ikkje like stor stas med helg når ein har vore heime ...

2020-03-27 00:00 Andre koronaveke, dag 4

Minstemann filmar til eit fagprosjekt han held på medVårteikn i vegkantenVårteikn i hagenI dag skulle eg ikkje ha undervisning, og eg var ferdig med rettearbeidet. Eg tenkte derfor å bruke dagen til andre syslar, men medan eg tenkte på kva, tikka det inn ein sms. Eg vart kalla inn til formannskapsmøte i dag. Då eg sjekka innkalling og sakliste, stod det at møtet skulle vere i Volda, noko eg grua meg litt for. Ei dame frå rådhuset ringde og lurte på om eg hadde fått meldinga, og då fekk eg vite at møtet skulle skje på nett. Dermed slapp eg å forlate bygda i dag òg. Sidan møtet skulle begynne kl ...

2020-03-26 18:21 Bok 17 2020: "Stormenes tid. Del 3" av Ken Follett

Dramaet held fram i denne boka. Jack og Alfred er snart vaksne, og kivinga mellom dei held fram. Tom byggjer katedral, vesle Jonathan veks opp i klosteret like ved. Den mishandla ungjenta har slått seg opp som ullforhandlar. Samtidig er det strid om kven som skal vere regent i landet, og krig og konflikt når og fram til Kingsbridge.

2020-03-25 19:57 Andre koronaveke, dag 3

I dag vart planane mine endra fleire gonger på grunn av uventa hendingar, det vil seie telefonar og nettmøte. I tillegg hadde eg nettundervisning og prøvde å få retta ferdig bunken eg fekk inn førre fredag mellom slaga. Ungane var opptekne med diverse prosjekt, og brått var det tid for middag, som i dag vart spagetti og bacon. Etter middag fekk eg arbeidsro nok til å ferdigstille stilbunken, men då var det blitt kveld og eg hadde gått glipp av nok ein yogatime. Minstemann hadde teke seg ein tur ned på grendahuset, der han driv med diverse musikkrelatert arbeid, og Veslejenta er i bloggande stu ...

2020-03-25 00:13 Andre koronaveke, dag 2

I dag hadde eg undervisning 8.15-15.00. Eg legg opp til sjølvstendig arbeid for elevane, så eg slepp heldigvis å undervise med kamera på. Det blir meir å svare på spørsmål, lese tekstar og forklare skriftleg på chat. I den første økta hadde vg1-elevane mine til dømes gruppearbeid om Australia. Dei leverte inn presentasjonar dei hadde laga i grupper, og så var planen at dei skulle framføre som grupper i klasserommet dersom det vart vanleg skule neste veke. No vert det heimeundervisning fram til påske, så då skal dei spele inn ein film av seg sjølve når dei held presentasjon individuelt. Power p ...

2020-03-24 18:49 Bok 16 2020: "Hadde jeg vinger" av Margaret Skjelbred

Denne boka er ei novellesamling, så eg har lese litt i den no og då, ikkje frå perm til perm. Novellene handlar om ulike menneske, men nokre går att frå den eine teksten til den andre. Ein får innblikk i eigentleg små kvardagsepisodar frå fleire menneskeliv, og alle har dei ein undertone av vemod, lengt og sakn. Fleire av dei handlar om kvinner i ulike fasar, her er religiøsitet og frigjering, oppvekst og intrigar som ein anar mellom linjene. Boka kan anbefalast!

2020-03-23 17:12 Andre koronaveke, dag 1

Gamla 27, Eldstejenta 2 - Jersey 1995Eldstejenta 27I dag er det bursdagen til Eldstejenta, og eg veit ho gjerne skulle ha feira den på ein kjekk og sosial måte. Planane måtte utsettast, og den nye planen var å gå i parken og feire med vener på avstand.Sjølv har eg sete med heimekontor mykje av dagen, då eg mellom anna har retta stilar. Etter kvart gjekk vi oss ein tur i vinden. Vi gjekk etter vegane, for Veslejenta hadde med seg skateboard på delar av turen.Dagens store høgdepunkt er middagen for tida, og i dag ville ungane ha vaflar. Problemet vårt er at vi ikkje orkar både vaflar og middag, ...

2020-03-23 08:22 Bok 15 2020: "Stormenes tid. Del 2" av Ken Follett

Tom ønskjer å sette opp ein vakker katedral, slik han lova kona før ho døde. Han treng òg fast arbeid og inntekt for å brødfø familien. Munken Philip ønskjer òg å sette opp katedralen i Kingsbridge, men onde krefter vil hindre dette. Ei ung jente og veslebroren hennar blir fordrivne frå heimen etter å ha blitt mishandla. Dei søkjer ly i det same området, og dei same onde kreftene er ute etter dei.Serien innfrir med ei god blanding av historiske fakta og passeleg stor dose melodrama. 

2020-03-22 22:29 Første koronaveke, dag 7

Dagen i dag begynte med ei roleg arbeidsøkt og litt romanlesing før ungane stod opp. Deretter spurte eg Minstemann om han ville gå tur eller jobbe i hagen, og han valde det siste. Han har rive ferdig leikarhytta, og i dag bar han vekk materialet til ein stad der det kunne dumpast. Min innsats var å sage greiner og små tre som har vakse opp i utmarka oppom huset. Planen min er å få rydda det området i løpet av sommaren, så kanskje finn eg ein måte å utnytte tomta betre på.Vel inne att laga eg middag, som i dag var ris, bernaisesaus, steikt lauk, grønsaker og pølser. Eg trur det vart restar i da ...

2020-03-21 18:12 Første koronaveke, dag 6

I dag sov ungane lenge. Det gjorde eg òg, men eg rakk å jobbe eit par timar før dei stod opp.. Då var det strålande sol ute, og vi køyrde til Bjørkedalen og parkerte ved forsamlingshuset like ved hovudvegen. Derifrå gjekk vi innover langs nordsida av dalen. Det er ein tur som eg før brukte å telje som 10000 skritt, så det er ikkje heilt kort, men vegen er flatt og vi stressa ikkje.Vel heime åt vi middag, som var restane av pastasalaten frå i går. Veslejenta fiksa scooteren sin og køyrde ein prøvetur då ho hadde fått start på den. No har ho ein lang samtale med systera i Oslo. Minstemann har ei ...

2020-03-20 22:54 Bok 14 2020: "Datteren" av Anne B Ragde

Det blir av og til vitsa med at Anne B Ragde skriv ei ny bok om Neshov-familien når ho blir blakk, for desse bøkene sel så godt. Sjølv må eg innrømme at eg synest "Berkunerpoplene" er ei fantastisk god bok, med interessant komposisjon og spennande innhald. Dei følgjande bøkene har hatt underhaldningsverdi, men ikkje den heilt store litterære verdien. Kort fortalt handlar også denne boka om korleis det går vidare med dei gjenlevande personane i familien. Kjekt medan ein les, men utan at historia vert sittande att på minnet særleg lenge, vil eg tru.

2020-03-20 22:40 Første koronaveke, dag 5

Dagen i dag vart nytta til litt spabehandling, i tillegg til heimekontor. Det er jammen bra elevane ikkje ser læraren sin når ho har på ansiktsmaske og hårkur og er iført pysj og morgonkåpe. Vi slit framleis litt med dei digitale plattformane, og nokre av elevane har ustadig nett, men eg synest vi har kome godt ut av den første veka med heimeskule. Neste veke blir kanskje meir krevjande, for no har elevane kome inn i ein tralt og begynt å kjede seg og bli rastlause. Kunsten er å gi dei passeleg mange og passeleg krevjande oppgåver.Heile familien (alle tre, altså) tok ein tur på butikken etter ...

2020-03-20 11:48 Bok 13 2020: "Stormenes tid. Del 1" av Ken Follett

Eigentleg hadde eg tenkt å begynne på ein annan serie av forfattaren, men så tenkte eg at eg har høve til å lese den første serien om Knightsbridge òg. Eg såg serien "Pillars of the Earth" for fleire år sidan, så noko av innhaldet er kjent, men det er likevel kjekt å lese.I det første bandet i serien møter vi mellon andre murarmeisteren Tom, som blir driven på vandring saman med familien for å skaffe seg arbeid. Vi møter òg fleire munkar, fredlause og diverse andre som skaper spenning og drama i boka. Handlinga er lagd til Storbritannia på 1100-talet, og forfattaren har gjort seg flid med å få ...

2020-03-19 19:07 Første koronaveke, dag 4

I dag starta eg dagen med heimekontor, men fleire digitale plattformar svikta slik at eg ikkje fekk gjort alt det eg hadde tenkt. Eg fekk hatt kontakt med ein del av elevane mine, men berre skriftleg hittil.Etter at skuledagen var over for Minstemann og meg, gjekk vi oss ein tur. Planen var å gå til Mjeltvika og inn til dei ruinane vi har sett på før, men vi enda opp med å gå heile den rasutsette stien/vegen til Kile, for deretter å returnere heim på hovudvegen. Der var lite trafikk, men nokre lastebilar passerer kvar gong det har kome ei ferje.Til middag laga eg i dag ei meksikansk tomatsuppe ...

2020-03-18 19:04 Første koronaveke, dag 3

I dag forsov eg meg nesten til første time, så det er greitt å undervise utan å bli sett eller høyrt (eg skriv like pent i morgonkåpe). Eg hadde ein halv dag med engelskundervisning, deretter retta eg stilar  og prata med Veslejenta medan Minstemann hadde matematikkprøve.Etter "skuletid" gjekk vi tur med hunden. Turen gjekk til Mjeltvika i regn og vind, og eg er framleis overtydd om at vi må ut og få mosjon og frisk luft for å halde ut og halde oss sjølve friske fysisk og psykisk.Til middag i dag mekka eg ihop ein pastasaus med diverse grønsaker i (eg har visst hamstra gulrøter utan å ville de ...

2020-03-17 17:52 Første koronaveke, dag 2.

Minstemann og eg var oppe før 8 for å leike skule på nett. Eg hadde eigentleg ingen timar, men eg har ein rettebunke som eg somlar fælt med. Det er dessutan mykje å sette seg inn i og følgje med i. Vi tok oss eit friminutt midt på dag og gjekk tur i regn og vind. Det var ufyseleg, men forfriskande òg. Veslejenta tok ein tur saman med ei venninne i bygda, så får vi håpe at begge er friske og ikkje smittar kvarandre.Vi løyvde brennsnut i går, så det vart lett å lage middag i dag. No står kvelden for tur - det blir mykje stillesitting og skjermtid, men vi har det eigentleg bra her. Det følest ber ...

2020-03-16 17:21 Første dag i første koronaveke: tur, brennsnut og ryddesjau

TreningssenterI dag starta dagen med heimekontor, der høgdepunktet var då eg som kontaktlærar hadde møte med elevane via datamaskin. Eg tenkjer mykje på dei, spesielt dei eg veit har helseutfordringar eller sjukdom i næraste familie. Nokre av dei er engstelege. No skal vi prøve å ha ein normal skulekvardag, i alle fall.Etter "skuletid2 gjekk vi oss ein tur etter vegane innover i retning Bjørkedalen. Det var strålande sol, men iskald vind, så det var ikkje fullt så fint som det såg ut då vi sat inne. Minstemann har elles vore oppteken med eit speleprosjekt på rommet sitt, og påstod han hadde ko ...

2020-03-15 15:15 Søndag i isolasjon

Eg lever frivillig i isolasjon på grunn av smittefare, og mykje tid vert brukt til å sette seg inn i nye datasystem og planlegge online-undervisning. Laurdag vart det ikkje nokon lang tur med hunden slik eg hadde tenkt, fordi eg vart sitjande mykje med jobbrelatert dataarbeid og nyhende på fjernsyn. Eg merka at det vart mykje stillesitjing og skjermtid, og at dette fort kan bli eit problem i den nye kvardagen. I dag prioriterte eg derfor først å lytte ferdig til ei lydbok, før eg gjekk meg ein lang tur med Charlie i regnvêret. Det gjorde veldig godt! Etterpå rydda og vaska eg litt, og no sit e ...

2020-03-15 13:37 Bok 12 2020: "Æresordet. Haakon og Maud V" av Tor Bomann-Larsen

I denne boka kjem vi fram til aprildagane 1940, og det er veldig interessant. Boka kan verte veldig detaljert til tider, men eg tenkjer det er viktig at Bomann-Larsen har gjort eit så grundig arbeid, slik at boka er så fullstendig som mogleg. Samtidig tenkjer eg at forfattaren let sine eigne tankar om einskildpersonar skine veldig mykje gjennom til tider, så nokre får passa sine påskrivne for framtida.

2020-03-14 17:41 It's Coronatime

Etter mange veker med nyhende om koronavirus, vart det brått teke affære i Noreg. Torsdag fekk vi melding om at skulen skulle stengast frå og med fredag, og det same skjedde over resten av landet. Alle barnehagar, skular, kinoar, rådhus og anna er stengde, alle konsertar avlyste, dei fleste møte er avlyste og frisørsalongar og anna er òg stengde. Det verkar nesten utruleg medan eg skriv dette, men slik er det altså no. Fredag møtte vi gruppevis på jobb for å diskutere korleis skulen skal organiserast framover, og same dag hadde den eine klassen min norsk innlevering heimanfrå. Eg tenkjer at i ...

2020-03-09 20:46 Bok 11 2020: "Krater" av Marlen Ferrer

Bo vaknar opp saman med ei kvinne han nyleg har møtt. Han gå ut for å kjøpe kaffi, og når han kjem attende har leiligheita hans blitt sprengd. Det viser seg at naboen i etasjen under er ansvarleg. Etter dette må Bo vandre rundt i Oslo, heimlaus, og han opplever og minnest ting som skjer og har skjedd i fortida, slik at vi dannar oss eit bilete av kva som har skjedd.Eg har nyleg undervist om nyare litteratur, der skittenrealisme er ein sjanger. Eg trur vi trygt kan plassere denne romanen innanfor denne sjangeren, for her er det menneske som fell utanfor det er snakk om, og deira vanar når det g ...

2020-03-08 21:31 8. mars 2020

I år var eg invitert til å vere med på ein slags paneldebatt på kvinnedagsmarkeringa, og dei siste par dagane har eg arbeidd med å skrive eit innlegg - først på data og deretter for hand, sidan eg ikkje har skrivar. Eg øvde gjennom eit par gonger for å sjekke at eg ikkje brukte meir enn dei tilmålte fem minutta, og eg var litt spent på korleis det heile ville gå.Feiringa begynte med tog frå Rådhuset i Volda til Geiranger bakeri, der det var ein heil del program før den delen eg skulle vere med i. Det viste seg at vi skulle sitje på litt høge krakkar medan vi snakka, og så skulle vi halde mikro ...

2020-03-08 14:16 Laurdagstur til Ørsta

Laurdag (7. mars) tok Veslejenta og eg oss ein tur til Ørsta, der vi mellom anna besøkte mormor/mor. Sidan vi hadde med Charlie, vart vi freista til å gå ein tur på det nye fonnvernet på Vallabøen - ein tur Mamma har skrive mykje om på sin blogg tidlegare, og som vi har hatt planar om å gå.Turen var fin, den, og utsikta fantastisk. Som betringsforslag til Ørsta kommune vil eg foreslå bossbøtter ved benkane, eller ved startpunkta til turen. I Volda har ein ved nokre turvegar montert stativ med hundeposar og dessutan sett ut nokre søppeldunkar, og det gjer det litt kjekkare å vere hundeeigar. Å ...

2020-03-08 14:06 Årsmøtetid

Denne tida på året er det høgsesong for årsmøte. I lokalpartiet måtte eg bidra med årsmelding for kommunestyregruppa, men på Utdanningsforbundet sitt årsmøte kunne eg lene meg attende og la andre legge fram dei ulike sakene. Eg vart attvald som vara for representanten for jobben min, og det er i grunnen passeleg engasjement for min del. Eg beheld ein fot innaanfor døra, men slepp å anstrenge meg. Sidan eg sit i tenesteutvalet for oppvekst og kultur, er det viktig for meg å følgje med i arbeidstakarsida på dei kommunale arbeidsplassane innanfor opplæring.

2020-03-08 13:56 Bok 10 2020: "Min historie" av Michelle Obama

Vanlegvis les eg ikkje så mange biografiar og sjølvbiografiar, men denne boka tenkte eg at eg kunne lese. Den var langt meir interessant enn eg hadde tenkt meg, for den tidlegare presidentfrua har hatt ein heilt annan oppvekst enn ein kunne tru, og ho har såleis stige i gradane ved å streve på skulen, kome inn på prestisjefylte universitet og bli oppbacka heimanfrå. Livet saman med politikaren Barack er òg interessant, og ikkje minst korleis ho brukte dei åtte åra i posisjon til å utrette viktige ting. Eg skulle sjølvsagt ønske ho hadde stilt som presidentkandidat...

2020-03-08 13:51 UKM 2020

Laurdag 29. februar deltok Migraine på UKM for andre gong. Det var 15 ulike sceneartistar i år, og svært høgt nivå. I år skulle den lokale juryen nominere kven dei meinte skulle gå vidare, men nokon på fylkesplan skal bestemme det endeleg når alle lokalmønstringane er over. Migraine var mellom dei tre nominerte frå Volda, så får vi sjå om det blir fylkesmønstring i år òg.

2020-03-08 13:28 Vinklubb februar 2020

Fredag 21. februar var det tid for vinklubb hod nabodama. Det finst førebels ingen bilete frå denne kvelden, men det var veldig kjekt, og vi fekk servert nydeleg pastasalat og vin.

2020-02-22 23:23 Bok 9 2020: "Makten. Haakon & Maud IV" av Tor Bomann-Larsen

Denne boka handlar mykje om revolusjonen i Russland og korleis Kong Haakon takla ei veksande arbeidarrørsle her i Noreg. Sluttkapittelet handlar om Hornsrudregjeringa i 1928, og då har ein konkludert med at kongen takla dei radikale tendensane på ein framifrå måte slik at ein unngjekk revolusjon i Noreg.

2020-02-20 21:38 Vinterferie 2020

Eit par dagar hadde eg alle ungane heime, men dei to eldste er no attende i storbyane dei bur i. Søndag kveld feira vi morsdag på etterskot og fastelavn på forskot, og ungane spelte brettspel medan mor baka. Elles har vi brukt dagane til rolege aktivitetar som turgåing, matlaging, kino, handel og tv, i tillegg til å besøke mor/mormor. No står det berre ein dag att av den ordinære ferieveka, og den skal både nytast og nyttast.Frå eit butikkvindu i Volda. Ei fin oppmoding!

2020-02-16 15:50 Bok 8 2020: " Vintertronen. Haakon & Maud III" av Tor Bomann-Larsen

I denne tredje boka om det norske kongeparet slit dei med å stadfeste posisjonen sin som regentar. Kva rolle skal dei ha, og kva makt kan dei utøve? Samtidig står kongemakta stadig svakare internasjonalt, og det går mot krig og konfliktar i Europa.

2020-02-14 19:48 Masteropplevinga

Etter fire og eit halvt år er eg no ferdig med masterstudiet mitt, noko eg sjølvsagt er både letta og glad for. Likevel kjenner eg eit visst behov for å legge fram noko av den frustrasjonen eg har kjent på den siste tida.Hausten 2015 begynte eg på masterstudiet i undervisning og læring, med fordjuping i norsk. Dei første fem semestra tok eg masteremne, og våren 2018 fekk eg godkjent forskingsplan og teorigrunnlag. Leveringsfrist for masteroppgåva var 1. juni 2019, og eg såg etter kvart at eg ikkje fekk ferdigstilt oppgåva innan denne datoen i tillegg til å jobbe 100%, og eg bestemte meg derfor ...

2020-02-14 19:38 Musikal 2020: "Askeladden.dotcom"

I år var det Minstemann sin tur, som sistemann i søskenflokken, til å vere med på skulemusikalen ved Volda vgs. Han deltok i koret i år, og det klarte han fint. Dei hine elevane var òg flinke, både til å synge, spele og danse, og i tillegg hadde mediaelevar og KDA-elevar delteke i dette enorme tverrfaglege prosjektet. Viss eg skal kritisere noko, er det at få av instrumentalistane fekk skine på scenen. At koret står synlege og deltek med rørsler og mimikk, er eit positivt innslag. Mange i salen er pårørande og set pris på å sjå elevane, og det er òg flott at dei får øve seg på skodespel. Det e ...

2020-02-08 14:41 Trøysteshopping

I skrivande stund er det laurdag, og det i ei veke som i utgangspunktet skulle vere avslappande, sidan fleire timar har gått ut, og eg hadde fri fredag.Måndagen enda eg opp med å ikkje undervise i det heile, men eg brukte dagen på jobb til å planlegge undervisninga framover. Om kvelden gjekk eg tur med hunden, og eg tenkte at livet går inn i ein ny og sprekare fase.Tysdag var eg kalla inn til formannskapsmøte klokka 13. Eg er første vara, så eg må nok rekne med å bli innkalla av og til, og denne gongen hadde eg fått varsel i god tid i førevegen, slik at eg hadde opplegg klart for elevane. Møte ...

2020-02-08 13:13 Bok 7 2020: "Folket. Haakon og Maud II" av Tor Bomann-Larsen

I denne boka følgjer vi hendingane fram til Haakon, Maud og vesle Olav reiser til Kristiania som kongefamilie. Det heile er svært omstendeleg og detaljert skildra, og mykje av det politiske bakteppet er i overkant komplisert, men det er sjølvsagt flott at forfattaren har vore så grundig. Sidan eg har lytta til boka delvis i feber, har eg kanskje ikkje fått med meg alt, men der er element eg har funne svært interessante. Spesielt er eg fascinert av rolla Fridtjof Nansen spelte i maktkampen. Eg har kjent til hovudtrekka i historia frå før, men no har eg fått meir kjøt på beina.

2020-02-02 12:55 Bok 6 2020: "Kongstanken. Haakon og Maud 1" av Tor Bomann-Larsen

På Storytel fann eg denne serien av Tor Bomann-Larsen, og eg har no høyrt ferdig den første boka. Kongeparet vert fødde og veks opp i løpet av denne boka, som mest av alt er eit portrett av ei spennande tid i nordisk historie. Ein får innsyn i fleire av dei kongelege familiane i tida, og Bjørnstjerne Bjørnson får òg mykje plass. Papirutgåvene har truleg mange bilete ein går glipp av i lydboka, men det er likevel verd å høyre på denne boka.

2020-02-02 12:50 Vinklubb januar 2020

Fredag var det min tur til å arrangere vinklubb. På menyen stod indisk mat, inspirert av yogatimane vi har hatt siste månaden. Eg laga tikka masala, mangochutney og raita, og kokte i tillegg ris og varma (litt for mykje) nanbrød. Maten smakte godt, trur eg. Vinane eg hadde fått anbefalt var ein kvit og to raude, alle produserte i California. Dei passa godt til maten, og vi hadde ein særs triveleg kveld. Vi var ti til bords, og eg løyvde om lag halvparten av maten, men lite av vinen.

2020-01-25 21:29 Bok 5 2020: "Elven" av Roar Ræstad

I den andre boka om Gabriel Navarseth finn politiet liket av ei ung kvinne i Nidelven, og i handa held ho eit tysk minnesmerke over deltaking i krigføring. Utover i boka vert broren mistenkt, og Gabriel får kontakt med ein tidlegare kjærast som er jødisk. Igjen vert historia litt komplisert, men likevel lettare å følgje med i enn den første boka. Det at behandlinga av norske jødar er med, aukar mi interesse for innhaldet.

2020-01-25 19:09 Oppdatering

Det går mest i arbeid for tida, i tillegg til nokre kveldsmøte og denslags. Eg har vore skikkeleg flink til å gå til og frå kaia både når eg skal på jobb og møte. per i dag har eg reist 16 gonger gratis til kommunesenteret, og det har eg spart mykje på. I tillegg trur eg at eg blir sprekare for kvar dag som går.I dag tok eg derimot med bilen over fjorden, for vi hadde ein heil del ærend, i tillegg til at vi ville besøke Mormora. Vi skulle mellom anna handle inn vin til vinklubben eg skal arrangere neste fredag, og så fekk eg endeleg kjøpt meg ei le creuset-gryte. Dette har eg har planar om len ...

2020-01-22 20:54 Bok 4 2020: "Sovende hunder" av Roar Ræstad

Denne boka er forfattaren sin debutroman, og mykje i den kunne ha vore betre. Kriminalgåta får litt lite fokus i høve til andre forhold, og eg fekk ikkje heilt taket på det heile - noko som kan skuldast manglande konsentrasjon òg, berre for å ha sagt det. Det mest spennande i romanen etter mitt syn, er miljøet og hovudpersonen. Handlinga er lagd til Trondheim under okkupasjonen, og etterforskaren Gabriel Navarseth arbeider i politiet. Han har tidlegare vore medlem i NS, men er no meir negativ til både partiet og tyskarane han omgir seg med. Ein død person er i sentrum for kriminalgåta, men her ...

2020-01-12 09:56 Bok 3 2020: "Morder-Anders og hans venner (samt en og annen uvenn)" av Jonas Jonasson

Jonasson er ein artig forfattar som skriv heilsprø bøker. I denne boka dreg ein tidlegare prest og ein resepsjonist på eit hotell nytte av ein noko einfaldig mordar so brått får stor sans for bibelen og blir pastor. Boka er ikkje heilt utan brodd mot samfunnet, men den er mest morosam.

2020-01-12 09:48 Kommunesamanslåingsfest

Laurdag 11. januar var det duka for konsert i Propellhallen i Volda, der artistar frå heile kommunen deltok. Det vert i avisene skrive at det var 600-800 personar til stades, og konserten varte i godt og vel tre timar. Minstemann og Veslejenta stod på scenen saman med fleire sambygdingar med eit utdrag av Bygdles-framsyninga, som representantar for Folkestadsida. Gamla stilte som brannvakt saman med mange andre frå kommunestyret.Det vart ein flott og variert konsert, sjølv om ein nok må seie det vart meir fele enn rock, og at gjennomsnittsalderen på deltakarane var noko høg.

2020-01-10 15:50 Starten på året/tiåret

Som de ser av førre innlegg, har eg vore oppteken av og med ferjesituasjonen siste veka, og det har vore mykje vind, regn og hagl som har forverra situasjonen. Likevel har både eg og smartklokka mi registrert auka grad av fysisk aktivitet. Dessverre har ikkje hunden fått den same auken, men litt ekstra har det blitt på han òg. I tillegg har eg vore på min første yogatime denne veka, noko eg er spent på korleis det kjem til å bli. Ei av naboane har starta opp kurs på det lokale grendahuset, og då vart det for dumt å sitje heime medan dei andre trena. Eg er skeptisk til om det er noko for meg, m ...

2020-01-10 14:27 Ferjeprat

Den store snakkisen i området her for tida er det nye ferjetilbodet. Saka har fleire sider, og det mest negative er at rutetidene er endra. Sjølv om vi ikkje har fått den nye el-ferja, er rutetidene no lagde opp slik at ein har berekna lading ved kai. I staden for å få to ferjer i timen det meste av dagen, er rutene no slik at det går minst 40 minutt mellom kvar avgang. Dette fører sjølvsagt til mykje frustrasjon blant pendlarar som får forlenga opphaldet på "hi" sida med relativt mykje. Med tanke på at venterommet på Voldasida er ein container og at der ikkje finst venterom på Folkestad, seie ...

2020-01-10 10:23 Bok 2 2020: "Tenk enkelt - få mer av det som betyr mest" av Carina Carl

Eg er skeptisk til mange ting, mellom anna populærpsykologiske bøker. Likevel tenkte eg at det passa å lese ei slik bok ved starten av eit nytt år/tiår. Den inneheldt lite "nytt", men det var ei påminning om å bruke mindre tid på sosiale media, gjere ting ein likar, velje kva som er viktig for ein og så bortetter. Noko ironisk vart det at eg høyrde mykje av boka medan eg låg våken natta før første arbeidsdag, då eitt av tipsa i boka var å legge seg tidleg, stå opp tidleg og meditere før arbeidstid. Boka provoserte meg òg ved å legge vekt på kva som kjennest rett for den einskilde framfor plikt ...

2020-01-05 14:12 Bok 1 2020: "Diktaren i bombeflyet" av Gudmund Skjeldal

Den første boka eg har lese ferdig i dette året/tiåret er ein biografi om Nordahl Grieg. Det er om lag der eg er i litteraturhistorieundervisninga på vg3 no, så fagleg oppdatering var kanskje den viktigaste drivkrafta, men det er òg interessant av andre grunnar å kjenne meir til både krigshistorie, litteraturhistorie og den menneskelege historia. Ein kan lure på kva som dreiv ein mann til å oppsøke stadig nye og farlege situasjonar, og boka gir nokre moglege forklaringar på dette. Det måtte gå gale til slutt, slik som han heldt på, tenkjer no eg, men dikta hans står att som viktige tekstar med ...

2019-12-31 16:17 Bok 72 2019: "I morgen var jeg alltid en løve" av Arnhild Lauveng

Forfattaren les sjølv denne lydboka, som er forteljinga om hennar liv som psykiatrisk pasient. Ho skildrar korleis sjukdomen oppstod, korleis den utarta seg, kva behandling ho fekk og korleis ho etter kvart vart frisk og utdanna seg til psykolog. Boka er verkeleg interessant, ikkje minst som ei påminning om at bak kvar pasient finst eit verkeleg menneske.

2019-12-29 19:34 Siste dag med gjengen for i år

Dagen i dag starta særs dovent. Eg vart sittande med lydbok fram til ungane stod opp, deretter prøvde vi å rydde nokre restar ut av kjøleskapet medan vi såg litt tv og slappa av. Ute regna det forferdeleg, og det vart ikkje lyst i løpet av dagen.Etter at ungane reiste, sette eg meg til med ein rettebunke. Etter å ha teke heilt fri frå skulearbeidet i ei veke, var det litt hardt å begynne på att. Eg hadde to bunkar att liggande på vent, men no har eg kome langt med den eine. Planen er å kome attende til jobb utan å ha rettearbeid att, og det bør gå bra viss berre arbeidsmoralen held seg oppe.Hu ...

2019-12-28 19:59 Romjul 2019

Når julaftan var ferdigfeira, vart det seint på natt før ungane hadde spelt frå seg brettspel og kortspel. Første juledag vart dermed noko kort, men vi rakk å gå ein tur før vi varma opp restar frå julemiddagen. Det hadde allereie begynt å mørkne att då vi gjekk ut. Eg laga ei kake, elles vart det lite gjort utanom å ete, slappe av, spele spel og sjå litt serie.Andre juledag var vi i Ørsta i familieselskap, slik tradisjonen har vore i min familie.Tredje juledag var dei to mellomste attende på jobb, og Eldstejenta reiste til Oslo att. Ho og eg gjekk oss ein tur før middag, etter å ha køyrt Mins ...

2019-12-28 10:21 Bok 71 2019: "Resignasjon og portvin" av Jan Jakob Tønseth

I den siste boka i trilogien har Hilmar Iversen blitt middelaldrande, med villa i Fredrikstad og jobb i ein bokhandel, der han mellom anna sorterer konfetti. Iversen spekulerer på om livet hans har noko særleg tyding, men samtidig er han lukkeleg gift og har eit visst sosialt liv. Boka er ein god refleksjon over emnet resignasjon, og serien har fortalt ei god historie om nokon som trudde livet skulle bli noko stort og historisk viktig, men som endar opp med eit høgst trivielt liv og finn ei slags glede i det.

2019-12-28 10:16 Bok 70 2019: "Et vennskap" av Jan Jakob Tønseth

I den andre boka i trilogien om Hilmar Iversen har han kome attende til Oslo, der han opplever mykje drama innanfor kommunistpartiet. Sjølv blir han utestengd på grunn av eit ørlite og utilsikta underslag av vekslepengar. Boka er ganske underhaldande, og den tek eit visst oppgjer med kommunistpartiet og gravalvoret i dei krinsane etter andre verdskrig.

2019-12-28 10:13 Bok 69 2019: "Hilmar Iversens ensomhet" av Jan Jakob Tønseth

I denne første boka av trilogien om Hilmar Iversen møter vi han som ung og idealistisk kommunist som reiser til Spania for å delta i den spanske borgarkrigen. Iversen er ikkje blant dei største heltane, men han overlever opplevingane og fortel om dei på ein ærleg måte, verkar det som. Det seiest at Tønseth var inspirert av forteljinga om sin eigen onkel, som fall i borgarkrigen, då han skreiv denne boka. Eg valde å lese romanen mest fordi eg har lese lite om den nemnde borgarkrigen og ville lære meir.

2019-12-25 00:01 24. desember: Julaftan 2019

Julaftan 2019 vart feira på tradisjonelt vis. Vi hadde sein frukost med mykje godt pålegg, varm sjokolade med marshmallows, kaffi og anna. Deretter gjorde alle seg klare til å gå i kyrkja, samtidig som nokre gjorde klar middagen. Ein liten fotoshoot vart det òg tid til før vi gjekk bort til kyrkja.Gudstenesta var som vanleg hyggeleg og stemningsfull både i ord og musikk, og vi trefte mange kjende både før og etter kyrkjetid.Vel heime heldt eg fram med middagskokinga, medan ungane øvde inn ein julesong, slik tradisjonen vår er. Etter kvart filma eg dei og la ut med tittelen "Medan potetene koka ...

2019-12-23 22:51 23. desember: vesle julaftan 2019

Kjøpt på Island i sommarEldstejenta og eg tok oss ein siste handlerunde i Volda før vi reiste til Ørsta for å utveksle gåver med Mormora. I Volda var det nydeleg vêr og relativt roleg stemning, og eg fekk supplert dei siste pakkane til å legge under treet. Etter å ha besøkt Mormora handla vi igjen i Volda, etter først å ha sett på peparkakelandsbyen som står utstilt på Spinneriet. Denne gongen supplerte vi matutvalet, og no er vi vi i mål med denslags, trur vi.Vel heime kokte eg julegraut medan ungane pynta juletreet. Vi hadde deretter tradisjonell markering av vesle julaftan med risengrynsgra ...

2019-12-22 18:14 22. desember: fjerde søndag i advent

Dagen gjekk med til å rette ferdig bunken med fordjupingsemne - det vil seie eg retta dei ikkje, men skreiv vurderingar på eigne dokument, som eg deretter lasta opp der dei hadde levert svara sine. Ikkje eit ark vart skrive ut denne gongen, men arbeida er skrivne, evaluerte og gjevne attende via læringsplattforma.Etter utført arbeid heiv eg meg rundt og shina huset før ungane kom. I fjor feira dei jul saman med faren, men i år har dei kome for å feire jul, og dei fleste av dei blir heime ei veke.

2019-12-21 23:23 21. desember: innspurt til jul

I dag fann eg ut at eg skulle handle på nærbutikken, så sparte eg meg minst ein time med kaos (det vart utsett til veslejulaftan). Sidan eg skulle på butikk, rydda eg med meg store mengder tomflasker/boksar som låg på lagring i buda, der eg trengde å frigjere plass. Etter handlerunden tok eg meg på tak og pakka inn ein del styr eg hadde liggande. Eg er ikkje særleg flink til å pakke inn, men det er no litt hyggeleg dersom ein høyrer på lydbok samtidig. Eg fekk òg kopla opp nokre utelys som låg på vent, rydda litt, rota litt meir og retta nokre fordjupingsemne. Dersom eg set meg til litt i morg ...

2019-12-21 23:18 Bok 68 2019: "De som dreper drømmer sover ikke" av Jan Guillou

Eric er framleis radikal, og han er framleis forelska i Gertrude, som bur i Hamburg saman med sonen og sin homofile ektemann. Ho lever i eit samfunn der det kan vere farleg å vere venstrevridd, ikkje minst på grunn av Bader-Meinhof-gruppa, som utvikla seg til å bli ein berykta terrororganisasjon. I Sverige er det heller ikkje trygt å vere venstrevridd, og Eric er rik, men lever også i kollektiv.Dette var den åttande boka i serien, og den slutta i 1975. Eg reknar med det kjem ei bok til, viss hundreåret skal dekkast. Bøkene er gode og underhaldande, men det ergrar meg at forfattaren har gjort s ...

2019-12-21 15:46 Bok 67 2019: "1968" av Jan Guillou

Dette er den sjuande boka i serien om Lauritzen-familien, og handlinga er lagd til fleire land i Europa som var sentrum for radikale hendingar i 1968. Også i denne boka er Eric hovudperson, men vi er no attende i tredjepersons forteljar. Eric er nyutdanna jurist og får jobb som advokatfullmektig, og på 60-talet får han mellom anna i oppdrag å følgje ei rettssak mot eit firma som har anbefalt farleg medisin til gravide. Medisinen vart anbefalt mot svangerskapskvalme, og mange born fekk misdanningar. Dette er ei sak eg har høyrt om før. Eric møter ei kvinne og reiser til Praha saman med henne, o ...

2019-12-21 15:40 Bok 66 2019: "Ekte amerikanske jeans" av Jan Guillou

I denne boka følgjer vi Eg-forteljaren Eric, barnebarn av den mellomste broren Lauritzen, som i 1968 set seg føre å skrive historia om sin eigen oppvekst på 1950-talet. Eric veks opp med ein valdeleg stefar og ei mor som slit for å få endane til å møtast. 50-talet er òg tida for det svenske omgrepet "folkhemmet", men mora til Eric er merkeleg høgrevridd og avskyr alt som minner om sosialdemokrati. Erics oppvekst er òg prega av påverknad frå USA, og draumen er eit par ekte amerikanske jeans.

2019-12-21 14:14 20. desember: siste skuledag

På jobb har vi mange juletradisjonar. Vi plar tilbringe den første timen saman med kontaktelevane på klasserommet, der vi mellom anna spelar "rektors kahoot". Deretter møtest heile skulen i Voldahallen, der vi høyrer på talar, deler ut premiar og ser på eit danseinnslag frå førsteklassen i musikk, før vi går rundt juletreet. I år skulle Minstemann delta i eit utdrag frå musikalen "Cats", noko han ikkje var heilt blid for, men som han greidde med glans. Etter juletregangen kan dei som vil gå ned til kyrkja, der det er frivilleg skulegudsteneste for elevar og lærarar ved vår skule og opplæringss ...

2019-12-21 14:06 19. desember: siste møte i det gamle kommunestyret

Etter jobb denne dagen var det tid for det siste møtet i det gamle kommunestyret, som også er det siste kommunestyret i den gamle kommunen. Frå nyttår av er to bygder lagde til, så kommunevalet i haust gjaldt for ein kommune som talde om lag 1500 fleire innbyggarar.Det var ingen vanskelege saker på saklista denne dagen, men derimot to gledelege utdelingar av prisar til eldsjeler og innovatørar. Spesielt gledeleg syntest eg det var at Folkestad skule vart heidra med pris for innovasjon.Etterpå var det duka for korpskonsert og avslutningsmiddag på turisthotellet. Det vart nokre talar òg, og mang ...

2019-12-21 14:03 18. desember: rettekveld 3

Jauda, det går framover, men med musesteg. Eg greidde tre.

2019-12-17 20:11 17. desember: rettekveld 2

Også i dag vart det til at eg sette meg til med rettebunken, men no har eg avslutta klokka 21 for ikkje å bli altfor gåen i hovudet i morgon. Det tek på å jobbe om kveldane når ein har hatt ein vanleg dag på jobb (8-15) og skal på jobb att neste dag. Trøysta er at bunken minkar dag for dag - eg greidde tre i kveld òg. Målet var to for dag, så eg ligg godt an.Det er kjekt å ha vg3-undervisning i norsk, men dei fordjupingsemna er svært tidkrevjande både for elevar og lærarar. I framtidas læreplan skal ein ha meir djupnelæring, men ikkje i denne forma, som har gått noko ut på dato. Eg synest like ...

2019-12-17 20:06 16. desember: rettekveld

Etter jobb tok eg meg ei handlerunde i kommunesenteret, som eg har oppmoda mange andre òg til å gjere. Eg måtte òg ein snartur til nabokommunen for å kjøpe noko som ikkje finst i Volda. Julegåvene skal vere nokolunde i orden no, men får eg høve til det, handlar eg truleg litt ekstra. Snart må eg handle inn matvarer òg, det gruar eg meg meir til.Om kvelden vart det å sette seg føre med fordjupingsemne. Eg greidde tre på tre timar - dei er på om lag 3500 ord kvar og skal skrivast vurderingar til. Det hadde vore fint å bli ferdig med ein av bunkane før jul, men eg fekk inn to heildagsprøvebunkar ...

2019-12-15 14:50 15. desember: tredje søndag i advent

Søndag hadde vi ein roleg morgon, før vi gjekk oss ein tur i Mjeltvika alle saman. Også o år greidde eg å få heim Storegut til tredje søndag i advent, slik at vi får halde traisjonen i hevd.

2019-12-15 00:03 14. desember: konsert med Adam Douglas i Fosnavåg

Laurdag henta vi med oss Mormora og reiste til Fosnavåg, der det var konsert med Adam Douglas. Eg kjøpte billettane tidleg i haust, for dette ville vi ikkje gå glipp av. Konserten var veldig fin på mange måtar, og julestemninga kom sigande på. Douglas hadde med seg eit fantastisk band, i tillegg til eit lite gospelkor, og repertoaret var både variert og stemningsfullt. I tillegg var Douglas morosam og kjekk å høyre på.Storegut køyrde Mormora i bilen hennar, for bilen min er for liten for seks personar. Vegane var berre, så det var ingen problem med føre eller noko anna på turen, men det vart n ...

2019-12-14 23:52 13. desember: familien samla

Fredag var det to heildagsprøver på jobb, men etterpå vart det tid for julas første høgdepunkt: å hente i hus store born. Først henta eg Eldstejenta på flyplassen, og vi tok oss ein tur til Mormora på besøk før vi for heim. Etter ei stund fekk eg òg henta Storegut, som reiste heim midt i eksamensskrivinga.Ingenting er så flott som å sjå gjengen sin samla, det er den største gåva ei mor kan få. Huset vart ikkje berre fullt av folk, men også fullt av lysar som musikk, song, roping og herjing. Det vart putekrig i sofaen og jamming i kjellaren, og Storegut tilbragte natta med vidare skriving på ei ...

2019-12-13 12:07 12. desember: budsjettmøte

Torsdag starta kommunestyremøtet klokka 10, og eg hadde eit håp om å nå julekonserten til musikklinja klokka 19. Det gjekk derimot ikkje slik, for møtet varte til klokka var 20.15. Då hadde vi diskutert mange viktige saker, funne kompromiss og både tapt og vunne litt alle saman.Kontaktlærarsaka gjekk gjennom, men barnehageoppkjøpet vart omformulert og budsjettert med helvta av det som stod i utgangspunktet. Det resterande beløpet vart ikkje trekt ut av budsjettet som mindre lån, men flytta over til svømmehall-posten. Det er mykje lobbyverksemd på gang, og eg fryktar vi kan gå på ein smell ders ...

2019-12-13 12:03 11. desember: møte i SU på Folkestad skule

Måndagen vart eg vald inn i samarbeidsutvala i skulen og barnehagen på Folkestad, og allereie onsdagen var det møte på skulen. Det var kjekt å kome attende dit, og kjekt å vere der som noko anna enn mor. Det var dessutan eit kjapt og greitt møte, så vi fekk tid til å ordne litt meir til jul då eg kom heim. Det vart òg tid til litt tv og prat med Veslejenta, og det er no veldig kjekt med slik kvalitetstid midt i julestria.

2019-12-13 12:00 10. desember: røyrlegging

Tysdag morgon forsov eg meg litt, og då eg skulle i dusjen, virka den ikkje. Litt av ein start på dagen! Eg rakk å stikke innom ein røyrleggarbutikk i ein fritime, og ut på ettermiddagen kom det ein snill og hjelpsam røyrleggar på besøk. Reparasjonen gjekk veldig kjapt, men det er ikkje dermed sjølvsagt at nokon har høve til å ta turen. Service er veldig kjekt, og det vart etter kvart ein noko roleg kveld.Planen er å pusse opp bada litt om senn, men det vart sjølvsagt behov for akutt hjelp. Det var blandebatteriet som var gåent, og mannen på røyrleggarforretninga sa eg kan bruke om att det nye ...

2019-12-13 11:55 9. desember: møte i TOK og gruppemøte

Måndag er ofte møtedag, og denne måndagen var det først eit ekstramøte i Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK), og det slutta ti minutt før gruppemøtet tok til. Det var mykje budsjettsnakk på begge møta, og det var mange ting ein skulle ta omsyn til. Viktigast for meg i høve til budsjettet var å sikre at ein held fast på som prinsipp at det skal vere to kontaktlærarar i klasser med meir enn 20 elevar. Det var òg mykje tale om kommunal overtaking av ein privat barnehage som helst vil selje bygget sitt. Slik kan kommunen sikre seg ein relativt ny barnehage med ferdig opparbeidd uteområde t ...

2019-12-08 21:04 8. desember: andre søndag i advent

Søndagen kom med meir rydding og ordning på programmet. Huset var ferdig vaska ein time før eg skulle hente ungane, og det vart akkurat tid nok til å sprette fordjupingsemnebunken. Eg har ikkje orka å rette denne helga, då juleførebuingane i heimen hastar mykje meir.Etter at eg hadde henta ungane, kosa vi oss med gamle videoar, litt tv og ein heil del prat og godsaker. Det vert tidsnok stress.

2019-12-08 20:40 7. desember: pakke, pakke, pakke, pakke

I år har eg hatt som mål å handle det meste av julegåver i Volda, i staden for å reise vekk eller handle på nettet. Særleg det siste er noko eg synest er lettvint og greitt i førjulstida, men i år har eg altså bestemt meg for å støtte lokale butikkar så langt det går. Nokre få turar til andre sentrum vert gjorde unntaksvis, og då tenkjer eg at eg støttar dei lokale butikkane der.Eg har handla ein del allereie, og laurdag begynte eg å pakke inn det som skal sendast av garde. Det vart til at eg pakka så lenge eg hadde papir, og så vart det rydding og sortering, ommøblering og ordning. Planar ska ...

2019-12-07 19:24 6. desember: vinklubb

Ei av vindamene kalla inn til vinklubb denne første fredagen i desember, og kveldens tema var avslapping. Det passa godt på mange måtar, og vi fekk ein særs triveleg kveld, ikkje minst fordi vi hadde eit nytt medlem i klubben, ei tjekkisk dame som nyleg har flytta til bygda. Ho har vore danselærar for fleire av jentene i bygda, så mange av oss har kjent henne i fleire år.

2019-12-07 19:21 Bok 65 2019: "Blå stjerne" av Jan Guillou

Denne romanen handlar om same tidsepoke som den førre, men vi følgjer her døtrene til Lauritz. Dei er på ulikt vis involverte i motstandsrørsla, der dei opplever mykje dramatikk. Mot slutten av boka vert det ein del repetisjon av det som skjedde mot slutten av førre roman, og begge endar i 1945, når det vert fred.

2019-12-07 19:18 Bok 64 2019: "Ikke ville se" av Jan Guillou

Familien Lauritzen vert råka av den andre verdskrigen. Dei har røter både i Noreg og Tyskland, men oppheld seg for det meste i Sverige i denne romanen. Vi følgjer for det meste eldstebroren Lauritz, som innleier eit forhold til ei kvinne og opplever mykje drama både i eige liv og i familien. Eldstesonen Harald vert SS-offiser, kona Ingeborg vert sjuk og døtrene opplever òg mykje dramatikk. Romanen er vel verd å lese.

2019-12-06 18:47 5. desember: rettebunke

Torsdagen måtte eg ta meg på tak og rette ein heil del, sidan eg hadde hatt tre kveldar med tett program. Det er høgsesong for rettebunkar, og eg kom nesten i hamn med heildagsprøvene frå førre fredag. Det hender at eg ønskjer meg ein annan jobb.

2019-12-06 18:46 4. desember: juleavslutning i Hornindal

Onsdag var det juletapas på menyen då Arbeidarpartigruppa skulle ha juleavslutning på Grodås. Vi var 14 til bords og hadde ei triveleg stund med god mat og mykje diskusjon. Sjølv om vi var einige om partiprogrammet då det kom i trykken, er vi ikkje fullt så samstemde no når vi må til å gjere prioriteringar på grunn av økonomien.Eg likar ikkje å køyre Geislida når det er vêrskifte, så det vart ein lang tur over Stigedalen begge vegar. Neste dag vart vegen i Geislida stengd på grunn av steinras, så eg var ikkje redd utan grunn.

2019-12-06 18:42 3. desember: Folkemøte

Tysdag var det folkemøte om kommunebudsjettet for neste år. Salen var full, og tonen sakleg, vil eg påstå. Alle dei frammøtte fekk ein del å tenkje på, både politikarane og folk elles. Det er spesielt nybygga som er planlagde og oppkjøp av ein privat barnehage som er sakene folk er opptekne av.

2019-12-02 21:29 2. desember: juleavslutning med Utdanningsforbundet

I Volda har Utdanningsforbundet ein tradisjon der siste styremøtet før jul vert avslutta med juletallerken på hotellet. Til middagen vert også vara inviterte, og dermed vart det skikkeleg middag på meg i kveld, men ikkje noko møte.Ein kan lure på kva poenget med å møtast slik kan vere, men mi erfaring er at ein får meir innsyn i kvarandre sin kvardag i slike uformelle samanhengar. Etter at eg kom inn i Tenesteutvalet for oppvekst og kultur, synest eg det er ekstra viktig å høyre dei tillitsvalde sine synspunkt og erfaringar når det gjeld saker som opningstider, prisar, feriestenging og liknand ...

2019-12-02 09:31 Bok 63 2019: "Mellom rødt og svart" av Jan Guillou

Etter første verdskrig endar brørne Lauritz og Oscar opp i Stockholm. Lauritz fordi sonen vart mobba i Bergen, og Oscar fordi han som del av den tapande part i krigen i Afrika fekk konfiskert all eigedom der. Sverre har mist kjærasten sin i krigen, og buset seg i Berlin. Heile Europa trur at det no vert ein periode med fred i Europa, men etter kvart hardnar det til med nye politiske strøymingar. Dette vert sjølvsagt tema i familiane, og vi får dermed innblikk i hendingar frå ulike ståstadar.Som meir enn middels interessert i framvoksteren av nazismen var dette sjølvsagt ei svært interessant bo ...

2019-12-01 20:33 Første søndag i advent

Minstemann tenner første lysetI år vart det ein travel start på desember. Det meste av dagen var eg på grendahuset, der det var julemesse. 14 utstillarar tok del, og vi hadde i tillegg kafé og utlodding. Arrangementet var ganske vellukka - det var i alle fall konklusjonen til styret.I løpet av dagen måtte eg òg køyre ungane til Folkestad, for korpset der skulle òg ha julegrantenning. Den begynte såpass seint at eg fekk med meg mykje av dette arrangementet òg.I kveldinga vart det tid til litt stilretting - det er tida for denslags adventskos i lærarheimar.

2019-11-30 10:37 Jubileum på Kaihuset

Tysdag kveld var det 20-årsjubileum på Kaihuset i Ørsta - eit ungdomshus som mange bygder kan misunne dei. Migraine har ein av øvingskveldane sine der, og dei var inviterte til å spele på jubileet både aleine og saman med Egil Olsen. Det vart ei kjekk stund, med talar i tillegg til musikkinnslaga.

2019-11-30 10:33 Levert

Tysdag tok eg sjansen og leverte oppgåva mi, etter først å ha fått hjelp av eit par kollegaer til å ordne sidetala ein siste gong. Kjensla er ikkje god, for det er ganske spesielt å levere ei masteroppgåve utan å ha fårr rettleiing det siste halvåret. Kanskje har eg gjort noko ubegripeleg dumt  som eg ikkje har sett, kanskje er nivået for lavt, kanskje har eg vore meir fokusert på eiga forsking enn på teori - mange tankar går gjennom hovudet, men eg visste med meg sjølv at eg ikkje orka å vente eit halvt år til. Eg føler meg veldig ferdig.

2019-11-30 10:29 Demonstrasjon mot kutt i skulesektoren i fylket

Den siste tida har det vore ei trasig stemning på jobb. Fleire kutt truar skulen vår, og samla sett vil dei mest kreative linjene som kunst, design og arkitektur og musikklinja bli svært skadelidande.Måndag aksjonerte vi derfor, som så mange andre i fylket. Alle organisasjonane på skulen stod samla i denne aksjonen.Dagen etter vart det klart at eit fleirtal på fylkestinget står saman i ei innstilling som skal stoppe dei fleste kuttforslaga. Vi er forsiktig optimistiske.

2019-11-24 19:52 Minstemann 16 år

Etter å ha lege strak ut med forkjøling det meste av helga, stod eg i dag opp for å bake kake til ungane kom. Minstemann fyller nemleg 16 år i dag, ein månad før jul. Det er dermed slutt på å kjøpe barnebillettar på ferja, og på tide å skaffe seg ungdomskort.Då eg spurte han om kva kake han helst ville ha på bursdagen, ville han helst ha klissete sjokoladekake. Eg visste kva for ei han meinte, sjølv om det var fleire år sidan eg fann oppskrifta på nett. Her på bloggen søkte eg på "kjapp og klissete sjokoladekake".Minstemann har funne seg godt til rette på skulen no, og det er ingen tvil om at ...

2019-11-24 19:21 Bok 62 2019: "Dandy" av Jan Guillou

Den andre boka i serien handlar mest om den yngste broren Sverre, som rømde til England saman med sin mannlege kjærast. Der blir han del av eit kunstnarmiljø, med fleire kjende namn, og han lever eit greitt liv til verdskrigen endrar mentaliteten til folk rundt dei når det gjeld homofili.Serien skal truleg plassere fiktive karakterar saman med ekte menneske og i faktiske hendingar, noko eg har sett blitt gjort i diverse filmar og tv-seriar med varierande hell. Så langt fungerer det heilt fint, og eg har likt denne boka svært godt. Den er dessutan ei viktig påminning om korleis homofile er blit ...

2019-11-24 19:14 Bok 61 2019: "Brobyggerne" av Jan Guillou

Sidan heile serien om 1900-talet no ligg på Storytel, tok eg meg tid til å lese dei to første bøkene i serien om att. I denne første boka møter vi tre brør som har mist faren sin i ei ulukke, og som vert sende til Bergen for å gå i lære. Der viser det seg at dei har uvanleg gode evner, og dei blir påkosta utdanning av ein veldedigheitsorganisasjon. Til gjengjeld skal dei etter endt eksamen arbeide med brubygging på Bergensbanen, men ikkje alt går etter planen.Det var veldig kjekt å lese denne boka om att, og eg fekk - som sist - lyst til å ta toget til Finse og gå Rallarvegen til Flåm.

2019-11-16 18:08 Bygdles

Denne helga er det ei storhending på Folkestad. Bygdefolk frå Folkestad, Straumshamn, Kile og Bjørkedal har, i tillegg til innleigde krefter frå Volda vore opptekne med konsertteaterstykket "Bygdlesfeber" i lengre tid, og denne helga er det to utselde framsyningar. Veslejenta deltek som vokalist på i alt fem nummer, og Minstemann speler slagverk gjennom heile stykket.Eg såg framsyninga fredag kveld og vart mektig imponert, underhalden og lattermild. Det var rett og slett fantastisk kjekt!

2019-11-16 11:22 Kaldt og effektivt

Medan ungane har vore opptekne med øving og denslags, har Gamla sprengretta stilar for å rydde tid til sluttføring av masteroppgåva. Fredag hadde vi fri frå jobb og skule alle tre, og eg tok meg tid til å gå ein tur med hunden i finevêret på eit kritisk stadium i skrivinga. Haldninga til oppgåva vekslar mellom å synest den er elendig og til å tenkje at dei umogleg kan stryke meg. Sidan eg ikkje får rettleiing, får eg ikkje vite noko om oppgåva før den er vurdert, og då er det for seint. Dette har vore mildt sagt spesielt, men eg har bestemt meg for ikkje å la meg trakke på.

2019-11-08 20:47 Folkevaltopplæring

Denne veka har eg vore to dagar på folkevaltopplæring i Loen. Det vart to lange og innhaldsrike dagar med mange presentasjonar og gruppearbeid som skulle gjere oss betre budde til å delta som folkevalde. I tillegg fekk vi god tid til å bli kjende med kvarandre utanom kommunestyresalen, og det er òg verdifullt.På Alexandra pynta dei til julebordsesongen, noko som gjekk føre seg stille og diskret. For kvar pause hadde det kome fram fleire nissar, og i spisesalen var den fine, kvite utstillinga på plass.

2019-11-08 19:22 Bok 60 2019: "Den andre kvinnen" av Therese Bohman

Ei ung jente ønskjer å bli forfattar, men arbeider i staden i ei kantine medan ho drøymer om eit anna liv. Der vert ho interessert i ein eldre mann, og dei innleiier eit forhold. Boka er langt meir spesiell og interessant enn tittelen og min korte handlingsintroduksjon tilseier.

2019-11-08 19:19 Bok 59 2019: "Kongens råd" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne boka går vi òg attende i tid, då nokon vart torturert til døde på grunn av mistanke om spionasje. I notida vert ein ambassadør drepen, og Kyrre Kaupang får oppdraget med å oppklare drapet.

2019-11-08 19:15 Bok 58 2019: "Hauges direktiv" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne andre boka i serien om Kyrre Kaupang jobbar etterforskaren for Stiftelsen, og han får i oppdrag å forhindre ei rekkje drap på personar som er trua på grunn av hendingar tidlegare i historia.Kommentaren min elles er som for den førre boka i serien: underhaldande, men forvirrande.

2019-11-08 19:12 Bok 57 2019: "Gerhardsens testamente" av Ørjan Nordhus Karlsson

I denne kriminalromanen møter vi kjende norske arbeidarpartipolitikarar frå fortida som utfører lyssky handlingar, ikkje minst i organisasjonen Stiftelsen. Kyrre Kaupang er ein tidlegare kriposetterforskar som slit med migrene og angst, og han viklar seg inn i eit nettverk det kan bli vanskeleg å kome seg ut av.Boka er underhaldande, men eg synest det er forvirrande år faktiske personar opptrer i romanar på denne måten.

2019-10-29 19:44 Bok 56 2019: "Håndbok i husstell for leiemordere" av Hallgrimur Helgason

Tittelen på denne boka var såpass sær at eg vart nysgjerrig, og eg tenkte det kunne vere noko Paasilinna-liknande i denne boka. Det var dessutan kjekt å finne ei bok med handlinga delvis lagd til Island.Hovudpersonen er ein leigemordar som ved eit uhell hamnar på Island. Leigemordaren er eigentleg ein kroat busett i USA, og hans møte med sagaøya vert artig fordi han ser landet utanfrå og kommenterer på ein humoristisk måte. Han skildrar til dømes blokkene utanfor Reykjavik som noko som minner om kommunisttida, noko eg kan seie meg einig i. I tillegg har han eit fælt kvinnesyn, som òg er noko u ...

2019-10-29 19:33 Basarsøndag

Denne helga var det basar på grendahuset, og det vart både baking og øving før basaren tok til Migraune stilte med basarrock, som takk for at dei får øve gratis på grendahuset kvar veke. Bygdefolket møtte opp for å prate, kjøpe årer og ete kake, og basaren vart såleis ein såpass stor økonomisk suksess at vi fekk eit godt bidrag til å drive grendahuset vidare.

2019-10-25 18:14 Bok 55 2019: "Sapiens - en kort historie om menneskeheten" av Yuval Noah Harari

Denne boka er ei framstilling av menneska si historie, som tittelen seier, men i tillegg til historiske fakta vert det filosofert over tema som lukke og religion, mellom anna. Mot slutten tek forfattaren dessutan opp moglege framtidsutsikter for menneska som art, og problematiserer då ein del etiske dilemma i forskinga. Eg syntest denne boka var veldig interessant, og eg sit att med mange tankar etter å ha lese ferdig. Det er ikkje lett underhaldning, men av og til er det spennande å lære noko òg.Boka ligg på Storytel.

2019-10-25 10:38 Konstituering av kommunestyret

Torsdag vart ein dramatisk og spennande dag politisk sett. Planar vart lagde og endra heilt i siste liten, men ordføraren vart vald og resultatet vart som eg stemde. Det var òg ein del spenning knytt til kjønnsbalanse i utvala, men eg kom heldigvis med i det utvalet eg ønskte; tenesteutvalet for oppvekst og kultur. Det er der mine interesser ligg best fundert, og det er der eg har størst kompetanse. Eg var utruleg letta etter at møtet var over, og takksam for alt arbeidet som har vore lagt ned for at resultatet vart som det vart. No står det att å sjå om alle innfrir dei forventningane som lig ...

2019-10-20 13:38 Laurdagstur til Ørsta og Volda: Øyralangs

Minstemann har fått seg frakk - ein liknande den faren hadde på 80-taletVeslejentaLaurdag føremiddag var Minstemann ein tur til Furene for å spele saman med korpset. Sjølv har eg arbeidshelg, så eg vart sittande att heime med ein stilbunke som eg spretta allereie fredag kveld. Om ettermiddagen hadde vi eit ønske om å oppleve arrangementet "Øyralangs" i Volda. Vi stakk først innom Mormora i Ørsta på snarvisitt, og så fekk vi med oss Bladfyken opp til stadion. Derifrå gjekk vi til Årneset, der arrangementet starta.Kort fortalt er Øyralangs ein tur på turvegen frå Årneset til sentrum (den mange a ...

2019-10-20 13:27 Foredrag med Simen Almås

Guten som sette fyr på seg sjølv, dansa i Norske Talenter og overlevde massakren på Utøya har no blitt 25 år og foredragshaldar. Torsdag arrangerte Utdanningsforbundet i Volda eit medlemsmøte der Simen fortalde om kva han hadde vore gjennom, og korleis han kom seg vidare i livet etter dei traumatiserande opplevingane.Noko av det han sa kunne verke klisjéprega, men eg plar seie at noko blir klisjéar av ein grunn. Det gir dessutan orda meir vekt når ein har vore gjennom så grusomme hendingar som han har.Ein kveld til ettertanke!

2019-10-13 17:35 Laurdagstur til Måløy, Refvik og Eid

Laurdag skulle vi handle inn litt mat, og vi hadde òg lyst å gå på restaurant og køyre ein tur. Dermed køyrde vi til Måløy og ut til Kannesteinen, før vi køyrde til Refviksanden. Det var herleg å kome ut til havet, der himmelen er stor og lyset og lufta noko heilt spesielt.På heimveg stoppa vi på Eid for å handle, og deretter vart det sushi på kinarestauranten. Eg lurer alltid på om eg fornærmar kinesarane ved å bestille japansk mat, men den sushien deira er berre fantastisk god.

2019-10-13 17:27 Haustferie 2019

Haustferieveka vart for det meste tilbragt heime. Her har eg sysla med reparasjonar, retta nokre bunkar, rydda litt og skrive pittelitt på oppgåva mi. Litt besøk vart det òg høve til, og eg har hatt bilen til og frå verkstad. Godt med alt som er gjort! Turane i løpet av veka vart mest i nærmiljøet, men det er òg ein av dei finaste stadane ein kan gå tur.

2019-10-11 20:03 Bok 54 2019: "Nattevandreren" av Aurstad og Westberg

Denne bka har òg handling som er lagd til Kristiania rundt år 1900. i denne perioden var det populært med spiritisme, noko som òg er brukt som element i boka. Eit medium snakkar om eit lik under en seanse, og det blir utgangspunktet for ei spennande kriminalsak som òg gir innblikk i andre samfunnsområde, til dømes barneheimar og fengsel.God underhaldning som ligg på Storytel.

2019-10-10 11:29 Bok 53 2019: "Blodpenger" av Aurstad og Westberg

Kriminalhistoria i denne romanen er mest interessant fordi handlinga er lagt til Kristiania like før år 1900. Etter å ha lese Saabye Christensen sine romanar om Oslo etter andre verdskrig, var det spesielt interessant å reise enda lenger attende i tid i den same byen.Ein mann vert funnen død, forgifta med stryknin. Dette er ei sjaldan dødsårsak, og det tek tid å finne løysinga på mordgåta. På vegen dit får ein møte både prostituerte, gangsterar og overklasserepresentantar, og ein blir kjend med dei som vert etterforskarar i ein serie bøker der denne er den første.Boka er god underhaldning, ikk ...

2019-10-07 12:52 Bok 52 2019: "Jeg tenker nok du skjønner det sjøl. Historien om Christoffer" av Jon Gangdal

Christoffersaka fekk mykje medieomtale i si tid, og denne boka er såleis gamalt nytt. Den er likevel eit viktig dokument når det gjeld å skjøne mekanismane rundt overgrepssaker. Guten fekk diagnosen ADHD, og vart såleis tungt medisinert og var innom mange faginstansar som i ettertid fekk mykje kritikk for ikkje å ha sett, ikkje ha forstått og ikkje ha varsla. Forfattaren har hatt særleg mykje kontakt med mormora til guten, noko som pregar framstillinga, men hendingane er uansett om dei er subjektive eigna som skrekk og åtvaring for alle oss som arbeider med born og unge. Boka ligg på Storytel.

2019-10-06 20:26 Bok 51 2019: "De som ikke finnes" av Simon Stranger

I denne tredje boka om Emilie dukkar plutseleg Samuel frå den første boka opp att. Han har reist gjennom Europa og opplevd mykje vondt og vanskeleg, og no oppsøkjer han Emilie fo å få hjelp av henne. Samuel lever som ulovleg innvandrar, og det er eit hardt liv. Emilie har ein betinga dom frå førre bok hengande over seg, og ho må derfor vere varsam med kva ho gjer av ulovlege handlingar.Dette er ei dyster, men viktig bok om menneske på flukt.

2019-10-06 16:11 Haustferie

Søndagen før ferieveka gjekk vi oss ein tur i Mjeltvika i nydeleg haustsol att. Det er verkeleg vakkert her!

2019-10-01 20:23 Bok 50 2019: "Verdensredderne" av Simon Stranger

I denne boka vert Emilie, som vi møtte i den første boka i serien, kjend med nokre ungdomar som vil få folk til å sjå urettferd i verda når det gjeld barnearbeid, til dømes. Parallelt blir det fortalt om ei jente i Bangladesh som lever av å sy klede. Boka kastar dermed lys på nokre slike saker på ein noko elegant måte, sjølv om historiene ikkje er heilt truverdige gjennom heile bøkene. Spesielt ikkje relasjonane mellom gutar og jenter. Kan hende fungerer boka derfor best for unge ungdomar.

2019-09-30 20:11 Bok 49 2019: "Byens spor. Skyggeboken" av Lars Saabye Christensen

I denne tredje boka i trilogien kjem forfattaren mykje meir til syne enn i dei førre bøkene. Livet hans vert fletta saman med handlinga i boka, og tidlegare romanfigurar kjem òg med. På mange måtar stadfestar han heile forfattarskapen sin med denne trilogien, fordi bøkene gir gjenklang av tidlegare verk. Ved å skrive inn forfattaren hoppar han òg elegant inn i og ut av illusjonen. Denne boka var verkeleg fantastisk god, synest eg, då den både er ei realistisk tidsskildring og har ein så spennande komposisjon. Historia bak referata frå Røde Kors-møta vert òg avslørt.Dette er ei "løp og les"-bok ...

2019-09-28 21:40 Bok 48 2019: "Barsakh" av Simon Stranger

Eigentleg leita eg etter ei anna bok av forfattaren på Storytel, men så fann eg denne ungdomsbokserien i staden. I og med at eg er norsklærar for ungdomar, synest eg det er viktig å oppdatere seg om kva som finst av god ungdomslitteratur, så eg gav boka ein sjanse.Emilie er på ferie saman med familien sin på Gran Canaria. Der får ho auge på ein båt, som viser seg å vere full av flyktningar. Møtet mellom desse vert kontrastfylt og gripande. Emilie kjem frå ein velsituert familie, men har ei form for eteforstyrring. Flyktningane har risikert mykje for å kome til Europa, og fleire av medpassasjer ...

2019-09-28 17:28 Bjørnasethornet (739 moh)

I dag måtte eg først ein tur til tettbygde strok for å bunkre mat, så då vart det mest praktisk å gå tur på eit fjell i nærleiken etterpå. Valet fall dermed på Bjørnasethornet, og det vart ein nydeleg tur med vinstille og singlet-temperatur.

2019-09-27 14:32 Fri-fredag med tur i Mjeltevika

Vi har ei ordning på jobb der vi har fagdag på fredagar, noko som betyr at ein anten har seks timar undervisning, eller så har ein fri. I dag har eg hatt fri, og då var planen eigentleg å gå på ein fjelltur. Eg kjende at eg eigentleg ikkje hadde lyst til å gå anna enn ein rusletur i lavlandet, så då blei det Mjeltevika. Eg går lite der i sommarhalvåret, sidan der er mykje flått i marka, men i dag tok eg altså sjansen. Det er ein mild og fin haustdag, med litt sol og mest skyer, og då er det fantastisk fint å bu midt i ei naturperle.

2019-09-27 11:55 Bok 47 2019: "Byens spor. Maj" av Lars Saabye Christensen

Denne boka er del 2 av trilogien, og her følgjer vi dei fleste personane frå første boka vidare. Maj og familien hennar er mest sentral, og no har Maj begynt å jobbe med reklame. Mykje minner om serien "Mad Men", berre at handlinga her går føre seg i Oslo rundt 1960. Maj er enke, men prøver å la livet gå vidare. Det er ikkje enkelt, spesielt fordi Røde Kors-engasjementet fører med seg mykje sosial kontroll. Romanen er kronologisk og enkel i forma, men nokre få gonger dukkar forfattaren sjølv opp med små kommentarar som viser til forfattarskapen elles. Dette gjer boka litt underfundig, sjølv om ...

2019-09-22 20:48 Bok 46 2019: "Byens spor" av Lars Saabye Christensen

Klok av skade har eg denne gongen venta med å lese til heile serien er ferdig skriven, sjølv om eg har hatt veldig lyst.I første band av trilogien "Byens spor" er vi i Oslo like etter krigen. Vi møter ein ung familie på Fagerborg og menneska rundt dei. Boka vekslar mellom å fortelje om desse personane og å referere frå møte i Røde Kors. Boka gir såleis eit grundig innsyn i korleis det var å leve i etterkrigstidas Oslo, og det er både ei god forteljing, interessante personar og ei forteljarstemme med både humor og empati. Kim Haugen les på ein fantastisk god måte, så dette var ein litterær fest ...

2019-09-22 15:26 Søndagstur på postvegen

I dag fekk Veslejenta bestemme turmål, og då vart det den gamle postvegen over Brekka. Det var lenge sidan sist eg var der, så det var veldig kjekt - bortsett frå at der var ein del bilar og sauesankarar som øydela noko av turgleda vår.

2019-09-21 23:24 Lopralaurdag med shopping og besøk

Laurdag var ein nydeleg, varm haustdag. Gamla hadde ein stilbunke på vent, men vi enda opp med å ta oss ein tur til tettbygde strok. Veslejenta måtte mellom anna fylle ei kanne med bensin, noko dei var utselde for på Folkestad, og vi mangla både det eine og det andre.Det vart til at vi handla litt både av det eine og hitt, og så stakk vi oppom Mamma/Mormor på kaffibesøk. Der fekk Veslejenta lagt til appen "Storytel" på mormoras nye smarttelefon, så får vi sjå om ho får like stor glede av det som eg.Vel heime vart det for det meste nachos og tv resten av kvelden. Veka har vore travel for oss al ...

2019-09-21 23:03 Vinklubb september

Slik såg eg ut rett før eg gjekk til vinklubbTemaet for haustens første ordinære vinklubb var haustens nye vinar, og vi fekk servert både amerikansk, italiensk og fransk vin som alle smakte godt - spesielt saman med maten. Denne gongen fekk vi servert eit gourmetmåltid beståande av reinsdyrkjøt i litt utradisjonelle samanhengar, mellom anna wraps med moltesalsa og tyttebærrømme. Fantastisk godt var alt saman, og vi var åtte damer med mykje på hjartet denne kvelden. Mellom anna diskuterte vi jubileumsturen vi planlegg til neste år.Det var ein mild og fin kveld/natt, så det gjorde godt å rusle t ...

2019-09-17 19:08 Bok 45 2019: "Krittmannen" av C. J. Tudor

I denne boka møter vi Ed, som vert heimsøkt av si eiga fortid. Attende i 1986 dreiv han og kompisane på med å teikne med krit, og det skjer fryktelege ting i deira næraste omgjevnader. I notida får Ed eit brev der det ligg krit i konvolutten. Kva er meininga med dette gufset frå fortida? Var ikkje mysteriet løyst den gongen?Denne boka er ganske spennande, men òg litt innvikla. Forteljestemma er veldig artig, då han fortel på ein lett og humoristisk måte om både oppveksten og notida. Noko av mysteriet gissa eg meg til ganske tidleg, men der var òg nokre vendingar som overraska. Alt i alt ei god ...

2019-09-15 15:58 Styggevêrsaktivitet

Bladfyken har kjøpt seg ny bil, ei stasjonsvogn, og dermed såg eg mitt snitt til å få kjøpt inn bokhyller  til det eine soverommet i kjellaren. I sommar fekk eg levert om lag tjue kasser med diverse bøker, album og permar, og det meste vile eg sjølvsagt ta vare på. Planen var å tapetsere ein vegg på dette soverommet før eg sette opp hyllene, men no får det stå sin prøve. Storegut skal ligge på dette rommet, og han er visst ikkje så nøye interiøret.I tillegg til at det tok ein del tid og krefter å montere hyllene, var det mykje arbeid med å sortere og sette på plass bøkene. Dette prosjektet er ...

2019-09-12 20:06 Bok 44 2019: "Syrinpikene" av Martha Hall Kelly

Eg vart tipsa om denne boka i ei facebookgruppe då eg skreiv om "Himmlers Valkyrjer". Tidlegare har eg sett tittelen og omslaget og tenkt at dette var ei sentimental og klisjéfylt bok, så eg har late den ligge, men boka er ikkje på langt nær så ille som ein kan forvente.Kort sagt følgjer ein tre kvinner gjennom krigen og etterkrigsåra. Ei er ei rik amerikansk kvinne som driv med veldedigheit, ei er tysk lege og ei er med i den polske motstandsrørsla. To av dei er i Ravensbrück, og ein får høyre om ting som faktisk hende der, om enn oppdikta i denne boka.Eg synest det meste av krigsstoff er int ...

2019-09-12 18:51 Val 2019 og livet generelt

Valet og valresultatet har prega livet mitt dei siste dagane, samtidig med heilt andre gjeremål. På valdagen måndag vart eg nøydd til å skunde meg heim frå jobb, for det kom ein bil frå Bring med det nye kjøleskapet og frysaren min. Dei henta òg med seg dei gamle, defekte kvitevarene. Etter leveransen måtte eg attende til Folkestad skule for å stemme. Om kvelden var det valvake, og resultatet var like dårleg som forventa for vår del, men blokka vi er med i greidde så vidt å halde på eit fleirtal, dersom ein vart einige. Eg kom ikkje heim før klokka var over 2 om natta, og då visste eg ikkje om ...

2019-09-07 22:34 Voldadagen 2019 og musikk i sentrum

I dag var det siste laurdag før valet, og vi var mange på stand for dei ulike partia. Sidan det vart arrangert "Voldadagen", med mange utstillingar i Propellhallen, kom også dei politiske partia dit. Der var mange innom og snakka med oss, og stemninga var god både mellom veljarar og politikarar og mellom dei ulike partia. Vi avslutta med å ønskje kvarandre godt val, og mange av oss tok kvarandre i handa òg. Det er mykje god kultur og folkeskikk i det politiske miljøet.Etter at vi hadde pakka saman, tok eg turen til Furene, der eg såg litt i butikkar før eg henta Veslejenta på jobb. Saman for v ...

2019-09-06 12:26 Vekas ekstrautfordring

Dagens interiørtips?Tysdag morgon oppdaga eg at maten i kjøleskapet ikkje var kald. Då eg sjekka fryseskapdelen, var maten der ikkje berre litt tina, men gjennomtina og litt lunka. Det var tydelegvis ikkje berre ei skapdør som hadde stått på gløtt, men eit verkeleg problem. Etter jobb og møte vart det derfor ein tur til Elkjøp, der Veslejenta jobbar, der eg kjøpte eit stort kjøleskap utan frysedel og ein fryseboks. Den vi har er gåen, men han står i ei kjellarbud i påvente av å bli henta. No når eg bestilte nye varer, bestilte eg òg henting av dei gamle. Det er ei god løysing for folk med små ...

2019-09-06 08:51 Bok 43 2019: "Himmlers valkyrjer" av Eirik Gripp Bay

Denne boka er ei omarbeiding av forfattarens masteroppgåve om norske kvinners innsats for Nazi-Tyskland. Forfattaren tek eit oppgjer med den etablerte "sanninga" om at desse kvinnene var unge, naive og berre ville gjere gode gjerningar. Han viser mellom anna til at mykje av historieforteljinga etter krigen var basert på nokre få kjelder som fortalde sin versjon av kva dei hadde opplevd. Gjennom å studere brev, dagbøker og å vise til kva som gjekk føre seg der kvinnene arbeidde, viser forfattaren at mange av frontsystrene var anti-semittar, og at dei levde eit liv med festing og flørting ved si ...

2019-09-01 21:04 Bok 42 2019: "Guden" av Jørgen Jæger

Dette er den førebels siste boka av Jæger som ligg ute som lydbok på Storytel, men han har gitt ut ei til i papir, så det går vel ikkje så lenge før den kjem på lydbok den òg. Eg las nyleg at han er den mest høyrde forfattaren på Storytel, så han blir nok prioritert.I denne romanen blir minibankar rana, folk skotne og nokon er speleavhengige. Det finst sjølvsagt ei forklaring på det meste. Også denne gongen forstod eg med det same kven hovudskurken var, men det gjorde ikkje så mykje. Når ein les krim, er det rein underhaldning, lite anna.

2019-09-01 18:44 Oppsummert veke

I desse valkamp- og skulestarttider går det i eitt. Når ein i tillegg får forkjøling og heite dagar, vert det ikkje mykje tid til anna enn det heilt nødvendigaste. Likevel fekk eg skvisa inn eit triveleg cafébesøk med ei venninne på måndag, og det var veldig hyggeleg!Valkampaktivitetar som levering av brosjyrer i postkasser og standsaksjon vart det denne veka òg, men i dag (søndag) hadde vi i tillegg ein aksjon der vi inviterte til tur rundt Rotevatnet, der vi ønskjer å få turveg heilt rundt. Etterpå tok eg med roserestane og besøkte mamma, før eg henta Minstemann med meg heim.Ørstas trivelega ...

2019-08-26 19:09 Bok 41 2019: "Fortielsen" av Jørgen Jæger

I førre bok begynte Cecilie å irritere seg over at kjærasten hadde så mange løyndomar. I denne boka får ho vite at han har teke livet av seg, men då ho får sjå liket, vert ho svært overraska. Kva har skjedd, og kvifor? Samtidig får vi høyre historier om ei ung kvinne som blir prostituert og ein mann som arbeider meir eller mindre som slave. Kven står bak? Spørsmåla er mange, og Ole og Cecilie arbeider på sidelinja, då politiet i Drammen gjer ein slett jobb.Eg likte denne boka svært godt, og er eigentleg litt lei for at der berre er ei bok til i serien.

2019-08-25 20:26 Valkamp på søndag

Søndag fekk eg med meg born og hund på tur på Bjørkedalen, der vi la brosjyrar i postkassene. Vi køyrde til nokre av husa, men gjekk langs vatnet, slik at vi fekk oss litt trim òg.

2019-08-25 20:24 Valkamp på laurdag

Laurdag stilte eg først på stand på Grodås, i det som enno er Hornindal kommune. Der var det dansegalla denne helga og ein god del folk, og dei fleste eg snakka med ville stemme på sine lokale kandidatar - uavhengig av parti. Etter ei stund reiste eg til Volda og deltok på standsaksjon der. Det blir mykje prat med andre politikarar slike dagar, men det er interessant og meiningsfullt det òg - sjølv om målet sjølvsagt er å vinne fleire veljarar.

2019-08-19 22:09 Første skuledag

I dag begynte Minstemann på vidaregåande, på musikklinja, og eg fekk ta imot 28 splitter nye førsteklassingar på ST. Vi hadde begge ein hektisk og spennande dag, men han var litt meir kledd og frisert enn meg.

2019-08-18 17:45 Tur på programmet

I dag begynte eg distribusjonen av partiprogram i heimbygda saman med Charlie. Det kan fort ta nokre dagar til fots, men det var ein miljøvenleg og hyggeleg måte å drive valkamp på.

2019-08-18 12:45 Valkamp 2019

Etter ei lang planleggingsveke, med fem heile dagar på jobb, var det laurdag tid for ny standsaksjon i Volda sentrum. Som vanleg vart det mykje tid til å snakke med andre politikarar i eige og andre parti, men det vart òg gode diskusjonar med folk som kom forbi. Det er viktig for alle å nytte slike høve til å bli kjende med kvarandre, anten ein skal vere folkevald eller veljar, og begge partar har godt av å lytte til kvarandre.Dei viktigaste sakene som vart diskuterte, var turveg, kulturhus og kommuneøkonomi.

2019-08-18 12:40 Bok 40 2019: "Monster" av Jørgen Jæger

Ei høggravid kvinne lever på landet saman med mannen og dottera. Det viser seg at dei har ny identitet, etter å ha vunne fram i sam mot den valdelege eksmannen. Ein dag er dottera tydeleg prega av å ha blitt skræmd, om mannen i huset forsvinn. Er det mogleg at eksmannen har kome ut av fengsel utan at dei har fått vite det, og at han no har klart å oppspore dei? Samtidig slit etterforskaren Cecilie med at sambuaren har løyndomar for henne, og ho begynner å tvile på heile forholdet. Lensmann Ole Vik er framleis under restitusjon etter hendingar i førre bok.Eg likte denne boka veldig godt, sjølv ...

2019-08-12 20:38 Bok 39 2019: "Ridderkorset" av Jørgen Jæger

Ein treåring og ei ung kvinne vert funne døde. Kjærasten til Cecilie driv vektarselskap, og vert rana i det han skal fylle på pengar i ein minibank. Kollegaen vert drepen under ranet. Nokon i nærmiljøet er svært høgreekstreme. Finst det ein samanheng? Og kva rolle spelar Jens Stoltenberg i boka? Denne boka var ganske spennande, sjølv om eg gissa kven dei skuldige var ved introduksjon også denne gongen.

2019-08-12 20:34 Låvefest for vinklubben

Laurdag 10. august var det tid for den årlege låvefesten hos ei av vindamene. Ho serverte, tradisjonen tru, nydeleg fiskesuppe, og elles hadde vi med vin og denslags sjølv. Vi hadde ein svært triveleg kveld, og Gamla gløymde å ta bilete. Irriterande, men sant.

2019-08-08 13:28 Bok 38 2019: "Stemmen" av Jørgen Jæger

Helten i krimserien vert påkøyrd og vert liggande i koma i starten av boka, så i denne romanen er det kollegaen Cecilie som får mest merksemd. Mannen som valdtok henne i ei tidlegare bok kjem attende på jobb, og ho reiser til eit anna politidistrikt. Der vert ho angripen, og det skjer mykje på kort tid. Sentral er også "Stemmen", som er kodenamnet på ein gjerningsmann.Denne boka var veldig spennande ei stund, men eg syntest den flata ut litt mot slutten.

2019-08-03 21:02 Laurdag 3. august

I dag tok eg først turen til Hornindal, der eg deltok på politisk stand på dei lokale kulturdagane. Det var nydeleg sol og god stemning der, og det vart nokre interessante diskusjonar undervegs.Eg hadde frykteleg lyst på sushi i dagVi var nesten aleine i lokalet i kveldEtter kvart avslutta vi, og eg reiste av stad og henta Veslejenta på jobb. Minstemann var heime og rydda og klipte gras, og etter å ha kvilt oss litt tok vi turen til Eid for å ete middag på kinarestauranten der. Det var siste kveld hos Gamla denne sommarferien, så det passa godt å markere det.

2019-08-02 23:41 Bok 37 2019: "Karma" av Jørgen Jæger

I denne boka møter Ole Vik att systera si, som er tørrlagd alkoholikar og har gjort stor suksess med eige firma. Kriminalgåta opnar med at ein mann vil ta livet av seg, men ein annan mann oppdagar det og prøver å hindre han. Då politiet kjem til åstaden, er den eine død og den andre borte. Mykje skjer undervegs i boka, og det er vanskeleg å halde følgje til tider, men gåta blir løyst til slutt. God underhaldning er det i alle fall.

2019-08-01 23:40 Kvardagar i ferien

Så fekk vi nokre nydelege, varme dagar der det skjedde lite og inkje. Eldstejenta reiste søndag, dei to mellomste jobba og Minstemann og eg slappa meir eller mindre av, gjorde nokre ærend og liknande og vatna mykje i hagen. Onsdag regna det, så då vart det handel og ærend.HundedagarNy leikeDen rosa buskmuren blømer noTorsdag hadde eg planlagt hagearbeid, men så kom gutane dragande med 11 flyttekasser frå faren. 9 av dei inneheldt bøker og album, så dei var både tunge og vanskelege å flytte på plass. Dermed for dei og henta dei hyllene som vi hadde avtala at eg skulle få med på kjøpet (dei var ...

2019-07-29 22:25 Bok 36 2019: "Blodskrift" av Jørgen Jæger

I denne boka mottek fleire personar trusselbrev, og heimen til Ole Vik vert tent på. Saka utviklar seg i fleire retningar, men løysinga kjem til slutt. Også i denne boka skjøna eg kven den skuldige var då vedkomande vart introdusert, men det gjer ikkje så mykje når ein les for underhaldninga si skuld.

2019-07-28 22:07 Bok 35 2019: "Hold pusten så lenge du kan" av Maria Sand

I denne romanen møter vi Alva i ulike livsfaser. Først er ho eit barn som blir mobba og mister bestevenninna, deretter ein sta tenåring og til slutt vaksen og mor. Boka er dyster, men den er likevel fin og gir høve til ettertanke. Eg likte godt korleis forfattaren bruker Vigelandsstatuane som rekvisittar og symbol.

2019-07-27 23:57 27. juli 2019

I dag var det mamma og pappa sin bryllaupsdag, og slikt vert litt vemodig å tenkje på når den eine er borte. Eldstejenta hadde lyst å sjå grava til morfaren og seie ha det til mormora, og det passa ekstra godt på ein slik merkedag. Vi set pris på dei levande og minnest dei døde. I den siste tida har fleire på min alder gått bort, blant anna ei kvinne som til slutt tapte kampen mot kreftsjukdomen ho hadde fått og blitt kvitt fleire gonger siste åra. Det er ein fæl sjukdom, men pappa fekk trass alt leve til han var over 80.Om kvelden skulle Velejenta til Hareidlandet på fest, og eg tilbaud å køy ...

2019-07-25 20:13 Brundalen (2)

Turen gjekk til Brundalen i dag òg, saman med Minstemann og Eldstejenta denne gongen. Nokre av oss bada, og det gjorde godt i varmen.

2019-07-24 21:27 Cobra i stova

Eg har i fleire år sett på Cobra-serien på Møbelringen. Den finst i mange stilige former og fargar, og som så ofte skjer har eg ikkje klart å bestemme meg for verken farge eller fasong. No jobbar Storegut på Møbelringen, og han sa at dei sel ut utstillingsmøblar. Det var avgrensa kva fargar og modellar dei hadde inne, så då fall valet på denne turkise kommoden. Eg treng kommode både til soverom og som nattbord, men førebels synest eg denne er så fin at han får stå i stova. I skuffene skal eg mellom anna legge brettspel, som no fyller opp ei bokhylle på eit soverom. Slik kan eg kanskje få plass ...

2019-07-24 21:19 Brundalen

I dag var det nydeleg, med over 20 grader og blå himmel. Jentene og eg gjekk saman med hunden Charlie til setra i Brundalen etter at Veslejenta var ferdig på jobb. Jentene bada, medan Charlie og eg berre vassa litt. Medan vi var der, skya det over, men vi satsar på fleire fine dagar.

2019-07-23 21:30 Nye møblar til verandaen

I dag var det varmt, men ikkje direkte sol. Eg tenkte at høgtrykksspyling var ein fin aktivitet, så Minstemann vart sett i arbeid med å kople opp maskina. Så viste det seg at der mangla ein del, så vi enda opp med å rydde vekk gamle møblar og liknande som stod på verandaen, han klipte litt plen og eg planta resten av staudene eg kjøpte i går og luka litt i bed. Eldstejenta hadde lånt bilen og reist på besøk, så ho vart beden om å kjøpe med den manglande delen heim. Dermed vart det spyling av veranda klokka 20.00 og utover, deretter montering av bordet som Storegut hadde henta med heim. Resulta ...

2019-07-23 17:16 Bok 34 2019: "Dødssymfoni" av Jørgen Jæger

Yndlingskokken til Ole Vik vert utsett for ein skremmande episode, og snart blir begge søskena til kokken utsett for liknande. Folk blir drepne og forsvinn, og det er mykje som skjer i denne kriminalgåta, som eg snart skjøna utfallet av. Parallelt med kriminaletterforskinga vert ein kollega valdteken, venninna til Ole Vik blir friskare og Vik lurer på om han har kjensler for ekskona. Dette er ikkje den beste boka eg har lese, men det er no grei underhaldning medan ein styrer med andre ting, som hagesyslar og husarbeid.

2019-07-23 10:55 Måndag 22. juli 2019

Vi har som tradisjon å markere 22. juli med å plante roser i hagen. Eldstejenta og eg skulle derfor ta oss ein handlerunde måndag, samtidig som vi køyrde Veslejenta på jobb klokka 16. Vi tenkte vi kunne bruke tida fram til ho var ferdig på jobb klokka 19 til å utføre diverse ærend.På Plantasjen kjøpte vi to rosebusker (30% rabatt), nokre små, lave stauder som skal fylle ut bedet mellom rosene og ei spisegruppe (nedsett den òg). Etterpå for vi til Ørsta og handla litt på Amfi, før vi besøkte mormora. Vi hadde med ei lita raud rose, det kan fort bli ein tradisjon det òg. Etter besøket handla vi ...

2019-07-23 10:44 Regntung søndag

Når ein eigentleg burde sitje pal med siste hand på masterverket, vart det for freistande å bake. Ungane kom, etter å ha vore hos faren i to veker, og då var det kjekt å ta imot dei med nybakte solskinsbollar. Dermed fekk eg rota såpass mykje at eg var sysselsett med rydding og husvask mykje av dagen. Før dei kom plukka eg dessutan inn nokre roser frå hagen, sidan det vert lite hagevêr i høljeregn. Ingen la merke til det før dagen etter, men det er ei anna sak.

2019-07-21 16:16 Bok 33 2019: "Kameleonene" av Jørgen Jæger

I starten av denne boka skal Ole og kjærasten på ferie til Hellas, men så vert dei brått involverte i ei flukt frå eit ran der også ein person er drepen. Boka har spennande innhald, men det vart i overkant mange namn å halde greie på i lengda. Dermed vart ikkje løysinga så føreseieleg heller, så det var positivt.

2019-07-20 15:50 Bok 32 2019: "Skyggejakten" av Jørgen Jæger

Brått fann eg ein krimforfattar eg ikkje har lese før, som til alt overmål har skrive ein lang serie som ligg tilgjengeleg på storytel.I denne første boka i serien om lensmann Ole Vik vert ein gamal mann oppsøkt av ein skummel, mørk skikkelse som skyt mot han. Eller blir han det? Mannen er psykisk sjuk og har sett syner før. Hushaldaren hans vert drepen, og det ser ut til at den gamle mannen har drepe henne.Eg gissa løysinga lenge før den vart avslørt, men det var likevel ei underhaldande og god krimbok.

2019-07-19 11:15 Bok 31 2019: "Ungdomsskulen" av Heidi Furre

Denne boka tek føre seg dei viktige åra på ungdomsskulen ut frå historia om Maya, som er ung rundt årtusenskiftet. Miljøet ho veks opp i er prega både av festing, sjølvskading og religion, og Maya slit med sitt. Forfattaren les boka sjølv, og den er ok, men ikkje den beste oppvekstromanen eg har lese.

2019-07-18 20:48 Money, money, money

Onsdag fekk eg ein sms frå banken om at det hadde kome 11561 kroner inn på kontoen min. Eg venta ikkje på eit slikt beløp, så eg vart litt nysgjerrig. Hadde eg vunne i tipping? Fått etterbetalt løn eg hadde hatt krav på? I nettbanken fanst ingen detaljar, dei kjem gjerne dagen etter at pengane kjem inn på konto.Torsdag gjekk eg inn på nettbanken for å finne ut kvar pengane kom frå, og då fekk eg nesten hakeslepp. Pengane kom nemleg frå SAS! Etter å ha fått turen vår forlenga og kome 11 timar seinare enn forventa til Island hadde eg sendt ein klage til flyselskapet, men eg hadde aldri trudd eg ...

2019-07-18 20:40 Hageliv

Det har vore ein del å gjere i hagen, for å seie det mildt. Eg klipte plenane og ein del greiner på tysdag, og onsdag tenkte eg at eg skulle klippe ned ein klokkebusk som breiar seg ut over plenen. Det viste seg at busken var visna inn mot stammen, som var mosegrodd, så det vart til at eg klipte ned heile busken. Dersom vi får vekk rota, vert det dessutan mykje lettare å klippe plenen. Etterpå hadde eg så mange greiner at eg kunne starte kompostkverna eg kjøpte i fjor.

2019-03-31 21:02 Feiring av Besta 79

I dag har dei to yngste og eg vore i familieselskap hos mormor, saman med ein delegasjon frå Hareidsklanen. Vi fekk mykje og god mat, som vanleg, og vi fekk snakka om mange tema i løpet av ettermiddagen. Neste gong vi møtest mange er det påske.

2019-03-31 19:48 Bok 9 2019: "Mrs Dalloway" av Virginia Woolf

Clarissa skal arrangere eit selskap for å støtte opp om mannens politiske karriere. Til selskapet skal òg ungdomskjærasten Peter kome. I tillegg til desse to personane får vi òg innblikk i livet til ein krigsveteran frå 1. verdskrig.Boka er interessant og godt skrive, men den hadde nok gjort seg betre i papirformat. Opplesaren las ganske fort, og boka treng litt meir ro.

2019-03-30 20:29 Oppdatering

Det har gått over ei veke sidan eg blogga sist, så eg tillet meg å oppsummere den daglege donten i dagane som har vore.Fredag 22. mars: Ungdomsskulen på Folkestad hadde musikal. Minstemann hadde rolla som Jan Eggum, som på mirakuløst vis og ved hjelp av magi og pengar hjalp hovudpersonane ut av diverse kniper.Laurdag 23. mars: Korpset spelte på 12-konsert i Volda kyrkje. Det var veldig fint å høyre på, og både Minstemann og Veslejenta deltok. Etterpå tok eg med Minstemann til frisør, for "Jan Eggum"-sveisen var noko raggete. Søndag 24. mars: Basar på Folkestad. Korpset og Migraine spelte, eg h ...

2019-03-22 09:18 Are Kalvø: Hyttebok frå Helvete

Torsdag tok eg turen til Nordfjordeid saman med to kollegadamer for å høyre Are Kalvø frå scenen i Operahuset. Det var ustyrteleg morosamt, samtidig som han sjølvsagt sette på spissen nokre teikn i tida med ein alvorleg undertone. Eg lo nesten samanhengande gjennom heile forestillinga, må eg innrømme. Salen var fullsett for andre gong på ein kveld, så det er tydeleg at eidarane er flinke å bruke kulturhuset sitt. Eg såg fleire eg kjenner eller veit kven er både frå Volda og Hornindal, så det er tydeleg at folk gjerne tek seg ein tur når det er kulturtilbod som freistar. For oss som bur på denn ...

2019-03-19 09:13 Migraine vidare til fylkesmønstringa

Måndag kveld var Minstemann og eg ute og gjekk ein tur med hunden då telefonen ringde. Det var ei av dei ansvarlege for UKM som kunne gratulere med at bandet kom vidare til fylkesmønstringa med songen "Are you all right?".Teksten til songen er det Minstemann som har laga. Den er inspirert av ein artikkel han hadde lese om ein religiøs mann som hadde torturert barnet sitt til døde utan å ville det. Sånn kan det gå!Fylkesmønstringa blir første helga i mai, i Kristiansund. Det spørs om Gamla må på weekendtur dit då.

2019-03-17 18:16 Riddari frå Besta

Eg har spamma facebook i lengre tid med genserbileta mine, men i dag fekk ungane overrekt dei flotte Riddarigenserane som Mamma har strikka. Mitt bidrag har vore å kjøpe garn og sette saman fargar (med god hjelp frå kollegaen min som driv strikkebutikk). Vi er alle svært nøgde og takksame, og det skal bli meg eit styr når vi skal få islendarar til å ta familiebilete av oss når vi fær på tur i sommar!

2019-03-17 18:12 UKM 2019

Søndag var det tid for årets UKM i Ørsta/Volda. Minstemann deltok saman med bandet Migraine, og i tillegg spelte dei for ei jente som song. Det var svært mange flinke med i år, og eg vil påstå at nivået var høgare enn på fleire år. Det er utruleg kjekt å sjå og høyre dei mange talenta i dei mange sjangrane!

2019-03-17 18:09 Laurdag på latsida

Etter ei veke som hadde vore temmeleg innhaldsrik, med møte, jobb og studium, flata eg litt ut fredag ettermiddag før vinklubben. Laurdag var eg òg lite motivert for studium, så det vart til at eg roa heilt ned med husarbeid og denslags i staden. Ein lang tur med Charlie innover forbi Kile vart det òg tid til.

2019-03-17 18:04 Vinklubb mars 2019

Fredag var det duka for ny vinklubb - eg hadde gått glipp av den førre, så det var lenge sidan sist for min del. Vi var ni damer samla til festleg lag, med god mat og italienske vinar. Sidan vi har 20-årsjubileum neste år, planlegg vi å reise på tur til det store utland. Samtalane rundt bordet dreia seg derfor ein del om dette, men som vanleg var vi innom det meste av tema i løpet av kvelden.

2019-03-12 21:00 Slapp søndag

Søndagen kom, og Veslejenta heldt fram med å skrive på skuleoppgåva si. Ho skreiv den faktisk ferdig medan Minstemann og eg på nytt gjekk tur innover forbi Kile.

2019-03-12 20:57 Lat laurdag

Veslejenta skulle skrive ei skuleoppgåve i helga, så det vart til at Minstemann og eg gjekk ein tur laurdag. Vi gjekk innover forbi Kile, der vi fann ei mark der Charlie fekk springe laus og leike. Seinare på dag køyrde vi ein tur til Eid for å bunkre mat. Ingenting spesielt skjedde, men det var ein god dag med gode samtalar, god mat og seriesjåing om kvelden.

2019-03-08 19:53 Bok 8 2019: "Sommerlys og så kommer natten" av Jón Kalman Stefánsson

I denne boka fortel eit "vi" om ulike menneske som bur i ein liten by eller bygd på vestkysten av Island. Historiene er trivielle, men gripande, og eg skal lese meir av denne forfattaren. Det er kjekt å lese bøker frå eit land ein skal reise til, for ein får eit slags innblikk i korleis folk tenkjer og oppfører seg der.

2019-03-03 18:06 Fastelavn

I år vart det til at me feira slutten på vinterferien med krembollar. Ferien har eg for det meste brukt til å lese teori og skrive på masteroppgåva mi, og eg er no oppe i 27100 ord (kravet er 32000). Eg sende av garde til rettleiaren min det eg har skrive i ferien, så no får me sjå om det blir ros eller ris frå den kanten. Målet er å ha grovkladden ferdig før sommarferien, og så å bruke ferien på finpuss og språkvask. Eg kunne kanskje ha klart å bli ferdig før sommaren, men det stresset orkar eg ikkje.Laurdag måtte eg bunkre inn litt mat og denslags, og då tok eg like godt turen over fjorden. ...

2019-03-01 22:54 Bok 7 2019: "Til fyret" av Virginia Woolf

Eg prøvde først å høyre den engelske lydboka, men då eg fekk den norske versjonen i hende, gjekk eg over til å høyre den i staden.Boka handlar om ein familie med åtte born som ferierer på øya Skye saman med nokre vaksne vener av familien. I starten handlar boka om små pg store hendingar, tankar og trivialitetar, men så får handlinga ei uventa vending.Boka er ein klassikar, og den har absolutt sine kvalitetar. Den er veldig visuell, og eg ser føre meg ei filmatisering som eg ikkje veit om finst.

2019-02-28 14:48 Mimrekveld og Mary Kay

Onsdag kveld (i går) var eg invitert til ei som gjekk i klassen min i ni år i grunnskulen, og i tillegg eit par år på vidaregåande. Ho hadde òg invitert dei av dei tretten jentene som bur i Ørsta/Volda-området, og me var i alt seks av tretten samla. Berre ei melde avbod, så seks av dei opprinneleg 13 klassevenninnene var samla. Berre det i seg sjølv var fantastisk hyggeleg, og praten sat laust når me skulle oppdatere kvarandre. Me har ulike yrke, mellom anna ei flyvertinne og ein frisør, men me har òg mykje felles. Me har alle fylt femti, så det vart ein del prat om til dømes syn og brillebruk ...

2019-02-24 16:23 Riddari

I går fekk eg overrekt den nye strikkagenseren min, og då måtte eg forevigast. Veslejenta meinte eg burde ta bilete i dagslys, så me venta til i dag. Før me kom så langt hadde eg køyrt Storegut på ferja, og så hadde me hine gått ein tur med Charlie innover forbi Kile. Det er nydeleg og mildt ute, så ein får kjensle av vår.Riddari

2019-02-23 20:27 På besøk til Mormora

Sidan det var siste dagen Storegut er heime denne gongen, tok vi oss i dag ein tur for å besøke Mormora. Eg fekk òg prøve den nye genseren min, og den var passeleg både til Minstemann og meg. Det blir derfor lettare å strikke ein passeleg til han.Vi fekk middag og dessert i Ørsta, deretter handla vi litt, og Storegut fekk helst på Farmora og Faren før vi for heim. No blir det grøssarkomedie og digg resten av kvelden. Ferie er fantastisk, spesielt når den nettopp har starta.

2019-02-23 10:34 Bok 6 2019: "Vårofferet" av Lars Mytting

Ein befal i militæret kjem til ein militærleir med eit oppdrag. Etter kvart møter han ei forsømd og kontakthungrig  jente, og han dreg på leiting etter forklaringa på jenta sin miserable situasjon. Vi får innblikk i mange sider ved livet på bygda, og med kva det inneber å ha vore soldat på krigsteneste i eit anna land. Eg likte godt "Hestekrefter" og "Svøm med dem som drukner" av same forfattar, og eg har planar om å lese fleire av bøkene hans. Dei har så fine undertonar av vemod og sakn, og det grip ein.

2019-02-20 22:41 Back to the future - for the world's sake

Eitt av årets høgdepunkt er sjølvsagt musikalen på vidaregåande. Veslejenta går tredje året der, og i år fekk ho fleire oppdrag som solist, i songgrupper og som dansar. Det vart derfor ekstra kjekt for familien å sjå, og både søsken, Tante, Mor og Mormor sat i salen i dag. Eg var mektig imponert over årets produksjon, der mediaklassen hadde sett sitt tydelege preg med filmar og kulissar.Blant publikum i dag var denne kjekke gjengen

2019-02-19 19:42 Tur på tysdag

Medan eg var på jobb, tikka det inn ei melding frå Eldstejenta. Ho var på tur i Lisjedalen med Charlie. Eg vart litt misunneleg, men samtidig var det godt å vite at dei hadde ein fin dag saman. Då eg kom heim, var eg rimeleg trøytt, så då passa det veldig fint at Eldstejenta og Minstemann hadde laga lasagne og salat  til middag.

2019-02-19 19:38 Møte på måndag

Siste veka før vinterferien blir ofte ekstra innhaldsrik. I år begynte veka med ein normalt hektisk måndag på jobb. Deretter køyrde eg til flyplassen, der eg henta Eldstejenta, som kom heim på musikal-miniferie. Me tok deretter turen til Mormora i Ørsta, sidan me var like i nærleiken. Eg skulle på styremøte i lokalpartiet klokka 18, så då vart det ein tur til Volda att. Medan eg var på møte, handla Eldstejenta litt mat og besøkte Veslejenta og Farmora. Eg gjekk frå møtet tidsnok til at me nådde 19.30-ferja heim, der Minstemann venta.Biletet vart teke av leiaren etter eg hadde gåttHo fine her < ...

2019-02-17 19:36 Bok 5 2019: "Aldri kome tilbake" av Øystein Orten

Som i den førre romanen til Øystein er eg-forteljaren også i denne ein eldre mann som fortel om livet sitt i brevform. Denne gongen er mottakaren eit barnebarn, og gradvis får vi avslørt bakgrunnen for eg-personens leiting etter forklaring på ei hending i eige liv, hans eige ekteskap og forholdet til sonen. Det er ei gripande bok, men det vert aldri sentimentalt eller melodramatisk. Mykje av dette kjem av språket, som oftast består av korte setningar og enkle framstillingar der alt er teke vekk som ikkje er meiningsberande.Fordi forfattaren er familie, ser eg sjølvsagt bitar av hans eige og sl ...

2019-02-15 19:44 Ei veke med mykje politikk

Denne veka har eg vore på møte måndag og tysdag kveld, og i tillegg det meste av torsdagen. Til saman har eg sete 12,5 timar i møte, i tillegg til at eg sjølvsagt har vore på jobb og hatt nokre møte der òg. Fredagen har eg hatt fri, og det har vore ekstra kjærkome. Det går sakte framover med oppgåveskrivinga når eg må ta lange opphald, men eg har no om lag 24000 ord. Kravet er 32000, så eg er på god veg til å ha eit utkast som eg kan arbeide vidare med.På det 7,5 timar lange kommunestyremøtet torsdag vart mange interessante og viktige saker debatterte, mellom anna skulestruktur, kulturhus og i ...

2019-02-10 14:09 Morsdag

Her i heimen tek me det meste roleg når me kan for tida, for programmet er fullt både for den eine og den andre. Morsdagen vart derfor markert med ein tur etter vegane med Charlie og dei to yngste borna. Elles går det mest i saksdokument og skulearbeid, så vidare festivitast får me kome attende til, til dømes når det blir musikal og besøk av storesøskena. Me har mykje kjekt å sjå fram til denne våren/sommaren!

2019-02-09 19:32 Morsdagsfeiring i Ørsta

Eg har tigga meg til at Mamma skal strikke ein genser til meg av islandsgarn. Me har sett på diverse mønster og fargekombinasjonar, og i dag var eg innom strikkebutikken for å ta ut nokre fargar. Fargane kunne ha vore sprekare, men dei var veldig "meg" dei eg valde. Mønsteret heiter Riddari, og systera mi hadde ei bok der mønsteret stod.Draumen er å sitje på ein islandshest på Island iført ein genser av islandsk ull!Litt av ei morsdagsgåve å få...Me kjøpte med diverse anna som ikkje var like egoistisk, og så møttest me i Starevegen, der også systera mi kom ein tur. Det vart ei triveleg stund s ...

2019-02-04 20:40 Dagens dont

I dag skulle eg starte opp eit nytt kapittel i internasjonal engelsk, og det første temaet var utdanning i utlandet. Eg hadde lagt nokre lause planar om korleis eg skulle skrive nokre stikkord på tavla om kva ein tenkjer over når ein vurderer å studere i utlandet, og rekna med at denne sekvensen ville ta fem minutt, før elevane skulle kaste seg over tekstar og oppgåver i boka. Det eg ikkje hadde rekna med, var at elevar med bakgrunn frå skulegang i andre land, som Italia, Tyskland og Eritrea, brått fekk lyst til å dele med klassen sine erfaringar med norsk skule samanlikna med det dei var vane ...

2019-02-03 22:47 Rettebunkar og vintervêr

Denne veka har det vore mykje jobbing. Eg fekk inn prøvebunkar både måndag, onsdag og fredag, så det vart mykje retting på kvelds- og helgetid. Lukka er å vere ajour før måndag! Nåja, det var å overdrive, men det er greitt å få det unna og rydde tid til andre aktivitetar i veka som kjem.I tillegg til jobb har eg denne veka møtt studentane eg skal ha framover, og dei verka veldig greie. Eg skal dele dei med ein medielærar, så dei blir mest opptekne med musikalproduksjonen no før vinterferien.Det blir ikkje tid til alt ein har lyst til, men nokre turar i nærmiljøet ryddar eg tid til. Laurdag gje ...

2019-02-01 18:21 Bok 4 2019: "Menn i min situasjon" av Per Petterson

I denne romanen møter vi Arvid, ein mann rundt førti år, som har mist foreldra og to av brørne sine i ei brannulukke. I tillegg har kona gått frå han, og han slit med å finne ein måte å leve og sørgje på. Forfattaren les sjølv, og det gjer han aldeles glimrande. Per Petterson er ein av dei norske forfattarane som skriv best om korleis det er å vere mann, synest eg.

2019-01-27 20:39 Opning av Ørstahallen

I dag skulle bandet til Minstemann, "Migraine", spele i den flunkande nye fleirbrukshallen i Ørsta. Veslejenta og eg var til stades i salen saman med frykteleg mange andre. Det var god stemning og mange takketalar, og eg ser fram til at vi skal på opningsfest i ein flott hall i Volda om ikkje så frykteleg mange år.Migraine spelte dei same to songane som på Battle of the Bands, og det var stor stas å ha eit så stort publikum. Dei greidde seg svært godt.

2019-01-26 20:54 Meir slektsprat

Onkel sa dette biletet er frå hans tid i marinenI samband med prosjektet "historisk person" besøkte Veslejenta og eg Onkel og Tante på Eid. Mora mi har ikkje fleire søsken, og det var kjekt å høyre ei anna side av familiehistoria. Tante har dessutan vore i familien svært lenge, og ho kjende faktisk Mormor og arbeidde saman med henne før ho vart saman med Onkel. Mormora mi budde i andre etasje hos dei i sytten år, etter at ho vart pensjonist. Det vart mykje mimring og interessante forteljingart, så Veslejenta har mykje å skrive om i prosjektet sitt. Vi fekk dessutan sjå mange gamle bilete, og v ...

2019-01-25 20:27 Tiddelibom og huttemegtu

Jau då, det var fint med snø, men etter kvart vart det vanskeleg å handtere den. Etter nokre dagar der eg måtte parkere ved hovudvegen, og deretter naboen ikkje komseg opp innkøyrsla mi med traktoren sin, parkerte eg bilen ved kyrkja i staden. Då kom den snille naboen med traktor og rydda tunet og oppkøyrsla for snø. Denne veka har det vore litt mildare, og ingen nedbør siste dagane, men det er is og elende på vegar og gangvegar. Her heime har eg piggskor, men mykje av dagane er eg ikkje heime, og då vandrar eg rundt med liv og helse som innsats.Naboen på veg opp oppkøyrslaImponerande pantelap ...

2019-01-15 20:48 Bok 3 2019: "Sveas sønn" av Lena Andersson

Ragnar vert fødd i Sverige på 1930-talet, og livet hans representerer det dei i Sverige kallar "Folkhemmet", altså framveksten av velferdssamfunnet og sosialdemokratiet. Haldningane hans til foreldregenerasjonen og generasjonen som kjem etter han er ubetalelege, då han har ei sterk tru på det moderne, effektive og menneskeskapte, utan omsyn til kjensler. Han synest til dømes det er tullete å bruke mykje tid på å lage mat når det finst halvfabrikata i pulverform, og han fortel dottera si rett ut at ho må gå ned nokre kilo for å bli betre til å gå fort på ski.Romanen set mykje på spissen, sjølvs ...

2019-01-13 19:53 Søndag og snø

Dagen starta med ei frykteleg snøkave, men ut på dagen fekk eg med meg Minstemann og hund på ein tur i Mjeltevika. Veslejenta har slite med hoste sidan romjula, og vil helst bli frisk i god tid før musikalen. Det var frisk og fin luft ute, og hunden Charlie kosa seg veldig med det tynne snølaget. Vi hine snakka om mangt og mykje, og pulsklokka talde prosent. Det merkast på dagslyset at sola har snudd, men lyset og fargane er typisk vinterlege. Bygda er vakker som eit eventyrland.

2019-01-13 01:04 Bok 2 2019: "Fem stjerner" av Lars Petter Sveen

Denne boka handlar om fem ungdomar som skal prøve å flykte frå Somalia, og kva dei opplever før dei flyktar. Det er ei sterk og dramatisk bok, men ikkje spesielt vanskeleg å lese.Då eg googla boka etter å ha lese den, ser eg at der finst ei bok til om liknande tema, og den må eg prøve å få tak i.

2019-01-13 01:00 Memory Lane

Laurdag hadde eg førespegla dei heimebuande borna ein tur til Ørsta, der vi mellom anna skulle besøke mormora. Vi tok oss ein rask butikkrunde før vi for på besøk, for det var forskjellig vi trengde. Hos Mormora fekk vi servert full middag med heimelaga kjøtkaker, og deretter dessert og kaffi. Hovudærenda våre var å handle for Mormora, som framleis har vondt i foten, og så skulle Veslejenta intervjue Mormora om Oldemora, i høve eit historieprosjekt på skulen.Veslejenta har same namn som Oldemora, og det var mest derfor vi valde ut nettopp denne historiske personen til skuleprosjektet. Medan Mi ...

2019-01-13 00:36 Vinklubb januar 2019

Fredag samla vi oss att, eit utval bygdedamer med sans for mat, vin og gode samtalar. Som vanleg fekk vi servert nydeleg mat og vin, og så heldt vi kvarandre i tale utover kvelden. Vi har alltid mykje å snakke om, og det er alltid veldig kjekt å møtast.Denne gongen var temaet fransk mat og vin, for vertinna skal snart reise til Frankrike for å heie på nevøen sin, som skal konkurrere i kokkekunst.

2019-01-06 21:46 Eit nytt og betre liv - trur eg

Torsdag leita eg fram att masteroppgåva mi. Det var tungt å kome i gang att, men i løpet av eit par, tre dagar klarte eg å vri utor meg meir enn 2500 ord, noko eg seier meg særs nøgd med. I tillegg klarte eg å få såpass med mosjon at klokka målte det til gjennomsnittleg 100%, kva no det måtte innebere.Illustrasjonen syner laurdagshandelen, som òg er prega av optimisme omkring ein god livsstil. Heldigvis har vi mange restar å kose oss med enno.

2019-01-03 20:44 Bok 1 2019: "Lærerinnens sang" av Vigdis Hjorth

Den middelaldrande lærarinna har full kontroll over jobben sin, og har elles eit nokolunde normalt liv som ho trivst med. Ein dag ber ein student om å få lage ein film av henne, og han følgjer henne rundt og filmar, før han til slutt klipper saman ein film. Så sit lærarinna brått i ein kinosal og ser seg sjølv slik han presenterer henne, noko som gir henne ei sjølvinnsikt ho tidlegare har mangla.Boka har ein kreativ grunnidé, og det er alltid interessant å sjå sitt eige yrke bli presentert i skjønnlitteratur. Likevel har eg ei kjensle av at det heile vart stereotypisk og klisjéprega, sjølv om ...

2019-01-01 19:56 Godt nytt år 2019!

2018 vart eit svært spesielt år for familien. Ved middagsbordet nyttårsaftan tok vi ein runde med den tradisjonelle "best og verst i året som gjekk", og det var mykje som gjekk att. Det desidert tristaste vi opplevde i 2018, var at Pappa døde. Borna miste då sin andre bestefar, og dei har vore nær knytt til begge. Elles har kvar og ein av oss hatt sine gleder og utfordringar som ikkje nødvendigvis det høver å blogge om.Når vi i dag begynte det nye året, var sjølvsagt tanken å trimme meir for min del. Eldstejenta har tenkt å kjøpe seg ny treningsklokke, og då fekk Gamla overta den gamle. Dette ...

2019-01-01 19:47 Nyttårsaftan

Eg starta dagen med å køyre ut på butikken og bunkre meir drikke av ymse slag. Det var ikkje det at vi hadde gått tome for noko, men vi mangla Hansa julebrus på flaske og Farris, som eg hadde fått så lyst på dagen før. Vêret var mildt sagt ufyseleg, og det var meldt storm til kvelden, så nokon lang spasertur vart det ikkje snakk om, sjølv om det var det eg hadde mest behov for. To av ungane låg dessutan rett ut og klaga på feber, så matlaginga skjedde mest på trass. Det vart nydeleg pinnekjøt med tilbehør, men det vart ikkje ete så mykje som eg hadde håpa.Utover kvelden kom dei seg såpass til ...

2018-12-31 00:24 6. juledag: supersøndag (?)

I dag viste det seg at det var "Supersøndag", noko som betydde at nokon ville sjå heile tre fotballkampar. Eg hadde ikkje lagt andre planar enn at eg skulle lage svineribbe til middag, og meda den steikte gjekk Minstemann og eg tur med Charlie i duskregn, såpass det ikkje vart så mykje stillesitjing. Eldstejenta vart att heime framfor tv-en, og ho passa òg på svineribba - som vart perfekt steikt, sjølv om den ikkje fekk så lang tid med salt og pepar som den skulle. Sjølv meinte eg den var perfekt, med sprø svor og saftig kjøt. Ved middagstider hadde Storegut og Veslejenta kome heim, men dei va ...

2018-12-29 18:34 5. juledag: handel og besøk

Dei to eldste er LiverpoolfansDagen starta seint, og det tok si tid før gjengen var klar til avreise. Storegut vart att heime, sidan han var sliten etter gårsdagen og skulle av garde på fest att i kveld. Vi andre køyrde til tettbygde strok og handla, og så stakk vi ein tur til Mormora i Ørsta. Der fekk vi servert middag, kaffi og ei hyggeleg pratestund.Eldstejenta ville gjerne heim til tv-en for å sjå ein fotballkamp, så plutseleg måtte vi reise att. Veslejenta skulle på fest, så ho vart att på hybelen i Volda. Vi er altså tre i heimen i kveld, og vi kunne ha hatt det stille og fredeleg viss i ...

2018-12-29 18:21 Bok 79 2018: "Formørkelsen" av Karin Fossum

Ein baby døyr etter å ha falle ned frå ein balkong på eit hotellrom. Foreldra skuldar på kvarandre og har kvar sin versjon av kva som har skjedd. Vil sanninga kome fram?Denne kriminalromanen er annleis, men svært engasjerande å lese. Eg likte den godt nettopp fordi det var noko anna enn eg har lese før, og fordi dette var ein ny vri på "det lukkede roms gåte". Forteljinga er enkel å følgje, men òg med ei viss djupn i personkarakteristikkane og årsaksforklaringane.

2018-12-29 03:43 4. juledag: gutane spelar og jentene går tur

I dag skulle Minstemann på bandøving, medan Storegut skulle på spelejobb om kvelden. Eg stod opp og køyrde Minstemann og Naboguten på kaia, og dei var vekk til ut på kvelden ein gong. Eg nytta også høvet til å kjøpe eit par ingrediensar som eg mangla.Jentene og eg gjekk ein relativt lang tur med Charlie etter vegane i nærområdet, og då fekk vi snakka om alt mogleg samtidig som vi fekk litt trim. Det var nydeleg mildt og opplett, men seinare begynte det å styrtregne.Eg laga ein stor porsjon potetsalat som eg sette på kjøling, elles vart det gjort litt husarbeid og sett film/serie før Minstemann ...

2018-12-28 12:20 3. juledag: smak av kvardag

Minstemann og Eldstejenta på shoppingNår butikkane opna att, var det greitt å ta seg ein tur for å fylle opp skuffer og skap. I tillegg hadde vi nokre ærend som ikkje var matrelatert, så det vart litt ymse butikkbesøk. I motsetnad til mange andre skulle vi ikkje bytte gåver, for i år hadde eg truffe bra med storleikar og smak. Noko sal var det allereie, og eg fekk gjort eit par innkjøp som eg har hatt på vent.Eg plar ofte utsette middagsmenyen til romjula, for då er det ikkje godt å vite kva ein har lyst på. Tredje juledag vart det pizza.

2018-12-26 19:50 2. juledag: familieselskap i Ørsta

Før var det fast tradisjon å møtast i Ørsta på andre juledag, men siste par åra har det vore uaktuelt fordi morfaren var så sjuk. Det var derfor kjekt å kunne samle heile Hareidsgjengen og alle oss heime hos Mormora i dag, sjølv om ho har vore plaga med ein vond fot i det siste. Vi har som tradisjon at gjestane tek med litt kaffimat, så det vart rikeleg mat og god stemning.

2018-12-26 19:45 1. juledag: ungane kjem

Heimestrikka julevottar frå systera miDagen vart feira som vanlege første juledagar, med latskap, lesing og kos. Ungane kom ut på ettermiddagen, og då vart det godteri, film og enda meir kos fram til leggetid. Det var fint å vere samla heime att.

2018-12-25 16:45 Bok 78 2018: "Bjørnejegerskens bekjennelser" av Berit Hedemann

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Den stiller spørsmålsteikn ved seksualitet, parforhold, svik og lojalitet på ein original og tankevekkjande måte. Forlaget skriv:"En kvinne er skuffet over livet, over svik og nederlag og menn i sin alminnelighet. Hun selger villaen på Oslos vestkant og flytter til den forlatte familiegården i en avdal på Østlandet, der bjørn- og ulvemotstandere hersker. Beslutningen er tatt: På parkeringsplassen bak bensinstasjonen skal hun bygge et tempel for godhet, kvinnelig seksualitet og erfaringsbasert moral. Det skal ligne på Pantheon.Bjørnejegerske ...

2018-12-24 23:39 24. desember: julaftan, Mutter aleine

Og alle pakkane var til meg :)I år vart julaftan noko annleis enn elles. For andre gong skulle eg ikkje vere saman med ungane mine på julaftan, sidan dei skulle feire saman med faren sin. Det var han som foreslo ordninga i fjor, fordi han må jobbe annankvar julaftan, og det er ei grei løysing for min del å vite at annankvar jul blir tradisjonell. Den utradisjonelle, derimot, har eg ikkje så fast tradisjon for. Bladfyken og eg feira saman for to år sidan, men i år skulle han ha familiefeiring saman med sønene og slekt.Sjølv bestemte eg meg for å bli heime, aleine. Eg vart invitert av gjestfri s ...

2018-12-23 19:55 23. desember: fjerde søndag i advent og vesle julaftan

Tradisjonar skal ein ikkje kimse av, og også i år var det Eldstejenta som skulle tenne det fjerde lyset.Alle fire kom på besøk, og vi åt sjokolade, såg tv og prata før dei tok med seg pakkane sine og for attende til faren, der dei skal vere på julaftan. Ja, dei la att nokre pakkar òg, så det blir jul på Gamla også.

2018-12-23 19:51 22. desember: den store ryddedagen

Laurdagen gjekk med til å rydde, vaske klede, legge på reine sengeklede og så vidare.Eldstejenta kom ein tur, og då gjekk vi ein lang tur med Charlie. Det kom litt snø, og det hjelper på julestemninga. Etterpå drakk vi litt gløgg og prata lenge. Det er godt å ha mykje tid til kvarandre.Senga til Eldstejenta: sokkar, kosebamse og nissemaske

2018-12-23 19:46 21. desember: handlerunde og pakkebytting

Fredagen var første fridagen min, og den nytta eg til å handle siste rest av julegåver og det meste av julemat. Planen er å supplere tredje juledag, men det kan no vere greitt å ha litt i hus.Etter kvart tok eg turen til Ørsta, der systera mi og eg besøkte mora vår. Vi fekk òg utveksla gåver, så no vart det eit lager med pakkar - i år igjen.Charlie trur sjølvsagt alle pakkane er til han

2018-12-21 14:08 20. desember: juleskuleavslutting

Tradisjonen tru møtte klassene først på klasseromma ein time saman med kontaktlærar, deretter gjekk vi ned i gymhallen og samla heile skulen til litt program og gang rundt juletreet. Dei som ville kunne gå på julegudsteneste etter det att, og musikklinjekoret song nydeleg også i år. Etter gudstenesta var det tradisjonell julelunsj for tilsette og pensjonistar, før vi for heim kvar til sitt. Ja, eg fekk tid til nokre ærend òg.Vel heime slokna eg på sofaen og sov i fire timar i strekk. Eg er uhorveleg sliten, men har klart å rette ferdig alle bunkar før jul. No skal det snart bli total avslappin ...

2018-12-21 14:01 19. desember: festleg dag

Etter ein lang dag på jobb var det berre å kome heim og snu, omttrent, før det var tid for å få med seg den siste juleskuleavsluttinga på Folkestad skule. Minstemann går i tiande, så det er attande og siste året eg har elev ved skulen. Dei første åra hadde dei så lite lokale at det ikkje var råd for begge foreldra og småsøsken å kome på julefest, men no er det rikeleg med plass i gymsalen/kulturhuset.Etterpå var det tid for å ta ferja over til Volda, der vi lærarane hadde kveldsvakt på den årlege julefesten til elevane. Der vart vi til siste ferja gjekk heim, og så var det å rive i seg noko ma ...

2018-12-18 20:21 18. desember: It's beginning to look a lot like Christmas

Nok ein arbeidsdag er overlevd, med diverse undervisning og møte, og nedteljinga er merkbar både hos elevar og lærarar. I dag var det siste heildagsprøvedagen for i haust, og eg er glad eg berre er engelsklærar, og har delt ut mine siste prøver. Viss eg får arbeidslyst og arbeidsro i jula, skal eg leite fram att oppgåva mi, som tok juleferie for to, tre veker sidan.Eg har handla ein del julegåver siste tida, og mange har eg kjøpt utan å få dei innpakka. Det har òg vore tale om supplering av diverse, så i kveld har eg pakka inn ein del for å sjå kva som står att. Frykta er sjølvsagt å gløyme no ...

2018-12-17 20:34 17. desember: Eldstejenta kom heim

Vg1 får sjå DickensVg2 får sjå GrinchenPå jobb i dag vart det litt julefilm, litt Ku Klux Klan, litt romanlesing og litt australsk kultur. Etter jobb skulle eg eit raskt ærend før eg tok ferja, men så møtte eg Veslejenta, som skulle bli henta av Eldstejenta, som hadde kome heim på juleferie i dag. Det vart dermed familiegjenforening mellom hyllene på vinmonopolet, av alle stader.Heime blir lite og inkje gjort, anna enn litt småplukking, rydding, klesvask og liknande. Eg fann fram jubileumssendinga til dagsrevyen som vart send på tv sist laurdag, og det var høveleg måndagsunderhaldning etter ei ...

2018-12-16 20:03 16. desember: tredje søndag i advent

I dag kom gutane heim ut på dagen, og vi slappa av heime før det var på tide å reise til tettbygde strok på ny kyrkjekonsert. Denne gongen var det ei samling lokale kor, korps og eit spekemannslag som stod for julestemninga, og det vart ei fin stund med fullsett kyrkje. Før vi for hadde eg ferdigstilt siste rettebunken for i år, så no kan julefreden straks senke seg.

2018-12-16 10:32 15. desember: ein roleg førjulsdag

Programmet for dagen var relativt enkelt: Veslejenta skulle hentast, og det skulle handlast mat. Etter kvart vart det til at Minstemann for på overnattingsbesøk til naboen, og Storegut for på fest saman med nokre kompisar. Veslejenta og eg fekk dermed ein roleg kveld med bingewatching av serie og gode samtalar. Ein god dag med mykje familiekos, noko som er det aller viktigaste for meg når det gjeld førjulstid.

2018-12-14 23:18 14. desember: songtentamen, besøk og kyrkjekonsert

Sidan eg hadde fri frå jobb i dag, kunne Storegut og eg ta oss ein tur på jobben min for å høyre på Veslejenta, som hadde tentamen i song. Etterpå vart ho med oss til Ørsta, der vi først handla litt og deretter besøkte mormora. Vi fekk gjort nokre ærend for henne òg, så litt nytte var det i oss. Veslejenta vart att i Volda då vi hine skulle heim.På besøk i StarevegenAltartavla i Dalsfjord kyrkjeJulekrubba i Dalsfjord kyrkjeVel heime skulle eg eigentleg lage middag, men ingen av gutane ville ha mat. Korpset skulle spele i Dalsfjord kyrkje, og Storegut og eg vart med Minstemann inn dit. Eg hadde ...

2018-12-13 21:46 13. desember: budsjettmøte, bror og basargevinst

Eg har inga undervisning torsdagane i år, så eigentleg er det ein dag eg set av til arbeid med oppgåva mi. Førre veke valde eg å bruke "fridagen" til retting, og denne torsdagen gjekk med til budsjettmøte i kommunestyret. Vi heldt på frå 10-16.30, bortsett frå ein times middagspause med juletallerken, og det var mange interessante innspel før vi fekk landa budsjettet.Det er eit historisk budsjett sidan det er det siste for det som vi no kallar "gamle Volda", men òg fordi vi har så mange gode og kostbare vedtak. Her skal investerast i ny ungdomsskule, kulturhus og idrettshall, mellom anna, og a ...

2018-12-12 20:43 12. desember: kviling på laurbær

I dag hadde vi ein samtale oss lærarar imellom om stille klasser utan motivasjon og engasjement, noko som ser ut til å vere ein trend på studieførebuande for tida. Søkartala for skulen vår syner dessutan nedgang for fag eg underviser i, og eg går i meg sjølv for å sjå kva eg gjer gale - eller kva eg kan gjere annleis.Etter ein relativt tung dag på jobb skulle eg innom Rema for å handle inn til middag. Mellom reolane støtte eg på ein tidlegare elev som ville fortelje meg at han hadde meg på toppen av lista over inspirerande lærarar. Dette hadde han god nytte av i det arbeidet han hadde no, blan ...

2018-12-12 20:08 Bok 77 2018: "Bunnfall" av Jørn Lier Holst

Uhyggelege funn blir gjorde då likrestar hamnar i eit strandområde. Restane stammar frå menneske som har vore sakna ei stund, og det finst ein samanheng mellom dei.Dottera til William Westing arbeider med ein intervjuserie om menneske som har sete i fengsel, medan Westing kjenner seg slapp og svak i den slitsame arbeidssituasjonen. Kan det vere at han er alvorleg sjuk? Vil dottera avsløre gamle justismord?Den som les, får sjå.

2018-12-11 21:18 11. desember: politikk, jobb....

I dag var det møte i forvaltingsutvalet, noko som gjekk relativt roleg føre seg. Eg rakk å ha eit par undervisningstimar først.Vel heime laga eg middag og kvilte meg litt, men så vart det full fres med kommentarar og karakterar til den eine bunken i internasjonal engelsk. Eg vart ferdig med korrekturlesinga på søndag, men det stod att nokre timars arbeid likevel. Den siste bunken utset eg til i morgon kveld, eller ein annan dag. Det begynner å minke på kreftene, og eg skal trass alt på budsjettmøte torsdag og treng hjernekapasiteten min til det òg.Minstemann var på korpsøving i dag, og då pass ...

2018-12-10 21:04 10. desember: gruppemøte

Etter ein lang dag på jobb vart det berre ein times kvild heime før eg måtte av garde att - denne gongen på felles gruppemøte og gruppemøte. Før komande torsdags budsjettmøte i kommunestyret har eg allereie lagt ned nokre timars arbeid med lesing av saksdokument, og så kom dagens to timar lange møte i tillegg. Det er både lurt og praktisk å diskutere ein del saker på førehand, slik at vi har høve til å ro i land eit godt budsjett.Og godt blir det, slik eg ser det. Kommunen skal både få kulturhus, idrettshall og ungdomsskule i nær framtid, og på litt lengre sikt blir det truleg også symjehall. ...

2018-12-09 19:10 9. desember: andre søndag i advent

Husvask, pakking av julegåver, tur med hunden, retting - livet er rimeleg einsformig for tida, men eg trøystar meg med at eg skal sleppe å sitje med bunkane i jula, slik eg ofte har måtta gjere. Då borna var små, hadde eg ofte liggande eit par bunkar som skulle rettast i romjula. No gjer eg heller ein innsats når eg ikkje har noko på programmet, så får eg tid og høve til å nyte feriedagane når gjengen kjem heim.Minstemann kom heim i dag, og Veslejenta kom innom for å helse på og tenne det andre lyset. Etter at ho hadde reist, laga vi middag og såg eit par episodar av den nye serien vi har begy ...

2018-12-08 20:09 8. desember: vekselbruk

Rommet til Storegut klart for innrykkI dag har eg vore effektiv, trass i at dagen starta seint og sakte. Eg er absolutt ingen morgonperson, så eg kom ikkje i gang med fornuftige syslar før i 11-tida, men då heldt eg på til klokka 21 utan pausar.Kunsten er å drive velselbruk med husarbeid og retting, for begge delar er meir til å halde ut når det er avveksling frå det andre. Eg har pakka julegåver, vaska rommet til Storegut og strekt på sengetøy der, gått tur med hunden, vaska og bretta klede og retta tentamenar. Då det berre var eitt elevsvar att, orka eg ikkje meir. Der går ei grense også for ...

2018-12-07 16:50 7. desember: pakke, pakke, pakke

Halve fredagen på jobb gjekk med til å sitje vakt for ein flokk som hadde matematikktentamen. Det er ikkje så mykje ein får gjort medan ein sit vakt, men eg sneik meg til å lage ein "kahoot" og lese litt i saksdokument til eit møte i neste veke.Etter nokre ærend i tettbygde strok reiste eg heim, der eg sette igang med å pakke inn julegåver. Det er lenge att til jul, men nokre gåver skal sendast i posten.Før jul skulle eg ønske at eg kunne strikke eller hekle nokre fine, heimelaga gåver, men eg har dessverre inga interesse for å halde på med denslags syslar. Gåvene eg gir vert verken heimelaga ...

2018-12-07 16:40 6. desember: rett og slett retting

Den pirkete bunadsberta på EasycorrectDagen gjekk med til retting av tentamenar som kom inn på onsdagen. Denne gongen retta eg på data, som er meir tidkrevjande, men som ser betre ut. Eg angra på at eg retta Vg1-tentamenane på papir, men då var det meir praktisk med omsyn til samarbeid med andre lærarar. Vg2-engelsken er eg aleine om i år, så då blir det opp til meg å velje metode. Ein kuriositet eg kan nemne er at det på retteprogrammet eg nyttar ("Easycorrect") framstår eg som nokre år yngre og ikledd bunad på miniatyrbiletet. Det må no vere ekstra stas for elevane, viss dei ser det.Etter en ...

2018-12-05 21:57 5. desember: jobb og juletallerken

Onsdag var det duka for dobbeltentamen. Eg har to grupper i same faget, og dei skulle ha prøver samtifdig. Eg skulle sitte vakt på eine rommet, men måtte stikke innom det andre for å svare på spørsmål. I tillegg var det elevar som sat på andre rom, og dei trengde òg litt hjelp. Eg har bestemt meg for å rette digitalt denne gongen òg, så eg slapp å skrive ut bunken.På tampen av dagen hadde eg eit par timar undervisning, der eg brukte litt over ein time på å dele ut dei retta tentamenane til kvar elev. Slik får eg litt kontakt med dei medan eg forklarer kva eg har vektlagt i vurderinga.Om kvelde ...

2018-12-05 21:45 4. desember: rettebunke

Denne fyren held meg litt i aktivitetTysdag brukte eg ein del tid på jobb til å lese tenamenssvar saman med andre lærarar, så då eg kom heim, sette eg meg til å lese gjennom den ferdigretta bunken ein gong til, gi karakterar og skrive kommentarar. Eg hadde retta ferdig i helga, men siste finpuss gjenstod altså. Det vart dermed ein lang arbeidsdag, med fire timar kveldsarbeid i tillegg til sju timar på jobb. Men det var fantastisk å få ferdig første bunke i advent - akkurat i tide før dei neste bunkane dukka opp.

2018-12-05 21:40 3. desember: politikk

Måndag møttest dei tre som er nominerte og kumulerte på toppen av partilista til kommunevalet til hausten, og ei av dei er eg. Eg har ein mistanke om at eg er kjønnskvotert inn, men eg er i alle fall så langt oppe på lista at eg òg kan seie det tel som fornya tillit frå partiet.Om kvelden var det møte i Ørsta, arrangert av "Kvinner opp og fram". Det som først var annonsert som eit møte for å få kvinner inn på politiske lister, vart til eit møte for alle - både politikarar og andre. Møtet var kjekt det, og det er no alltid interessant å møte nye folk, men eg hadde eigentleg budd meg på ei anna ...

2018-12-02 17:46 2. desember:1. søndag i advent og julegrantenning

Tradisjonen tru: Minstemann tenner det første lysetDagen begynte seint, etter ein lang laurdag med middag ved midnatt. Ungane skulle stille tidleg på grendahuset på Folkestad saman med korpset for å lage til, og klokka 16 vart det julegrantenning med påfølgjande åresal, matsal og korpskonsert. Då dei sende rundt ei loddbok, skreiv eg opp namna til ungane, men tenkte at det sikkert var Minstemann som hadde mest hell denne helga. Og jammen vann han ikkje ein stor sekk med ved! Eg håper den blir frakta på døra og at guten ikkje tenkjer å brenne all veden i omnen på sitt eige rom.

2018-12-01 23:55 1. desember: Battle of the Bands

I dag skulle Minstemann delta på Battle of the Bands i Ørsta. Eg sa eg kunne køyre han og kompisen bort til lydsjekken klokka 14, og så gjorde eg nokre ærend saman med Veslejenta og besøkte Mormora før konserten.Konserten varte og rakk, og det var ein del flinke som var med. Vi var ikkje spesielt forundra då bandet "Migraine" fekk flest stemmer blant publikum, for vi var fleire foreldre- og søskenrepresentantar til stades. Det vart ekstra stor stas då dei også vann førstepremien, som i tillegg til ære og berømming var eit gåvekort på 5000 kroner.Det heile var sjølvsagt vel fortent, det var vi ...

2018-11-30 23:37 Bok 76 2018: "Nattmannen"

Hovudet til ei ung jente vert funne, tredd ned på ein stake og stilt ut - er det til skrekk og åtvaring? Om ei stund vert eit anna lik funne i elva. Politihelten og dottera hans, som arbeider som journalist, er sentrale i oppklaringa av denne saka.Eg syntest boka var spennande ei stund, men så gjekk eg litt lei. Det vart litt for komplisert til at eg orka å henge med. No er eg spent på om eg vil like å lese fleire, eller om det blir overdose.

2018-11-26 18:44 Bok 75 2018: "Når havet stilner" av Jørn Lier Horst

Det går framleis i krim på lydbok, og eg har lese ei bok til av Jørn Lier Horst. Denne gongen vert restar av eit lik funne inne i ei nedbrend hytte, medan eit anna lik vert skylt på land på ei strand. Handlinga ser ut til å vere noko meir enn eit lokalt oppgjer.Boka tek av mot slutten og vert meir spennande, elles er den ganske stilleståande, eigentleg. Handlinga er lagd til 2006, og tanken slår meg at det norske samfunnet har endra seg mykje sidan då.

2018-11-25 16:12 Tur til Mjeltvika

Om sommaren er det mykje flått på den andre sida av Kilspollen, men no er det fine frostdagar då flåtten truleg gøymer seg i mold eller gras. Det er dessutan meir sol på hi sida enn her, og viss ein går ut i 12-tida får ein høve til å gå tur i sola på heimvegen òg.Dagane går mykje med til å forske og skrive. Når eg har noko å skrive om, fyk timane fort utan at eg merkar det. Eg har derfor blitt i elendig form, og no skal eg ta meg saman og bli flinkare til å gå tur og ete sunn mat.Trur eg.

2018-11-24 19:55 Minstemann 15 år

Ifølgje han sjølv er han no gamal nok til å betale bot. Om det er stort, veit eg ikkje, men bursdag er no hyggeleg uansett, då. I gåve frå meg fekk han påfyll på kontoen sin, noko som i alle fall er hyggeleg. Minstemann har hatt stor glede av å disponere eigne pengar etter at han vart konfirmert, og då er det viktig med litt etterfylling òg.Eg heldt ein lang tale til Minstemann då han vart konfirmert, og det hadde ikkje vore problem å skrive dobbelt så langt. Han er ein skrue på mange måtar, og vi har mange gode samtalar om mangt og mykje, spesielt når vi går tur. Sist søndag snakka vi om det ...

2018-11-24 19:46 Vinklubb november 2018

Fredag kveld var vi ein liten flokk som samla oss på vinklubb. Vi fekk nydeleg mat og vin, og praten gjekk som vanleg livleg til langt på natt.

2018-11-24 19:43 Kyrkjekonsert 2018

Torsdag kveld var det den årlege kyrkjekonserten til musikklinja på skulen eg arbeider ved og Veslejenta er elev ved. Ho gjorde ein strålande innsats saman med resten av elevane frå alle tre åra ved linja, og vi fekk ein stemningsfull kveld. I dag, laurdag, hadde lokalavisa to sider med omtale og bilete.

2018-11-19 21:10 Bok 74 2018: "Felicia forsvant" av Jørn Lier Holst

Eit gamalt lik vert funne, og ei gamal forsvinningssak vert aktualisert. I tillegg oppstår mystiske kornsirklar på ei golfbane, og ei ny kvinne forsvinn og vert funne att. Mange personar er involverte, og løysinga er om lag som eg gissa. Likevel var boka kjekk å lese. Det er andre boka til forfattaren, og eg fekk ikkje tak i den første. No har eg tenkt å lese fleire bøker av han, då eg trur at eg ikkje har lese så mykje av han tidlegare.Det går mest i lett krim for tida, sidan eg både har masteroppgåve og budsjettdokument å kose meg med, i tillegg til full jobb. Eg les ikkje så mykje krim, for ...

2018-11-17 22:24 Minstemann nesten 15 år

Mormora hadde tilbode seg å servere oss middag i dag, men sidan Minstemann snart vert 15 år vart det restaurantbesøk og indisk mat til middag. Etterpå vart det kaker og kaffi hos mormora, men vi var eigentleg for mette til å få i oss så mykje. Ein hyggeleg ettermiddag vart det i alle fall!Chicken Boti

2018-11-17 22:19 Ikkje rør abortlova!

I Volda var om lag 200 personar samla laurdag klokka 14 for å aksjonere mot endringar i abortlova, og mot at abortlova skal brukast i eit politisk spel om å få regjeringsmakt."Hvor er Gamla?"

2018-11-13 21:11 Bok 73 2018: "Uskyldig" av David Baldacci

Ein leigemordar mislukkast i eitt av oppdraga sine og vert ettersøkt. Tenåringsjenta Julie rømmer frå heimen når foreldra vert drepne. Desse to møtest, og leigemordaren bestemmer seg for å hjelpe jenta. Dei møter mange på sin veg, og nokre er ikkje dei dei gir seg ut for.

Personvern: Fortsetter du på denne siden, godtar du bruk av cookies, og at vi samler nødvendig informasjon om deg, dine preferanser, og besøket ditt her. Les mer. Det er greit.