englepappa

Tid Innlegg
2020-06-15 09:56 Eit lukkeleg liv

så var det kaptein smile-bill- ein piratingen no har kjennskap til han arva eit skipog ei kiste med gull gøymt i byssadenne vart brukt med måtehalds vit, medan sjømannenverdshava kryssavoggande bølgjerutanfor alle konfliktar --den dagen han gjekk            over ripa på siste ferd var kista tom- brukt til å koste eit lukkeleg liv ingen kart låg atttil jegerarmed nase for skatt ---velsigna smile-bill, sa folkom han berre hadde fått fred for svikarars dolkvar det slik      det ville gått -

2020-06-14 09:15 Ut av ei boble

det kunne ikkje varekviskrar memed hovuda tett saman,ei rynke av bekymringfyller heile horisontenog ingen slepp unna lydenfrå knuste illusjonar som fell i bakkenfor dette barnetsom var fødd med blyant og papiri dei små hendeneog ei lupe for auga,barnet som stirra storauga på alle vedunder;frå mygg til hundarog svære heisekranar og formulerte            dei vakraste spørsmål --kom i dag trampande innmed attsmelta augeog eit fullada geværi nevaneslo av sikringaog skaut eit stort utropsteikni stoveveggen,akkurat stort nokfor hjarta våre å søkke fleire nivå 

2020-06-13 09:18 Kørling

der vegen over fjelletikkje lenger erein stimenmotorvegpå flatvalsa asfaltog beinaligg stødigemot pedalar i ein bilalt som kunne verevanskeleger sletta utav nokon som sveitta tida over åsaneog la hjartet sitt atti kvart spadestikkså kan ein surfe på dei gode bølgjeneog lande mot ei finsanda strand ---når stormen set inner ein hjelpelaus

2020-06-12 09:53 Kva står att

all informasjoni kjemiske bindingarknutar på ein trådingen kjærleikkjenner grensene for det fysiskeei formelliste med taler ikkje det auga seri forelskingsrusenom alt vert slipt nedtil like innanfor skalakva står attom me mistar altog held fastpå det som tel?

2020-06-11 09:06 Restvarme

det er alltid det motsetteeg ventar pådet andresom aldri skjerventar medan dagslyset nærmar segmidtsommarnattaog skuggane frys til isi draumen om den andre sidasyng den triste melodien for meg sjølvsit der du ein gong satog kan endå kjenne varmen mot ei hud som hugsarbetre enn augaventar på ei opning i terrenget;at alle forvilla draumar skal komme heim 

2020-06-10 09:03 Nabo

du, min naboi etasjen over underog på sidasom eg aldri møteraldri veitkven erfor du har ikkje namn,du er eit nummerei postkasseei døreg går forbipå veg opp eller nedeller ein lydeg høyrernår eg tek av headsetetom kveldenfor å finne meg mati pauseneit glimt av håri det døra i oppgangenglir attog eg trippar frå trinntil trinndu nabosom kanskje kunne voremin beste venndu

2020-06-09 09:48 Utruleg

det er så grenselaust utrulegkor uendeleg mykjeeg har plass til å ikkje hai denne kommoden

2020-06-08 09:27 Dobbelt så lenge

dette er berre halvpartenav det verkelegedet dobleav det eg veit det som er mitter den siste bitendet som er ditter altlikevel kan det delastog alt vert attsom sitt eigelukkeleg er den som serallting nære lukkeleg er den som erog får vereein løyndomshaldartil ditt hjarte

2020-06-07 09:59 Dagen glir inn

armane flyt i morgonluftasom ørnar i floglågt over markapeilar seg inn etter beinaei retning er den andre lik -og slik flyt alt fram derorda er mygg over dirrande doggutan forsvarsverk - utan tankepå dei jaktande fuglanei soloppgangeneitt etter eitt vert dei borteog dagen vert notert;ein teatertekst glir innklar for nedstøvingi arkivet 

2020-06-06 09:31 Isbitmaskina

isbitmaskinahoppar av sporetberre ein gongei innsikt så djupog likevel nakenpå alle djupnervitet strekk seglenger ut, lenger nedog bortanforder isbitmaskinahoppar av sporetstår og hakkarsom ei påminning

2020-06-05 09:11 Junimorgon

når denne natta er til endebrest som ei boble mot bergsvevar nattfuglane inn over skogenvert borte i lysetfrå ei nyfødd soldå går eg med stille stegover grus som knasar, grus som heldei verd vidar seg utog skoa er stødige båtar på lysetei doggvåt grein over vegenein fuglesong, eit sus av vindein bekk, ein bilveg langt borteei stille som veks som ei rose, boblar framfrå djupet og omkapslar alt med si glede

2020-06-04 09:45 Nye sprang

nokon ventareit steinsprang i mergennye sprangfrå det som ein gong sprengteløyve til å drøyme omløyve til å kysseløyvet til å springe forbod mot skuggar  --lyset bles som ein vind over hagenstryk mjukt over uslipte steinarruggar dei til kampnye sprangfrå det som ein gong var eit sus i håp om botnar som svinnsvingar vinden i enden av eit tausveiper over markalagar spor i sanden, spor i hudaventar        på nokomed fullmakt til å aldri stoppe

2020-06-03 09:49 Alt ein dag

alt kan eg mistealt, ja det mestekan smuldrast og sleppastsom støvalt i ein timealt, sjølv det tomemå leggjast og løyvasttil rosjølv skal eg faresjølv, alt må firenedover mørket i markasom moldalt har eg vunnealt, vil eg vinneein sigerskrans, sjeledans oppstodeglans

2020-06-02 09:50 Nære sjela

det ulmar i jordmørket,ein tærande brann - ein lengtetter substansar, frø, fyldenoko som kan vekse vide ut dei små rommafylle dei med meiningeit brummande rop i natta,kom, len deg nærare hjartetla oss falle inn i kvarandre sin rytmefylle utdet som manglar i oss sjølvelen deg nærare sjela,opne opp dei ytste lagaog dei innanforog dei innanfor det igjentil det inste deg ligg nake og bartog me kan møtastutan masker, utan skodespel, utan redslehald dei nakne sjelenei mjuke henderkviskrar det frå jordmørketkom, la oss dele varmen i dette ordetog aldri slokne --

2020-06-01 09:33 Kvile i seg sjølv

midt i jaktastoppar ho oppføtene står som limt i grusenskuldrene senkar seginn i ei ny stilleauga kviler på den blå himmelensom fyller ut tomrommamellom viftane bjørkegreinerog suset gjennom skogenfyller øyraherakkurat hervil eg ståtenkjer ho  -  ja,kvifor ikkje her -det er noko framandt i nettopp denne luftadenne plassen, akkurat herog nofinn ho utkva det vil seieå kvilei det ein har

2020-05-31 09:32 Den riktige sida av sommar

det er den riktige sida av sommarvrangsida snudd på vrangaslik at hjartet får pusteog føtene står og trippar i nydusja grusher bryt livet overflataog svevar opp frå vatnetdurar som eit sjøflylangs solstrålane over sengalandskapet opnar seg - det var tunge dører!og no er dei ikkje berre opnemen vekksmuldra og knusteingenting kan stoppe oss novegen fører berre framoverog dagane ligg ubrukte i glatt innpakningspapir med sløyfe,klare for dine ivrigebarnehender

2020-05-30 09:08 Det er ikkje farleg!

ein stein som fell frå eit fjeller ikkje farleg,det frie fallet nedover stupetog eit djupt drønnnår stein møter steindet er ikkje farlegfleire steinar vert med, renn samani venskapleg kappestridover tuer og jord - som vert medog du står og ser på og veitdet er ikkje farlegheile raset buldrar nedover fjellsida noog røyken veltar gjennom skogen undersnart brekk trea som fyrstikkerog røtene vert kasta rundt og rundt og raset er blitt eit rasande tog av toredet er endå ei eng mellom deg og rasetså det er ikkje farlegdet er ikkje det, steinar som renni eit brølande kor er ikkje farlegeførst når bak ...

2020-05-29 07:28 Nytt spel

2020-05-28 09:17 Skyte skyer med kanon

desse skyeneseier dualle desse skyenekviskrar duser på skyene med mørke augeeg svevar rundt degein satellitt i banerundt sitt fjerne målbles mot skyeneheld fram hendeneog tek imot tårenefrå auga dinesamlar dei samanmen ser dei forsvinnefordampardannar nye skyereg snurrar vidareynskjer å trøystemen du gret og gretog skyene vert mørkare og mørkaredet finst inga dørut frå dette rommet

2020-05-27 09:00 Dunlett song

tole det må dulyden seier me av vatnmot riper ikkje delte sjølv lengten fotfestemistar takunder sjølvdisiplin og tunge åk morgonlyset du badar du vakker som blomar veksfinn kjærleiken ankerfeste grepmot auge hand hud og meer eit lodd stigandevide vatn kan romme djupetog handa toler du strektmot hjartet i vatnetme er her kviskrande i mørketdunlettså dunlettover deg og meg

2020-05-26 09:50 Mot ei overflate

føter som går andre vegargjennom stille bygater,vender tilbaketil utgangspunktethoppar over pyttarutvida til djupe sjøar;ein hai svingar doventgjennom gågatahus som krympar, trekk samanog bles seg opp att,pustar skyer av dampmot den nattsvarte himmelensola er ikkje lenger rundmånen syng ikkje lengerover ulvehyladei dansande føtenestår stille, auga letne atteg kyssar deg med fjørlett berøringhud som tinar, sol som står oppein ny dag stig frammed eit geisp

2020-05-25 19:01 Til det er tomt

sakte renn sollysetnedover fjellsider, utover fjordenlegg seg som eit teppe over bygda,og fortset å renneheilt til alt er tomtog sola går ned for teljingog ut til lading -         gjer seg klartil ein ny dagmed si uttømande, sjølvoppofrandevelsigning

2020-05-24 09:45 Luft over luft

ord over tungeluft gjennom luftbølgje mot strandsom slag mot hammarei rørsle - kjenn!noko skjer --ord over øyreluft gjennom sinndominobrikker som fellfordi me er to

2020-05-23 09:38 Alt me veit

så raske straumarog understraumarme aldri får sjåeit glimt av ævai kvar dropelyset glimtar som diamantarei hand held ei klokke i vatervisarar i nye akselerasjonargjennom augastraumar av blod i årene- me leverdet er alt me veit

2020-05-22 09:07 Lyse i fråvær

det ville i degbrennsom flammande logarover det store havetdu vil kjempe det gjennomleie det framtil sin rette plassvere den som rettar oppreddar, plukkar samanbyggjerheldstrekk armane mot alle båtanemen i møte med vatnetsløkker elden -berre i det kalde fråværetkan du lyse mot natta,ei smerte du kan berefordi du må

2020-05-21 09:39 Resept

ingen kjenner innsidaav den andre si lengt,lukta av redsle som heng til tørkdagar med sol i strenge porsjonar,regn i millimeterbegerpå ei hyllenetter med skriket frå ein nattergalom att og om attsom eit lydspor i loopingen kjenner utsidaav det som berre vidar seg ut i det tomme verdsrommet, det som vaknarførst når du har gitt opp --det fulle volumet av ein regndråpe,med plass til alt du veitog alt du burde vite

2020-05-20 09:46 Ikkje-val

ikkje alt kan du velje, men noko kan du sjå, eller ville sjåom du vilsom å vilje få det store glimtetdu alltid søker etterom du søker litt tilder det er mogleg å søke, vere søkandeetter glimtet av eit glimt,eit lys over andre lys gå dei vegane som fører ditog sjølv vere eit glimt i andre sine augevelje det du velmed omhu -- ikkje late som du er mettfør natta er så svartat du berre har ein sans attnei, du kan ikkje velje altmen du kan vere og du kan gåog du kan velje å veljeein gong til

2020-05-19 08:23 Det som finst

ingen høyrde pustensåg lysglimtet i den skinande pelsensåg klør --kjente den stille vibrasjonen i bakkenunder dei første stegaingen kjente luktaav dyret som forsvann i underskogenfor så lenge sidannoko finstei urforteljing for kvart atomutanfor mine eigne grenser

2020-05-18 08:39 18. mai 2020

i dag ligg ispinnar nakne blant reiler som no står stillmen nettopp i denne timenkan me nok klare ein tilder stig ein song over hagenhåpande i sitt språk skjønt, nynna med smale lepperfor is-mas på måndag = bråk

2020-05-17 08:34 Fridomsarv

me held flaggetmed korsmerketi veivande henderser at noko er størreenn oss sjølve,endå me ser det frå ulike vinklarkjenner takksemdafor ein fridom me har arva,ei glede som ei gåvefrå tidlegare tiderkjenner jubelendjupt i dei indre magmastraumane,som eit fundamentfor alle andre kvardagar

2020-05-16 09:02 Våre konstruksjonar

det er meg du snakkar til, eg som høyrerharmonerer alle høyrsletonane med mi indre verd - metafysiske utgåverav den verda eg ville vere iom alt hadde vore på mine måtardu som snakkar, du som konstruerer dine idealsom usynlege bilete omgjort til lydi det store rommet mellom atomagår desse bølgjene som dansande dansararinn i hovudet - ein rekonstruksjon bygd i tornado alle bitane fell på plass, passar inn i speletmen alltid annleis enn alle gongar førog alle gongar sidanei slags nullstilling i forhold til notidasom ingen kan sleppe unnaså egstoppardu stopparser på megeg på degsamanliknar desse v ...

2020-05-15 09:58 Pust mot kinn

auge bak veggar av glasfottrinn i grus, ein knusande lydknapt høyrbarein pustmot eit kinnopne augei forventingnoko meirvil komehjartet kan kjenne detat tida strekk segat verda opnar segat blomar blømernett når dei skalog pust møter pustvarmt mot varmtein front på veg inn mot hjartet,flyttar inn, fyller plassenkor du aldri må gå --grip det, hald det, ikkje slepp detnei, aldri!

2020-05-14 09:53 Snart stoggar heisen

snart stoggar heisentenkjer me,susar gjennom galaksarpå veg oppoveralltid oppoversnart stansar denog me må avsnarttenkjer me, og kjennergravitasjonskreftenedytte oss unnai fritt fallstig heisenog me lener oss mot kvarandrekjenner fartensom ei glede i blodetendå går det oppoverendå er me med --

2020-05-13 09:49 Gløymde

gløymde det mørke vatnetgløymde snøfillene i virvlande dansgløymde stålblank is over store djupgløymde kulda sine skrapande klør over hudasteig inn gjennom ei dørkjende varmen, såg fargane, høyrde musikkengløymde alt som var 

2020-05-12 09:42 Krigen som forma hjartet

sverdkant mot sverdkant,dei skarpe kantanemot kvarandre sin strupeher vert orda tøygde og sliptebretta og formademonterte og sette samanden skarpe kanten rispar i hudadreg ei tynn stripe av blodover arketingen slepp unnanår sverdet vert svingamed eit susande slagi store sirklar 

2020-05-11 09:29 Det dansande huset

dørene skrik på hengslenekarmane knirkar i vindenveggane bølgjer, taket svaiargolva syng ein eldgamal song huset dansaraleinei forsommarnattautanfor blømer blomanelenger borte bøyer trea seg innoverdannar ein knudrete mur hit innkan ingen menneske kommeno lengerdet dansande huseter trygt forvarti skogen si hemmelege eventyrverd

2020-05-10 09:18 Trasse stengsler

vissduseierjakunnemehaldehendenesamansjålangtovervatnetframoverlangsvisararpåvegmotmorgongryet medanverdasøvristar avseg støvfrå dagar utan rørsle, dagar utan lysdagar utan nokon som ryddar oppog tek ansvar, men me, me går påmed hendene saman, trassar smertertrassar stengsler, går over alle hinderpå veg mot ein betre morgondagvissdu seierjanårutfordringakjem

2020-05-09 09:13 Fjerde

denne kulda hesten som dreg vogna motoren som dyttar flyet endå lenger opp i atmosfæren der sjela finn respirasjonen vanskeleg avstanden frå golv til tak er den dobbelte av det som står i pakningsvedlegget eg legg meg ned på teppet let meg føre utover balkongen ser verda frå fjerde etasje alt her oppe er slik dei sa det ikkje ville vere

2020-05-08 09:00 Kontinuitet

fridomen er denne syngande lydenav metall mot metall,dei grove hjula som rullar framoverlangs svillenemedan landskapet renn forbi;ei motstraums elvauga dine kvilerpå dei grøne trea, dei langstrakte viddeneauga dine finn svari det som ikkje står skriveeller uttaltpå husveggane, bilane, vindaugamen er lyset hjartet strålarfridomen er denne voggingagjennom ukjent landskap,knea mine mot knea dine, ei taktme kan falle inn i og smila speglar seg i kvarandrelik auga speglar djupnene i det me ser fridomen ligg i dette å ikkje stoppemen halde fram,ein kontinuiteti mennesket sin sanne natur

2020-05-07 09:51 Mot morgongry

andedrettet i det skjelvande grasetbakken som ristar svaktmedan pusten går ustanseleginn i nattamånen glir sakte over himmelendreg graset til segi ei saktefartbølgemot morgongryetslår innover augelokka -me kan høyre spadanei dei store sandhauganeskyflar sandkorna unnaså vert støvet fanga i vindenbles inn over skjelvande grasi ein innpust frå jorda- ein annan stadme står opp, ristar søvnen av ossstig ut i dagenmånen er borteei forandra stille ligg att

2020-05-06 09:31 Det uopnelege

vegen ut             den lysande portensom ingen av oss andre sansa          såg        visstevar ei flate         ei hinne      ugjennomtrengeleg luftutan kjenneteiknsom skilt eller milestolparstriper langs grøftekanteneller sesamord i antikk steinskrift        det berre varsom eit ingentingmot ingentingnoko bak ryggane våre, eit lysglimt, eit skjær av gulllangs fjellrygganeelles ingentingelles ikkje noko me kunne aneanna enn eit mørke, eit skjult rom, ei ukjent kraft og vegen ut låg stengt       usynleg for auga, urørleg for sinnet             og du rørte ved flata             med fingertupp ...

2020-05-05 09:51 I ein tråd

du, som har vore eit ropså lenge havet har slipt steinar glatteså lenge solahar gitt varme til dei skjøre stenglaneunder løvetannmankenog egsom ikkje klarar å ta unna all stilla,skyflar og skyflarog så kjem det rennande meirein vegg av bølgjer og sollys og stillebyggjer seg opp langs horisontentrengjer verda saman   -   pressar alt innovertil alt vert kjerne, alt vert sentrumi eit liv som endå heng i ein trådendåhar  noko å ropetilbake

2020-05-04 09:59 Det blodige diktet

okdette kjem til å gjere vondtførst drep eg mange menneskedet er lettberre sjå:bam! der ligg det fjorten dødei huset eg sprengteog eit noko større bam!3 000 dødedet var ei flybombe over ein bydet forstod du sikkertså kan eg starte atomkrig,for hemnen er søtog no fyk den eine atombomba etter den andrepå tvers av kontinentatil slutt ligg 3 milliardar menneske dødeog ingen har lenger kunnskapom korleis ein skal skyte opp nye atombomberdet trengs heller ikkjefor katastrofen er eit faktumog jorda er så å seie ubuelegnye millionar, kanskje milliardarvil endå lide ein smertefull dødav stråling og svo ...

2020-05-03 09:40 Orda som rivna

det var som orda rivnabygde ned den gamle bruasteinane fall som regn over markatil alt var ruinar og steinurein regress til eit før-istidslandskaputan rørsleorda - som skulle berge osspepra den skjøre alliansen mellom elskande hjarte berre grunnmurane står att,dei er alt me har å lene oss påno

2020-05-02 10:09 - er det du haustar

livet erein forundringsboks, ellerein fiskedamher kan du stå ein heil dagog kaste snøret over kantenog uti det store mylderet som finstmen som du endå ikkje kjennerher kan du fiske opp kva som helsttenkjer du,sjølv om du litt etter litt oppdagarat alle dei som er rundt degogså er oppi øskja,og stadig vekk heng ting på kroken og napparså du kan hale oppdå er det vel mest å håpeat menneska heng på gode og artige ting,og at du sjølv        dei gongane det er du som er der ute,at du festar positive fiskarpå krokane 

2020-05-01 09:30 Hud som brenn

verda kler på seg mai,sveipar seg i grøne skotog solfylte flekkarlet seg senke ned i det blå,eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar --på djupet, der pusten ikkje kan trekkastog lengt er ein kapsel å bu iså bryt ein overflatasug til seg alt verda har å by påog ler mot varmen i solaslik møter eg denne dagenslik vaknar eg og går ut på det spirande grasetmed berre føter og hud som brennetter deg

2020-04-30 09:12 På vektskåla

elden bakom fjelladen gylne glødensom ikkje slepp taket om himmelen overeit snev av vinter i blikkasom endå flyt stille over sjøeni påvente av nye ordrarsnart vil det heile gli samansom ein symbioseav eld og frost;danne eit nytt og ukjent mineralsom kan fylle opp den andre vektskålaog vippe oss oppover   -   mot lyset

2020-04-29 09:05 Reflektor

denne lengtande overflatasom speglar alt den kjem overukritisk plaprandesmiskar seg inn let seg føre ut over alle stuputan kritikk, tom for indre medvitvert ein reflektor for hjartedjupaog sjølv eit djup utan lysstemma mi forsvinn når eg opnar munnen,hjartet stilnar først når auga vaknar

2020-04-28 09:30 Spora

det er mange fotspor på denne vegen,i alle moglege fasongarnokon har gått her før,opplevd tida sine bestemte dytt i ryggenmange har trådd desse stiane,sett sola gå over himmelen mot kveldno er det me som går her,nokon  -  som kjem etter  -  vil sjå spora våre

2020-04-27 09:35 Dilemma

diskuterer med meg sjølvklarar ikkje å bli einigdet er så mange gode argumentog eg stiller meg solidarisktil alle sider

2020-04-26 09:20 Meininga i si heilskap

dei hutrande bokstavaneslo seg samanpå jakt etter meiningsette seg nedi tett fellesskap,gav kvarandre varmei nattekuldavart stadig sett samanog snart rekna som ein gjeng- så her står deseier dei forbipasserande;ser ikkje lenger individaberre heilskapenog meininga står å lesepå ulikt vispå innsida av auga som stirrar -sjølve har dei gitt opp,ser ikkje lenger poengetmed å leitehar nok med kvarandre

2020-04-25 09:42 Gjennom sildrande regn

kva har du gjortmed hjartet mitt?desse tunge skyeneden grå skodda, altregnet - alltid dette sildrande regnettenkte egog sank nedi mismottil du sendte meg eit nytt smillik det du sende ein gong førog sola stråla oppog alt regnet        som vætte jordagav næring til dei små frøaog alt berre bana seg vegut i lysetog spirasom ein eksploderande vår --

2020-04-24 09:13 Der alt stoggar

kan eg stå herunder dei store greineneutan lauv, utan tyngdeutan kjærleiksom kan lyfte meg vidare -synsfeltet er snevra inn, alt er svart i periferienog berre konturane av verdaviser attder auga festar segsom borrelåsar mot tidaføtene er stadig i rørslemen kroppen står i roog dei tause treaer vitne til detteutan å gripe inn eller kviskre       trøystande ordalt eg høyrerer vinden sitt sus i greineneog ingen kan fortelje megvegen vidare

2020-04-23 09:51 Ein som ikkje finst

på svevande vengerkjem hestentilbakeså mange lysår unnasine eigne draumar,og timar unnasin eigen undergang;du finst ikkje er den unisone helsingaetter landingamen det å stille spørsmålved sin eigen eksistenser den mest paradoksale av alle øvingarog langt utanforein enkel hest sin kompetanseså han brettar saman vengeneog går overlegent vidaretil sin eigen fridomdet går ikkje an -mumlar me,og gjer som me plar; hentar riflene for å rydde opp i verda

2020-04-22 09:45 Om du oppdagar lyset

nokon ser inn vindauget mittog eg vilat det er dusom ikkje klarar å styre unna,legg vegen stadig nærareheilt hitkor lyset frå vindauga minevert ein stifrå vegensom er berre din, den du gårkvar einaste dagein time, eit år, eit livtil du svingar av og fylgjer lysetover plenenog heilt fram til vindauget, ser innder eg er og ser tilbake, smilermot deg, opnar augaopnar døraslepp deg inn i varmen, det er herdu høyrer tilom du berre vil oppdage lyset

2020-04-21 09:16 Alt som skal til

våren tuslar rundt i hagenfiksar litt herfiksar litt derset seg ned på plenen, lenar seg framog legg seg beint fram tilå sjå på graset grotid, kviskrar ho, tid...alt som skal tiler tid

2020-04-20 07:16 Jordskjelv

eg legg øyret mot det nakne golvetlyttar etter teiknpå bankande hjartemjuke føter på vegmot noko godtlyttar etter teikn på livat nokon er på veg tilbakeeller endå lenger vekkrørsla frå eit menneske,små jordskjelv i bakkenvitnar om at her        er nokonat nokon er til 

2020-04-19 09:55 Sjølvfanga

høgt oppei sitt sjølvbygde tårnstår prinsessaog gretser utovereit ukjent landskapher er ho distansertei brikke i sitt eige spelog no spelt utover alle sidelinjerser alle vegar ho kunne gåttalle hav ho kunne sigla,og noer ho fast i dette tårnet, denne stadendette høge og einsame livet---riv tårnetfrå toppen og nedkviskrar dei rømte dyrehagegiraffane;det er moglegå starte på ny

2020-04-18 09:11 Nedover

ser meg beint inn i augagjennom denne gardina av vatni fossenei fjellside av samansmelta mineralgår sakte i oppløysing,slik hjartet mitt sakte forvitrarunder denne flaumen av tidi går stod eg på toppen av fossen,ja, det kjennes som i gårog endå kan eg sjå utsiktasom eit luftig landskap bak augai dag er eg halvvegs nedeog endå veit eg ikkje kva som skjuler segi dampen eg flyt gjennomverda er endå vidmen vert stadig mindre,sjølv om hjartet har lagra utsiktalandskapetdet friesom sitt eige bakgrunnsbildedet er noko fossen aldrikan ta frå meg

2020-04-17 09:36 Den neste

der er alltid ein røvarnummer 41eit soveår nummer 101ein gris nummer 4på natt nummer 1002går den åttande dvergengjennom ein spegelser seg sjølvsom voldemort sin arvtakarfor der er alltidein ulv jegeren ikkje får tak i

2020-04-16 09:11 Milepælar

alt det som i dag er uklartskal ein dag bli klartsom eit omriss i skoddamedan du nærmar degmed forsiktige stegsakte kjem du næraresakte veks konturane framog du ser det som før var skjulttil sister det ukjente rett framfor degog vissa veks framsom kunnskap bak auga- samtidigkjem det nye skuggar i mørketog vandringa held fram

2020-04-15 09:07 Konsekvensar

alt har konsekvensartil kvar einaste handlinghøyrer det eit ekkomellom usynlege fjell,ein overtone og ein undertoneting kan gå begge vegar;det du gjerkan setje i gong handlingarsom gjer verda betredet du gjerkan setje i gong handlingarsom fører til undergangintensjon er ikkje alt,for lyden av eit ekkokan ingen stanse

2020-04-14 09:04 På veg heim

ein dag vert huset ei tidsmaskin,berre vent!ein dag vil det lette ankerog sveve sakte oppoverog drive av garde med vindenflyte på luftstraumane over byen,medan spikrar og gamle bilderammerramlar ut og dannar ein komethaleeit luftslott av ein draumog her skal eg stå, i stovamed beina trygt planta og auga vendt framoveralltid framoverog lene meg inn i det som vert mi eiga tid,ei rotlaus ferd i bane rundt jorda- alt der nede er ein potensiell grunnmurlikeveler ingen stadar verkeleg heime,eg er ein reisande, i tidsmaskinpå veg mot høgare mål

2020-04-13 07:57 Sverdet

du stakk det tviegga sverdettvers gjennom hjartet mittkløyvde det i to, og slo resten i bitarmed blodige hender      alt var berre støv og småsteindå du tømde det ut på golvet,sa: ikkje sjådet er mørket som har bygd si festningno ligg berre ruinane attlangt utanfor synsfeltet ditt og gjennom kroppen, der sverdet gjekk inner der eit korsforma arr,du fylte tomrommet etter steinhjartetmed levande blod og musklar -så går eg hermed forma til sverdet som eit merkeog dagslyset har inga størknande makt over meglenger

2020-04-12 09:53 Håp gjennom døden

me sørgjermen ikkje utan håp,ikkje utan ein stråle av lysover den fjerne horisontenlyset leier veggjennom dødsskuggedalenog over den siste elva,heilt inn i vårt sanne heimland-Jesus gjekk førstme kjem etter,i dette kviler vårt håp,i dette kan me bygge eit liv

2020-04-11 09:49 Midt i ein stille orkan

eit stille mellomromsom kløfta mellom to fjell,der elva grev seg djupare nedfor kvar lengtande tanketilbake til normalenfor stilla er ikkje eit vakuumein mellomstasjon,det er ein tilstand av kaosder ingenting av det som skjerinne i hovudetfinn sin refleksjon i verda rundtså eg går hertilsynelatande rolegmedan den ville orkanenriv alt inni meg i fillebitarat kaoset har ein endeog orkanen snart møter sin overmanner utilgjengeleg kunnskapfor den som har villa seg inni fortvilinga

2020-04-10 09:18 Inn i mørket

eg er edmundmed bøygd nakkeog ei erkjenning av skuldsom ei bør tyngre enn verdapå skuldrenedu er aslanden stolte, storesom med opne auge møter mørketog let deg senkeav svakare hendertil slutt er det dusom vil stige opp i strålelysetog løfte meg med degut av gravai mørket er det vanskelegå sjå det komande lyset,men du serog det er nok for meg

2020-04-09 09:59 Etter andre gong

berre knitringa frå bålet,dei tunge flammanepå innsida av ditt eige hovudpassa til den store stillasom fylte degalle lydar forsvannkapsla deg inn i ein kuppelalle lydar forsvannetter andre hanegalheile du forsvanninn i denne glassklare stilladu visste ville vere ditt fengselfrå no av

2020-04-08 09:33 Dei to portane

midt i den store mysterieavdelingalivet erstår ein port, med attlatne gardinerme er alle på veg diter du gjennomer det ingen veg tilbakepå andre sidaer det to nye portar,men du vil berre sjå den eine;vegvalet er gjortalt før du kjem til den førstemedan begge endå er opnelivets harde realitetarkan verken kverulantentvilarenspekulantenden fornektandeskeptikareneller lærdeendre på

2020-04-07 09:39 Endring på veg

lyden av piskeslager endå berre eit sus i vindensynet av blod mot brusteiner ei hildring, eit glimtfrå tider som kjemsmaken av vin og brødskal aldri meir bli den samemen ikkje no, ikkje endåkjensla av frost gjennom marg og beinsom ei einsemd, ei smertesom ikkje kan lindraster endå bakom horisontenmen me kan sjå det kome,i blikka, i stemmene, i kjensla av noko framandi byenlukta av ein ny vår, spirer som snart trengjer gjennom moldai ein fødsel som endåer usynleg for både auge, hjarte og lengteit sus i vinden, ein lydlangt bortanfrå -noko som kjemog vil endre alt

2020-04-06 09:47 Tilbake til vegen

eg veit om så mange vegarsom ikkje lenger har nokon retningdei berre er der, går ut i eit namnlaust felti ein framand dimensjonog alle som før visste kor vegen førtehar no mista måletsom ei tåkesky kjem sigande utfrå den mørke underskogendekkjer landskapet - alt vert kvittog samtlege kart me har spart opp, er ubrukelege -det er no me leitar etter gulltrådar, riskornbrødsmular, steinar   --    nokosom kan leie oss tilbake dit me gjekk feilog inn på ein veg som fører framein veg som ikkje fører ut i nattamen inn i lyset

2020-04-05 09:37 Den nye kongen

det er den nakne sjeladu treffmed orda dineblikket dittsom eit omvendt svepeslag;eg kjenner noko vert reparertsår som grorskorper som dekkjer overlækjande straumarog gyldne glimtså kjem du inn i livet mitt,ein solvarm brisinnover dei frostaude sletteneinnanfor sjelaalt fyller dumed friske fargarog strålande lys,gjer meg til noko anna, noko meirenn det eg varog eg helsar deg velkomen,du, etterlengta Kongesom no ryddar opp i mi styrelause einsemd

2020-04-04 09:37 Smerteglimt

det finst ting      som ikkje let seg endrealle desse vegganeog dei små vindaugamed utsikt til verdaauge som ikkje kan tolkeglimta av lysreflektert frå smil og tårerei vedvarande smertefor den altoppslukande lengtenetter nærleik

2020-04-03 09:23 Skine gjennom

innsida av fjeset ditt liknardei endelause fjellviddene, med myrullopne vatn og ei endelaus soldette vakre som fyk over landskapetformar det som skin gjennomlet oss som står på utsida og kikar innfå del i noko størreenn me kan famne

2020-04-02 09:14 Som ei ørn

2020-04-01 09:08 Alltid noko

alltid noko å strekka seg etter,noko som er der utelike utanforrekkeviddealltid noko å sjå etter,noko som forsvinnnår eg vender augai den retninganoko å vente på, noko å lengte etternoko som held segnokre få centimeterunna medvitet mittalltid noko å rømme ifrå,noko som er der utelike før, like utanformeg sjølv

2020-03-31 09:22 Erkjenning

eg, som var ein fugl, egsom hadde dette svevande over megog det store luftdjupet under megdagar i glidefluktover dei vide havaeg, som ikkje kjende smertai det faste, urørlege, detå aldri kunne skifte synsvinkelalt hadde eg settmen utan å forståfor då dei nattsvarte tidene komog vengene ikkje lenger ville bereog lufta vart ei hindring        den store himmelkvelvingen ein hånmedan eg kava og strevafor å overlevevar det utsikta, dei skiftande viddene eg sakna mest,og eg visste at det var dei, desse endelause perspektivasom var mitt eigentlege egog no var det teke frå meg,eg var ikkje lenger meg ...

2020-03-30 09:16 Det store hykleriet

- her står me samlatil siste slutt,me er ikkje individme er eit heile, ein organismeeit me eit lagsom står samangjennom alle stormar!ropte generalenog sende offiseraneog soldataneut mot det bølgjande havet         av dei andre,       dei         den grå, ukjente massensom ikkje kan finnast i nokon draumar lukke tilseier han,set ei ny nål i kartet og tek ein slurk av kaffien

2020-03-29 09:14 Forenkling

same korleis eg snudde og vende på glasetvar nivået lågt, væska nådde ikkje lenger oppenn halvvegsog eg sette det frå megmed eit tungt sukkgjekk på kjøkenetog henta eit anna,eit av dei som tidlegare var lysholdarog ein god del mindre i volumtømde væska over i detteog rydda det gamle glaset vekk,ut av synekjente at ein melodi bobla under overflata i hjartet,nynnande sirkla eg rundtog stirra på dette nye måletheilt opp til randaeit fylt glas, kompletti sin enkle strukturog hjartet fall til rofornøgd med dette enkledet hadde lengta etter heile vegen

2020-03-28 09:59 Moria

det er i vinden stemmene burog i solstrålanekjem blikka frå framande grenserher er så kalde kantarog golvet gyngar når me går,kan me late att auga... -om nokokjem ansiktet heilt nærtog vert vevd inn i blodårene,til alt me er og alt me kjennerskrik i smerteover dette som ikkje er ossmen kunne vore det, jasvært godt kunne vore akkurat ossdet er vårt eige spegelbilete me sernår me snur oss vekkfrå dei heimlause blikkaog vårt eige hjarte som vaknar til livnår me vågar opne opp døraog opne opp augaog opne opp armanefor dette vesle me faktisk kan gjere noko med

2020-03-27 09:05 Utanfor kjernen

det er så kort veg inn ditkor alle inntrykka            smeltar i kantane, vert mjukeog uformelegekanskje er det berre ein time unnaeller eit år- eit halvt livom ein let att auga, lener seg vekkfrå sitt eige hjartei albumet står berre skala attog det er skala, glasurensom heng att i minnetkjernen, den verkelege kjenslasom forma meghar falt ut av dette skodespeletmen er fortsatt ein del        som ein vinkelein tone, ei lukt, smil, lysglimti musklanei kvar einaste vesle utilgjengelege celle -og leier meg, umerkeleg, inn på stiareg trur er nye 

2020-03-26 09:18 Orden i eit indre kaos

desse virrande molekylasom ein gong var meg,den gongen eg ikkje vissteikkje antefordi eg aldri hadde settat du var tilog så fall du innsom ei mektig samling energimot auga mineei kanonkulegjennom ein plankehaug flytta om på alt som varog berre eksisterte,alt eg skjønte hadde vore som ein søvnfram til denne dagenno vakna det til liveog molekyla fann sine rette plassar,som soldatar på geleddeller dei siste brikkene i eit puslespelsom fell på plassalt vart på ein måte heilt og fullstendigdå blikket på degikkje lenger var ei ukjent framtid

2020-03-25 09:27 Sjå det skjulte

midt i skogenser dei fleste av oss skogandre ser byggeklossar,ser hus som er gøymde bak borkog greiner som snart er usynlegeser dører og vindaugskarmarlistverk og snirklete utskjeringargøymt i mørket, pakka inni flis på flis og sagmuggsomme klappar treet,og lyset som vert filtrert mot barkenandre klapparei framtidig trapp

2020-03-24 09:11 Frk Thå ryddar etter seg

sakte tok ho av segden eine fotenla den på nedste hyllai garderobeskapeti hylla overla ho den andre fotenså fulgte armane,ei hylle til kvartil sist la ho torsoen på nest øvste hyllaog hovudet heilt oppelett gløtta ho på auga,let dei gli over rommetfør ho lukka døraog seg sjølv innei mørket 

2020-03-23 09:40 Materialisere det umoglege

auge som lyskastararsveipar over fasaden på eit hussom endå berre har stige halvvegs oppav myradet ligg eit skjær av noko veikt,eit lys som ikkje finn festeover heile denne opne plassenplankar som beinrestarut frå gjørmeholaog dei surklande lydane frå djupeter lyden av det nyesom stig framalt materialiserer seg hermedan auga er tause vitne,vidareformidlar det som skjertil intellektet bakanforlikevel er det ufattelegkorleis alt fell på plass,korleis desse daude trea og stråakan smelte saman til plankar, plater og golvog leggje seg slikat når trykket frå djupet pressar mot dagslysetstig det eit ...

2020-03-22 09:42 Saks

den usynlege saksa,ein stillferdig spionbak alle dørerlyttar, ventarfår med seg kvart einaste ordsaksa som klipper orda og let dei falle til jorda som støv,svevar rundt alle hjørneventarpå ubesindige tankar, uferdige formuleringardet du seiersom du aldri skulle sagtog klipper det oppdet vert støv over maten, oskei alt du et,redsla for saksahar lukka så mange stemmer inneme fryktar den usynlege saksasom ikkje finst

2020-03-21 09:05 Millimeterbom

viss du skal reisemed rakett til månenskal det ikkje så mange millimeter tilmed feilinnstilt kurs i startenfør raketten hamnarein heilt annan staddå du veik med blikkethamna varmen i augaså utruleg mange kilometer vekkefrå hjartet mittat skaden er så å seie uoppretteleg

2020-03-20 09:04 Prinsessetåre

den vesle prinsessai rommet der malinga flassar,eit grønt trei ei grå verdden store stovai det vesle huset,ei prinsessetåreelv på avvegar       dråpen som renn over eit golv       fossar over dørstokken       og ut i verda, ut i sola       vert slukt av den flammande varmen --kvitt flass frå tak og veggarsom snøkrystallari ei glaskulevesle prinsesse, malplasserti eit landskapho ikkje forstår

2020-03-19 09:25 Knepp

stille, som eit kneppme opnar auga, stirrar i taketstillestilleeit knepp til, og eit tilnoko lettar frå taket,let etter seg sporav fortidei vengje i nattaflyg over trea over engaover skogenover fjellaog bortme ligg stilleauga vende mot glasetingen fleire knepp,sakte vender me auga mot kvarandre,ser omrisset av ansikti natta - farga av måneskineti morgon vil spora vere vekkeog vengjene vil bu i hjarta våretrass stillaetter stilla

2020-03-18 09:39 Alt me har

lysa i vindaugafortel om ein kveld i emning,ei natt som kjemfrå mørket i gata utanforkan me stirre inni dei opplyste rommasjå alt som er vårtplassert mellom veggane,ei samling av kulissardette er vårt teater her kan me flyte frittog improvisere replikkar --lysa er påog me ser inn  -  så merkeleg det er! å stå her og smilehendene om kvarandrekropp mot kropp, samaner det einaste me har og vil ha

2020-03-17 09:53 Den blå skogen

lufta kan vere eit havsollys som spreidde strålar i det blå fisken spring med skremte blikkinn i lauvskogenher er ein jegerei gjedde med geværog stålblikk,støvlar som står stillepå kanten av myrakikkertauge i nattastille svømmetakut på dei store djupaog inn i mørkether er så stille -tidevatnet vert sila gjennom trea,dreg dei att og frami ei svaiande rørslejegeren set seg ned på ein stein,dreg inn fersk oksygen i gjelleneog avsikrar geværetein hjort kjem glidande framfrå lauvverket

2020-03-16 09:26 Ord på is

orda dine kapslar eg inni eit fleire meter høgt snørasiskald isolasjon, istappar, iskappeveslevisaren trampar t a k t f a s t over fjellettil lyden av dei mumlande ordadør ut under meg, og eg kan sleppesnøen lausla den virvle tilbake til skyenegrave ut orda, tine deiufarlege restar, på tørka strå, i kasserpå veg til eit nærliggande museumfor utdøydde samtidsytringar

2020-03-15 09:10 Bergkrystallevolusjon

krypande sandein ørken av sandkorn på fluktkravlar rundt i det store landskapetutan mål, meining eller intensjonklyngjer seg samantil stadig større einingarvert ei steinur midt i det aude,eit sidelengs flatmarksrasrumlande blokkerglatte av ørkenregn og polerande solbyggjer seg opptil kvadratiske pyramidarstein på stein, blindt skjelvandeav ei kraft dei ikkje kan forstånoko som dreg dei samanog byggjer dei saman til noko større, betreheilt av seg sjølv(står det her i boka mi)og slik vart pyramidane til

2020-03-14 09:46 Mitt, ditt eller ingen sitt

dette at me alle er bygde av dei same grunnstoffa;at me er store delar vatn, og det er ufråvikeleg for alleog at dette vatnet erpå stadig reiseinn i kroppen, ut av kroppenvidare ut i verdatil slutt kjem det same stoffetkanskje eit vassmolekyl? eit jernatom?tilbake til degog plutseleg er det ein del av kroppen dinei stunddette at me alle menneskedeler ei felles mengde grunnstoffog ikkje kan eigeeit einaste eitt av deidet er noko forunderlegog grunn til å undrast -korleis kan me i det heile rekne oss som ulike?

2020-03-13 09:00 Eit pauseslag

me rettar hendene til begge siderhandflatene i ei bydande rørsle;stoppar trafikkenmomentant   -   vent littpå vidare signal,her skjer noko viktig -så går me mot kvarandre,kryssar vegenmed auga hekta samanlyfter vekta av verdafor det er dette som er ned;definisjonar me ikkje forstårog ikkje kan hanskast medeit sekund, ein time, eit åringa tid har meiningså lenge hjartet er der det skal vereog du veit at alt du serer noko som ein dag går underså er det noko som brest,lydane tek seg opp attog trafikken susar forbi på kvar side ...nasetipp mot nasetippi ei verd som ikkje veit om oss,og dette er al ...

2020-03-12 09:03 Ei vandring tek til

me såg bilane rygge utsnu i ei sky av støvog forsvinne i den same støvskyaut i ørkenenaleineto par auge på kvilelaus vandringover eit solsvidd landskapdelar på ordadei få me har att,       let dei sveve som såpeboblertil vinden tek takog feiar dei med segstilla ligg att som eit teppeog den blå himmelen er eit trykkande tak -så langt unna alle andreme finn kvarandre sine henderog set beina prøvande ut på det varme,lagar oss ein stider ingen før har gått,på jakt etter neste oase

2020-03-11 09:12 Nåleputesong

som galaktiske strikkepinnarflyt solstrålane over den grøne parkenpirkar borti gras og tre,grev seg djupt ned bakkenstår som spyd mellom mold og steinstrikkar natta om til dagstrikkar molda om til blomarstrikkar blad på treastrikkar sommarfuglarfrå dei små larvanestrekk seg mellom nye bladsom spissen av ei nåleputedu kan leggje handa på,vere ein fakirmed ein song under hudala seg stille punktereså songen siv utover parken

2020-03-10 09:30 Sjå på mauren

det er ikkje lett å seiekva mauren eigentleg tenkjer på -kanskje legg han planar for sommaren,teiknar flotte skisserfor nye, storslegne byggverkkanskje lagar han vedlikehaldsplanar,er nøgd med å reparere det som vinteren og uforsiktige turskoriv nedeller kanskje han eigentleg ikkje bryr seg,berre byggjer for å byggjesidan han ikkje har så mykje annaå ta seg til likevel

2020-03-09 09:09 Oppover

eg skal gå denne stienlangs fjorden ogi snirklande svingaroppover dei bratte fjellsideneheilt til endes fjorden blenkjer som av gullunder sola som sakte senkar segder fjorden glir i eitt med havet og himmelen utanforstega mine er endå støemen eg kjenner mine fjell,veit dei vil tappe kreftene frå stadig stivare senerdet er godt eg kjenner kvilesteinane,dei stødige stadenekroppen kan lene seg motog samle ny styrkefor toppen ventar der frammeog utsiktasom eg veit vil ta pusten frå meg

2020-03-08 09:59 Kvinna i historia

gjennom historiastår den sterke kvinna dersom ein los på skipet,leier det gjennom uroleg vatnmed stødig handkor snodig det skal vereat denne helten ved frontenikkje fekk tale si eiga sakeller seie sitt om korleis skipet skulle styrast,ho som før hadde lagt seg sjølv som skjoldmellom båten og skjeretenn å la borna ombordmøte farar aleineho, som ser lenger inn i mørketenn nokon mann ville klart,og likevel sett ned på,likevel heldt for å verenummer to -nei, løft losen opp til den ære ho fortenerog la latteren stilne i byssaer det ikkje nettopp kvinnamora, losen som gjer at du kan sitje hervarm og ...

2020-03-07 12:04 Tomme gater

eg går her i gaterutan degser i vindaugeutan deg, berretomme fasadargrå skydekke, kald asfalteinsame tankar i einsame hjarteå kor einsamt eit hjartesom lengtaretter degi desse gateneher eg gårutan andre tankar i hovudetenn deg og den du vari gårdå du smilte før du sovnaog eg sovna med dette smileti augaog nogår eg hergjennom tomme gaterutan deg--så svingar eg inn i gata vårog ser lyset i kjøkkenvindaugetveit du er der inne, ventartek meg imotmed det same smilet,veit at all min lengt vil finne si hamnnår eg opnar døraog stig inn i varmen

2020-03-06 09:41 Science fiction

science fiction er det same som parallell røyndomsom er det same someit anna liveit anna liv er det same somnoko eg endå ikkje har opplevdsom er det same somspennande eventyrspennande eventyr er det same somei reise til ein annan stadsom er det same somå setje seg i bilen og køyre vekkå køyre vekk er det same somtursom er det same somutfluktutflukt er det same somdet me drøymer om når me tenkjer på helgsom er det same somvår eiga fritidmed andre ordvår eiga fritid er det same som science fictionså slik har me det

2020-03-05 09:12 Sky

til middag i dag:ei sky   -    ei regnvérssky med glasurav spreidde soldråpar  dessverre er me tomme for soldråpar,difor vert det husets spesial i dag:ei regnvérssky

2020-03-04 09:35 Forbi

2020-03-03 09:35 Ubåt på månen

me startar denne ubåtenkøyrer i låg fartlike under overflatapå månenein sjø utan vatnein lengt utan ordei utsikt som strekk seggjennom det tomme rommetsakte vender me blikketmot kvarandre, let oss søkke inni kvarandre sine blikkkveler eit hikst av fryktfor denne sandsjøen      er noko anna, noko meirnoko mykje meir alvorlegenn det me har møtt før --stille glir ubåten fram gjennom mørket,pløyer sanden til sidelegg etter oss eit spor av eigen smerteein lengt utan ordei utsikt som strekk segmykje lenger enn det hjarta kan nå

2020-03-02 09:04 Nytt lys

kvar morgonbyter eg ut auga,legg dei fulle, oppbrukte auga til sideog set på nye, friskeendå ufylte augetil å ta inn det ferske morgonlysetingenting kan eg hugseav lyset som var der i går,det ligg lagra i dei gamle augadei eg aldri meir kan bruke -det nye lyset, denne nye solavarmar innover i hjernegonganeog byggjer opp eit nytt bilde av seg sjølvpå det kvite arketsom heiter i dagslik kan eg starte på nyttendå ein gong,og utan fordomar møte verdamed eit friskt "god morgon!"

2020-03-01 09:51 Plikt og redning

av rein pliktordna han med sitt eige selskapsende ut invitasjonarmen skreiv med vilje små feili adresseneog sende så seintat dei fleste kom framdagen etter festen(med sinte notat frå posten) og dei næraste, deisom visste om selskapetog tida og stadenog kunne møtt oppfestpynta, med gåver og godt humørdei var trass alt dei nærasteog visste om den beste gåva:å ikkje bry seg i det heile dermed vart det ein stille kveldog det gleda hans einstøingshjarte;- verdas beste venertenkte han fornøgdog sløkte lysa i lokaletsom aldri var sett i stand

2020-02-29 09:37 Også det som ikkje finst kan skade

kulde er ingentinganna enn fråvær av varme,slik mørke ikkje er noko eigemen mangel på lyspå same måten er det likegyldige ingentinganna enn fråvær av kjærleik,og dei hatige orda har inga vekt i seg sjølvdei er berre mangel på omsorg, empatimen slik mørket, det tomme mørketkan gjere ein forvirraog reddog kulden, som er stivna materiekan gjere stor skadeder varmen slepp taket -slik kan likegyldige skuldertrekkbrenne hol i eit hjarteog orda, dei vonde ordarive ned og trakke påspirar som skulle strekke seg mot lyset og varmen

2020-02-28 09:34 Eit felles ikkjeprosjekt

2020-02-27 09:16 Responslaust og fritt

det er i grunnen nett det samekva du seierog korleis du seier det,om du har tyngde bak ordaeller ein lett sommarnattstonesom kunne løfta kvart einaste nedbrotne hjarte,og om klangen var openstemma som ein melodi;rislande vatn for tørste sjeler -eller om orda var som grus,knasande tomme for innhaldsom sprettballar på tørr asfalt         bortefør du fekk sukk for degog lyden vart sluktav dine eigne sukkviss du berre lar stemma lydei einerom 

2020-02-26 09:01 Kvardagsmenneske

eg er ein meisteri det kvardagsgrå,glir i eitt med skugganemen også dei skarpe konturanesola dannarpå si ferd over landjorda;glad om sommarenmollstemt om haustennoko inneslutta og mørksinna om vinterenog om våren kjenner eg håpet grosom ein sovande, no vaknande spirefrå det store djupeti hjartetsjølv me kvardagsgrå, vanlegesom glir i eitt med landskapet og tidaog snart gøymt og gløymti historia sine sideromhar spiren til det ustoppelege og ukuelegei ossnår ein berre kjem nær nokog har opne nok auge 

2020-02-25 09:05 Denne natta

eg var i ferd med å tømme hjartetendå ein gong     vrenge detla dei tynne solstrålane brenneseg veg gjennom sovande vevdenne natta, som først var tåkeog eit botnlaust svelg å trø inn ier no som ein port, ei opninginn til ei anna verd  -  eit anna liv

2020-02-24 09:34 Stein?

kva gjer denne steinen her?altså, akkurat denne steinen,akkurat her?berre ligg i rosom steinar ofte gjer,men på ein provoserande måte,liksom smiler med plirande auge, spottandeutfordrande- våg å flytte meg --ja, kva gjer denne steinen herså langt frå fjelletså langt frå steinrøysa i fjellsida,liksom flytande oppå moldasom ein tankbåt på ope hav  -  tung i sjøen ei seig masseurørlegforsteinastilleå, så vill ein kan bli i blikketav slike provokasjonar;kva gjer du her, vesle stein?har du ikkje ein annan, betre stad å vere?hm?

2020-02-23 09:41 Snømannen

det fyk ein snømannover himmelenendå ikkje fastsett i forma,endå som fragment av seg sjølv   -   ei skysom kjem svevande innover fjordenog inn mot dei høge fjella innanforder sjølvet vert lyfta mot høgdeneog noko vert forløyst, sett frieit regn av snømannbitarkjem dalande gjennom luftlagalandar mjukt på plenen minsom ei perfekt fallskjermlandingden siste bitenfør lukka er kompletter som ei sirkusferd, ein karusellrundt og rundt på plenenfør snømannen står deri alt sitt velde,smiler det breie snømannsmiletberre ein som har sett verda         frå dei høgaste høgdenekan smile

2020-02-22 09:32 Mysterium

du er eit landskap eg ikkje kjenner,ser bildet av fjeset ditti avisaog ein tekstsom, i beste fall lagar ringar på overflatafør alt fell til ro attog heile det store djupeter skjult bak spegelbiletet av fjella og himmelenog auga dineheld alt det hemmelegepå plasskven er du langt der innebak det lure smiletog dei mystiske augakven er dualler instder ingen nokon gongfår sjå --

2020-02-21 09:27 Ein song om tap

der huset ein gong stoder bakken no dekkaav hud, mjuk varm hudsom gir etter for trykk;om du stryk handa sakte over,let den følge mønster og konturarpåverke nervecellerøtenesom ein mild vårvindkan du høyre ein stille songsive opp mellom porene,ein blå melodi som dirrar lik varm asfaltsvingar seg opp mellom greinene i trea rundtlegg seg som eit røyktakog i skoddakan du skimte omrissetav huset som ein gong stod hermenneska som sprang gjennom dørenesongen som ein gong fylte dagenhuda pustar, sukkarhanda di vil aldri meir kjennast lik utetter møtet

2020-02-20 09:00 Ut med orda

til allmenn ubegeistringsa eg nett kva eg tenkteom akkurat kva eg villenår eg villeog ingen klarte å lukke øyrai tide,så noko eksploderteog sendte ei umenneskeleg trykkbølgje; alle vindauga knustei fjorten kvartals omkrinsog alle kanalanehadde meg som hovudoppslagtre dagar på radførst då tusen klagerover øydelagde fjernsynsskjermarsprengte radiohøgtalararog brennande aviserhadde tikka innfann dei det for godt å skru avdei allereie nedsmeltamikrofonane --argumentai alle fall mine argument var for smertefulle

2020-02-19 09:02 Bærlengt

eg er eit blåbærdu er ei molteendå er me berre kartog verda ligg her stille, sart men det svevar ein vind over heiaeit pust av liv, eit håp, eit løftmot våren som kjem denne leiaog spirar som skal gro i vår grøftpå væte i molda, solstrålemillionar rundt våre daude frostkonstruksjonar -så kan me lengte samandytte kvarandre i veg;snart kjem våren -snart kjem ei ny tid, for deg og meg

2020-02-18 08:55 Framtida, no

heile verdas framtidligg på mine skuldrei auga minebur morgondagen, gårsdagenhar flytta inn i minneteg ber den med megsom ei verktøykasse, hentar oppdet eg trengom dagen skulle bli litt for grå;det snåle tapetet som alle lo avog eg humrar for meg sjølv, jadet var nokodetmen morgondagen, lysetsom no trengjer seg veg gjennom den glødande solaog om nokre timarskal sveve gjennom det store tomrommetover hovudet mitt og heilt inni augader morgondagen ventar, og framtidasom strøymer inn frå alle kantarligg på skuldrene mine, kvileri påvente av at eg skal gjere nokomed alt dette lyset, denne tidasom e ...

2020-02-17 09:09 Mitt nord

kompasset i hjartet mittvar innstilt mot deglenge før den kveldendu tok handa mi, smilte til megog let det magiske regne som gullstøvover ansikta våre,då hjartet valde si eiga retningog eg lærte kva det vil seieå vere lukkelegalt lenge før dettehadde kompassnåla dirrai himmelretninga mot deg,og natta, som eg ana gjekk mot ein morgonvar ikkje så svart lenger;auga var opne, stega vaklande, kroppen ustømen eg hadde ei retningeit nordsom stadig flyttar seg i terrengetmen held seg stabiltder du er

2020-02-16 09:31 Inn i auga

det er auga dinei alt, i alle ting, auga dinesom djupe brønnaraugesom ser meg, ser mot megser  -  megom eg vender rundtog prøver å fange blikket, eit mildt smillunti augekroken, i munnvika, i kroppensom eit ankerfestenoko eg kan haldeog lene meg mot,stole påi alle mine usikre tankarfor du såg på megmed augaog eg fanga blikket ditt og meiner eg kunne lese detsom ei bok, eit spegelbileteav mitt eige hjartelengtar du ikkjeetter det same som eg?er det ikkje dette me vilbegge, vere her som kvarandre sine speglarvise den gode sidasom me sernår me vender oss bort frå det sjølvkritiskeog kastar oss in ...

2020-02-15 09:20 Tur for hjartet

dei store orda ligg derkviler i eit avstengt rom, ventar --eg går ut i den kalde frostmorgonenruslar langs ein islagt veg, ser sola blenkje i krystallarpå dei kvitmåla ekrene langs vegenskoa mine knasar mot frosten, mot grusendette er ein lengt, eit stille sug i magendu er der, bak meg, inne i desse bygninganedu er der, som det klåraste for auga mine,det einaste dei søker same kva eg ser påturen langs vegen er for hjartet mitteg vil det skal ha det bra, mendet fell ikkje til ro med noko, inga tid til kvileinga tid til å berre vere i seg sjølvså lenge du er her, så nærog likevel på ein måte uta ...

2020-02-14 09:34 Avstand

etter kvart som tida gjekkla eg merke til ei sakte endringi korleis føtene møtte bakkendet var som dei byrja å forme segetter grunnen,bøygde seg rundt røter og greinergav etterder dei burde halde standkroppen vart mjukareog eg trengde ikkje lenger unngå hindringar,det ordna seg silkemjuktav seg sjølvnår kroppen byrja å gli som ein skuggerundt alle tingtil sistvar auga det einaste faste punktetdet var som heile verda bøygde unnasjølv om eg visste          alle ting stod der dei stod;det var kroppen minsom tok avstand --

2020-02-13 09:15 Rush

ein av dei dagane        då ein gjerne ventartil rushtrafikken set inn        med å leggje i vegberre slik         at ein skal føleeit slags fellesskap

2020-02-12 09:55 Langleiting

eg har no leita så lengeat snøen har lagt seg meterhøgpå hovudet mittog ingen av orda eg seierkjem lenger enn eit par centimeter uti den frostkalde lufta,før dei frys til is, sprekk oppog dett singlande mot bakkensom knust glaseg har leita så lengeetter noko eg mistalenge før snøen begynte å dale,lenge før kulda bygde denne veggenmot det gode livet,lenge før sola trakk seg unnai frykt for takraseg har no leitaså langt beina kan gå,eg har leita både høgt og lågtlangt og kortog på alle stadene eg ville tenktat det var logisk at noko var lagt attetterpå leita eg alle dei andre stadenei holrom i s ...

2020-02-11 09:38 Når orda ikkje vil

orda, kor vanskelege dei erberre krøllar seg samanklamrar seg fast i nervestrengane,freistar stanse luftstraumen frå lungene;eg kan kjenne kor dei jobbar på spreng,byggjer demningarog festningsverk, lenkar seg fastnærast syr seg fast, som ein ironisk suturover såra eg sjølv har slått,men nektar å strekkje seg ut, glatte oververe mellommenn, brubyggjarar, meklarar, bodberarnektar å lyde ordresom deserterte soldatar,korrupte politikonstablarberre sit der, flirer av meg,medan eg ser panikken langt der inne i mørket,den stille panikkensom kjem frå noko anna enn sjølve orda;det som held dei att -he ...

2020-02-10 09:08 Songen

songenstemma tona i lokaletfrysninganedei milde smilaglitrande augeei sveitteperleblikk som vandrar over salenframover til songenheile vegen songenøyre som lyttarføter som vippardei tunge gardinenemjuke stolarvarmen som stig frå hundre kropparsongenden vesle uroakjolenstemma, blikket, smiletsongen, å - songen, og augamen først og fremstblikketsmiletkjolenja, kjolenog augapå meg

2020-02-09 09:11 Den andre verda

i spegelen ser eg ein skuggeav meg sjølv, eit avtrykkav den eg kunne vorei ei anna verdså handgripeleg, sårbareg ermedan skuggen i spegelenkan ingen røre  -  ingenkan bryte bandasom held han oppesomme dagar freistar egå entre spegelen, møte mitt andre egmed eit handtrykk,skjelvande står eg framfor den blanke flatamedan blikket stadig glir vekk --den andre verda er utanformine fysiske evner,eg kan aldri bli noko annaenn eit taust vitnetil dette uknuselege 

2020-02-08 09:18 Ein heim

du bygde eit husmed orda dinespikra opp lydbilete på vegganefargerike tepper på golvaså opna du døra, slo opp vindaugaropte eit vårrop med utstrekte armar; her kan du gå inn, sa duog finne deg ein heim -

2020-02-07 09:56 Halde seg roleg

viss eg klarar å halde hendene i roauga fokuserte  --   blikket rett framklarar å la vere å vippe med foten,klarar å sitje stilleklarar å presse meg til å vere iskald, bereknandesom ei likning som går opp,klistre på meg eit mystisk smil,ein moderne mona lisa, hemmelegsom ein lås du ikkje kan opneein safe som held alt innestengtviss eg klarar å vere ein pokerspelari møte med all denne dramatikken  -- vil eg då kunne klareå lure også meg sjølv?

2020-02-06 09:50 Eit sverd

eg teikna eit sverdpå huda mi,blåste på det, sågdet vart levandefann sin eigen veg gjennom verdatrea bøygde segfor sverdet, dyra skugga banafuglane sveva over deti djupe sirklarså himmelen vart mørkeg leita etter blodi spora som leia gjennom byen,men fann ikkje anna enn bokstavar,nedhogde, kløyvde bokstavarmakteslaust sett ut av spelog lagt i massegraveri kvart blomsterbedeg såg blomstrane strekkje seg mot himmelenog sverdet falle til roder boka tok slutt- kan du viske meg utkviskra detog la seg til rette på huda misom eit minnesmerkeover noko eg ikkje forstod

2020-02-05 09:25 Sovande stein

så lenge sat hanaleine i kjøkkenkrokenaleine i stovaaleine i gongen aleine sov hanaleine vakna han, så lengeat vulkanen bak hjartetvart ein sovande vulkan -så lett det ville voreå tenne den vesle gneistensom kunne knust fjellet;eit smileit heieit lite ettermiddagsbesøkmen ingen kom

2020-02-04 09:29 Første plass

å kunne overraske alle,berre dundre tili denne sportenalle veit eg ikkje kanog så er det sjølvaste eg sjølvsom står dermed pokalen i handaog alle gløymer heilt å juble,berre gispar i undring og forundringer det - ?kan det - ? verkeleg - ? vere - ?mumlar deimedan hjernen har begynt å leiteetter ei forklaring         ei - anna - forklaring         ei logisk forklaringså jublar eg og smilerog undringa går over i sinne;måndag morgonkjem ein storm med klagertil el-butikken   ---    det er noko galemed fjernsynsapparatet

2020-02-03 09:52 Mannen inni mannen

mannen inni mannendet vesle rommetsom aldri får lysog ingen veit ommannen inni mannen inni mannenei lita øskjefullt møblert,med utenkjelege tankarfor alle andremannen inni mannen inni mannen inni mannener ingen mannmen ein gut,sit der og vippar på ei huskesom endå har fartetter barndomens milde puff 

2020-02-02 09:41 Mørkemann II

det vert så tomt her innenår orda tonar utog mørkemannen smilersitt liksomlune smilfor det han har sagtskal vere så allment akseptertog smartså at eg vert redd av ordakjenner meg litensom ein frostig fugler langt utanfor alle førestellingsevner;du er kjemiske reaksjonar sa handet er alt,og vegen fram til noer ei rekke tilfeldige hendingarat tida startaer eit mysteriummed ei logisk forklaringog når du dører du borte borte borte borte borte borte    borte     borteborteseier hanog skisserer opp milliardar av årutan min eksistens  --  og aldri kjem eg attså det gjeld å bruke tida godtsmiler hanmø ...

2020-02-01 09:40 Ny smerte

eg blunkarog plutseleger eg ikkje lenger eit barnverda vidar seg utsom når ein glir inn mot landfrå det store havetog kysten openberrar segi alt sitt veldekonturane av ei framtidstig opp av vatnetauga minesom nettopp vart fødde,må lære seg å gå på eiga handog overlevesom jeger i ukjent landskapstivt stirrar eg framfor meg,medan eg glir inn på strandaeg torer ikkje blunke ein gong til 

2020-01-31 09:15 Kjære tiger

kjære tigerjentedette skriv egfrå djupet av ditt hjartever grei noslepp meg fri, det er lovå angredet er lovå la antilopebeina flyfrie, dansande, syngandeover savannenutan å ta opp jaktakvar gong

2020-01-30 09:08 Studenten

å stille seg usynleglitt på sidelinjadytte seg sjølv       uti beste meiningsjå alle som hastar forbile litt av alle dei slitne ansiktastudere dei slitte skoa,hendene som held så hardt i handleposanetilpasse blikkettil lyset i gatavere kameleon, spionfluge på veggensjølvsagt i beste meining --me vil det berre godt ja

2020-01-29 09:05 WYSIWYG

WYSIWYGseier meog dreg på skuldrene,skuler litt på kvarandreprøver så godt me kanå skjule lygekorsabak ryggen

2020-01-28 09:34 Som dødvekt under auga

djupt under augakviler steinen          som ein gong vandra fritti skuggane frå hjartet dittein dag kom mørketsom ein orkanog overskygga alt du var,fylte deg med ei redsle, ein avgrunndet var umogleg å flykte fråi svevet mot klippene der nedevar det noko som fanga deg opp,ein stråle av lys trengde gjennom, så ein til,og fleire og fleireog songen i lyset løfta deg,fylte hjartet med strålar ingenting kan stoggeog trolla, som i to netter hadde fått herje fritt,stivna til blokker av stein -endå ligg dei dersom ei bør,endå lagar dei romlelydarog pressar deg mot bakken,men du veit:det som er blitt t ...

2020-01-27 09:22 Du veit ikkje

dei tause ordalike under huda,boblar, fresar, etsar seg veggjennom blodårene mineutan at du veit detutan at nokon veit, det er ein brann utan røykein eld utan flammeord under trykkog presset er så stortat somme tider har eg ikkje tankarfor annaenn å teie

2020-01-26 09:38 Når du ser på meg

eg vert tilnår du ser på megaleine eksisterer eggår her, som ein motorpå tomgangnår du ser på megvert hjartet mitt materialisert,kroppen tek formsom ein skugge som reiser seg oppvidar seg ut i ein ny dimensjonog fyller lungenefor første gongi auga dinefår verda rundt meg fargeog alt som før var         råstoff for å overlevevert eit landskap å springe i,leggje seg ned blant fargerike blomarog vere til i 

2020-01-25 09:57 Hemmeleg i auga

eg legg ansiktet ned på papiretteiknar rundt detmed vassfast tusjteiknar store runde augemunnen som ein strek så kan eg begynne å fylle formamed tårerdet vil uansett ikkje flyte utanfor,demninga vil haldeendå kor mykje eg skulle ynskjenoko kunne bryte det hemmelege; at eg hadde latt eit lite strekke vere utstreka

2020-01-24 07:48 Full fart inn i noko

det kan gå fort;frå ein dag til den nestesom eit knipseller eit nysheilt uforvarande kan det gå;før du veit ordet av deter alt forvandlatil ein farge du ikkje visste om,verda rundt ser ut omtrent som før(men akkurat detkunne ikkje brydd deg mindre)for du har sett henne, altså hennesom auga ikkje heilt forstodkunne finnastog hjartet berrekasta seg ut etter, som i eit svev utan fallskjermutan tanke på konsekvensar og om du hadde prøvd(sjølv om du sjølvsagt ikkje er så dum at du gjer det, då)ville du ikkje klart å dra hjartet laustsame kva du hadde gjortså fort kan det gå 

2020-01-23 08:00 Ut i krigen

ta imot dei marsjerande grafema,geledd på geleddover papiret      - holdt!venstre omog på skulder penn,kvil og kvilså kan du inspisere dei stramme rekkene,vandre mellom oppstilte framstillingarbørste støv av nokre buar,helse høfleg på rette strekareller hudflette heile regimentetpå grunn av bagatellardet er du som er generalen her,det er du som styrer hærenog kan gje marsjordren      - uttil kamp mot kunnskapsløysa det er deg dei følgjer, du som set standardenog skal vere den som leier an;så: på skulder pennhøgre, venstre, høgre, venstre, høgre, venstre og marsj!

2020-01-22 09:15 Merkedag

det er mange dagar etterpå,svært mange dagarlange dagarog netter, så lange netterog så mange eg har mista teljingaalt som tel noer det neste stegetsom vil vere endå eit steg lenger vekkfor også detteer eit steg i tida     etterpåeit vendepunkt,eit augeblikk som aldri vil forsvinneberre liggje dersom ein merkestein i fortidaog alt me kan gjereer å leve endå ei natt, endå ein dagi stadig større avstand

2020-01-21 09:11 Mellom dørene

like brått som eg går inn døragår eg ut atthøyrer ekkoet smellegjennom dei tomme korridoranei tusenvis av år,til lyden dør utbak ei stjerne langt bortemen før det,før alt glir samantil ei grå massevil eg teikne med store penslarsynge med høg stemmelage ein ode til livetmed så mange fargarfrå første til siste versat ekkoet vert overdøyvav eit halleluja

2020-01-20 09:56 Overføring

du treng ikkje tru eit ordav det eg skrivdu bør ikkjetru eit ordtru du megav det eg skriv, foralt handlar om noko annaenn di handfaste verd,og det du trurer dine eigne tankardei som dukkar oppnår du les det eg skrivog dei kan du gjerne tru på

2020-01-19 09:43 Håp

tanken om elvakviler i sjølve elva, der draumen om elva oppstodlenger oppe i dalenein gong gjekk du uti straumenvatnet er blitt ditt livtanken om havetkviler i hjartet av elva,dit du går på dei svarte daganeeller når frykta for straumengrip degtanken om møtet mellom elv og havkviler i hjartet på mennesket i elva,er som ei sikringslineover avgrunnen,ein tanke som kan lyfte og varmeunder vinterisen på overflata tanken om det som kjem, når elv og menneske møter havkviler der hjartet i mennesket er kapsla inni desse tynne silketrådanesom sikringslina er spunne avog kapslar inn det varme, det trygg ...

2020-01-18 09:29 Kor lenge?

kor lenge må me ventepå vindar som skal snu,kor lenge vil bølgjene slåfør fjellet er bortekor lenge må me pløye og haustefør maten kjem av seg sjølv, korkan me finne eit utsiktspunktingen kan rive nedkor, og korleis, og kviforkjem sola til å stå opp siste gongenfør alt går underog orkesteret spelar sitt rekviempå veg mot nattakor lenge vil me synkefør me vert fanga opp og sette på landpå ei ny strand -

2020-01-17 09:33 Speidar

det bur ein fugl i kvart blikk,ein syngande fugli kvart lengtande lysglimt på jordaså opnar du augaog slepp han ut i verda,syng ein song om det vakre, let deg sjådet store undereti dei små tingaom kvelden vender han heim,lukkar seg inne bak trøytte augelokk,heile natta kviskrar hanom det som skal kome

2020-01-16 09:40 To i eitt

eg glir i eitt med alt rundt megsom ein svolten kameleonpå leit etter faste haldepunkti ei verd som smuldrar oppsakte flyttar eg meg framover,passar på å ikkje skilje meg utpå nokon som helst måtevert eit tre i skogenein fisk i havetein hekk langs vegen heimog endå kor høgt eg let vere å ropeventar eg på svar, eit augekasteit stille heifrå menneska         eg unngår av all mi makt, og søkeri all mi avmakt 

2020-01-15 10:15 Lineære dagar

eg trår ut i dagenlet att døra bak meg,snur meg for å sjekke       om den glei heilt attmen når eg snur meger døra borteog huset eg sov ifinst ikkje meir berre skuggane dansar over ein støvete landevegalt som er tilligg framanfor

2020-01-14 10:07 Dei som ventar

kanskje såg du løvetanndanseni den milde brisen ei stille sommarnattunder snøenligg minna gøymt,som eit teaterstykke utan regissørventar på nye vindar,at nokon skal dra teppet til sideog orkesteret spele opp på ny

2020-01-13 09:35 Eg er fjorden

eg er fjordenmed alle mine ustadige djupnerog rare vegar i landskapeteg er fjordenmed alle mine bølgjer, så lettpåverkeleg av alle slag vindardu er fjellet, Herrestødig omkransar du mine mange vegar,tek imot bølgjer av alle storleikarog når det stormaropnar du famnafor mine knusande slagher kan eg kvilei trygg visse om dine stødige fjellog ein dagvil opninga til havet utanfor forsvinne --då vil eg vere i degfullt og heilt

2020-01-12 09:41 Noko nytt

det er ikkje sikkert at du er den førsteheller ikkje den sisteeller nummer to tre sju fjorten tusenkanskje spelar det ei rolle for deg,kva gjer det med deg?vert du ein annanom du ikkje lenger er først eller sist,om andre ser på deg frå andre vinklargjennom nye filter?kan det tenkjast, gjerast moglegat ei endringvil vere positivnoko som kan ruske opp i avfalletsleppe lys inn i lukka romopne opp der det før var stengtog stengje det som kanskje burde vore stengtfor lengst -det er ikkje sikkert du er den same i morgonog kanskje er det bra

2020-01-11 11:37 Halde ut

springe på ein vindsom dyttar imotspringe for livet, kjenne hjartet pumpepulsen pulserebrekke av alle tre ein møter, laasfalten krølle seg samani store rullarspringe utanom alle hinderog samtidig overfor vegen fram er som ein brennande tunellog ingen du kjenner kan seie sanninga omdet som ventar, berre la seg føreav vinden, regnet, isen, sjølve orkanenfrå havettil lyset i andre enden omsluttar deg,ei silkedyne med dempa stemmerdette er eit måldu kan nåom du berre held ut

2020-01-10 09:42 Vegen ut

dei dagane tankane virrar rundtsom forvirra fluger i vindauget,att og framhit og ditrundt i sirkelog heile vegen står glaset ope,det er lett som ein plettå smette utmen dei gjer det ikkjefridomen er som eit fengselmed ulåste dører,utan vegger og takeg trur eg sit fast,men alt ventar og ventar og ventar påat eg skal sjå at eg er fri 

2020-01-09 08:22 Samansmelting

den andre meg,eit ekstra lag under den eg erkjem fram i regnetset seg som ein narr ved kjøkkenbordetflirer, ler, fortel usaklege vitsarendå morgonlyset endå ikkje har vaknaog den verkelege megligg i senga og drøymerom blomar på flukt over plenen,sleper røtene etter segi vill panikk,medan vinden herjar i kronbladaog graset prøver å halde attmed samanfiltra rørslerså kan eg vakneog smelte saman med den andre meg,møtast på midten, i eit moderat smilein symbiose med faste røter

2020-01-08 09:55 Det tåka skjulte

eg hadde gått der mange gongar førpå fottur gjennom forvridde og tause fjellbjørkeskogarog myrlendt terrengi fjellsida på kanten av myralåg det svære kampesteinar,truleg restar av gamle rasog isen sine herjingar i landetakkurat denne morgonenkom heile myra litt brått på,for skodda dekka viddelandskapet,og då den milde austavinden sette innog tok med seg tåka til havs,gjekk det på få minuttog plutseleg stod eg derframfor fjellskråningaog gnei meg i augafor det var auge som stirra imotog dei var minst like undrande som mineog i tillegg noko meir,ei vag frykt, ein angst for noko ukjentme delte de ...

2020-01-07 10:27 Ironisk volum

eg tenkjer på samanhengenmellom forma på orda eg seierog det volumet med luft dei fylleri det eg let dei forlate munnentruleg vil et ord som     ingentingta meir plass i verdaenn om eg let ordet     altsmette lett forbi leppeneei spissmus vert større enn ein sau og ein snøleopardvert mykje større enn ein kvalog om eg ytrar ordet solvil det fylle ein brøkdel av plassentil ordet molekylærbindingalt dette er vel og bra,men det verkeleg ironiske vil inntreffeden dagen eg seier    eg elskar degog finn at luftvolumet knapt kan skimtastsamtidig som tanken på deger større enn sjølve universet

2020-01-06 08:30 Den ventande

det var akkurat her me møttestklokka ti over åttekvar einaste morgon i alle årame gjekk på same skuleakkurat her stod du og ventamed eit litt utolmodig drag over skuldreneog samtidig, nesten alltidi godt humørog med ein vits på lur bak smiletfor det var ikkje ventetidaeller vegensom heldt att,det var dei siste stega over dørstokkeninn i det andre universet, derme ikkje lenger var individmen ein heilskapeit kollektivt sett med augevend mot det grøne paneletsom skulle leie oss vidare ut gjennom verdsrommet,til dei planetane me ein gong skulle inntaog overtamed all vår kunnskap difor stod du her ...

2020-01-05 20:37 Ropet, igjen

du ropar frå rommetei lett lidande stemmesom ei bønkanskje er du tørsttenkjer egmedan eg legg vekk papira minekanskje treng du ein klemtenkjer egmedan eg reiser meg oppkanskje lengtar du etter lyseller ei stemme, eller eit handfast teiknfrå ei verd som snart skal forsvinnenår du vandrar inni draumanekanskje, tenkjer egog opnar døra til rommet ditt"god natt," seier duog smiler, god nattseier eg, smiler tilbakeog det var alt som skulle tilverda er igjen i balanse

2020-01-04 09:43 Sufflør

det er ei stille stemme i vindenei stille stemme frå mold og bark og snøkviskrande, mumlande, masandeer stemma som ein usynleg bisvermalltid like bak øyra mineeit dempa fnisnår nokon mistar nokoein liten latterviss bussen har gått før eg kjemog eg må vente, frustrertmed den vesle latteren i øyret, i hovudet, heilt inntil der humøret byrjar å røre på segløfter auga mot fjella, gler meg over sola og regnetog at eg har føter som kan springeviss eg vilog at eg har ein buss å vente påog eit mål å reise til gler meg over den stille stemmasom alltid er der, kjent og glad og raus og somme tiderutolmod ...

2020-01-03 10:20 Korleis me oppfattar verda

det eg legg merke tiler kanskje noko annaenn det auga dine fangar inn -kan hende er porene i hudaannleis utforma,så det reflekterte lysetfår ei anna formkan hende er auga mineutstyrt med andre typar nervar,eller berreandre nervarenn dine,og cellene i hjernensender signala i heilt andre baner -på den måten kan me stå herog sjå på det same,og samtidig sjå heilt ulike ting

2020-01-02 07:48 Lyd frå ein draum

eg lyttar etter lyden av fottrinna dine,døra er endå lukkaog huset kviler i kveldslysetnatta ventarsaman med megdenne døra, så dirrande i roauga finn ikkje feste,alt glir vekk, forsvinnsom var eg innhylla i bomulllyttar etter lyden av deg,at du skal kome fram til dørabanke påslik du har gjort i draumane mineså mange gongar før

2020-01-01 10:20 I dei stille gatene

alle menneska i køpå bussen i butikken på veggjennom dei stille gatene i ein ny byspindelveven veks mellom hovuda,ei stille erkjenningav mangel på ordog dei spreidde tankane kryp rundtpå sølvstrenganeskuggeboksarmed sine indre stillas,let hundre fossar falle gjennom landskapettil slutt vil hovuda opne seg segog blomar gro frami restane av utdøydde samtalar -førstemann som vågar å seie fram tankane sinevil få eit eige monumenti den stille gata

2019-12-31 12:51 Slikt som endrar seg

dei ulike delane flyt frå kvarandre,element frå den same tekstenbokstavar frå det same ordetdet er ikkje lenger mogleg å sjåkva som ein gong stodkva er sanning, kva er det motsettekva har me mista som me aldri får attnår tidevatnet skiftarog dei ulike delane kjem flytande tilbakelegg seg til rolangs strandaer alle ting endra, alle rekkefølgjerstokka omog me må lære å lese på ny

2019-12-30 12:05 Men

me kan gjerne seie at me skalmen me kan ikkje vitekan aldrivite heilt sikkert kva som skjeri sekundet etter dette -alle planar kan rulle, som visararrundt urskivaalle planar kan falle som steinar mot våt jordså, me kan seie at me skalog vil gjerne vite at me vilog tenkje at me trur me ynskjer det me gjer,likevel: etterpå, når alt er på papiretmå me avslutte det heilemed eitmen

2019-12-29 10:46 Haien i meg

bak auga minesvømmer haienalltid ventande, alltid svoltenser, stirar, lurer, ventar, ventarpå feilstegei glipe i det perfekte bildeteit fallei tåreventarat noko skal skjeat nokon skal sakke etterat nokon skal opne opp, vise seg svakesym rundti det store djupetsom ein stille tornado, alltid vakenalltid klaralltid svolten

2019-12-28 08:59 Ny form

verda tek form rundt meg, vert til i augatil den som ser, men ikkje kan fatteat dette som skjer, dette som har skjeddheile vegen, er like nytt no som for tusen år sidanforma faldar seg ut framfor auga mine,vert til tre og roser og formasjonaringen har sett før, fordi me går rundtmed attlatne auge og stirrer oss blinde på det som er svarti det eg lenar meg ut glaset og stirrar på verdamed nyvaska, nystøypte augebrettar landskapet seg ut og stråler mot megsom ein stille protest, ein refleksjon av noko endå vakrarerommet rundt meg er også ei form, den sametenkjer eg og smeltar saman med veggane o ...

2019-12-27 11:43 Glipe til verda

er dette mitt fjes?er detdusom kikkar på meg gjennom stengde dører,dusomlersom er den andre sida, vrangsidaav mitt eige spegelbildedu, mitt fjesmitt eige         skodespelfor verda, ei scene eg kan falde utog pakke samanei glipe mellom den eg er for meg sjølvog verdaslik den erfrå alle andre synsvinklarer det?slik?

2019-12-26 18:19 Isbjørnen

den dagen isbjørnen komsom eit antimagnetisk feltnedover gågata,den dagen me forstodkor skjøre desse husa av papir er,kor smale vegar, kor tynne glipermellom liv og dødden dagen isbjørnen komog nordlyset druknai våre eigne smeltande hjartefortsatt bankande som tornadoari møte med den absolutte stilla 

2019-12-25 22:37 Vente på lyset

det er alltid midt på dagenein eller annan stad i verdadet vil seie, at ein eller annan stadvil det alltid vere midt på nattasomme menneske går alltid vestoverog held jamn fart med sola,slik at skuggane alltid kviler rundt føteneog hovudetog tankaneikkje fordi dei vil det sjølvemen fordi det var slik livet vartdiforkan me ikkje berre slutte å slenge steinarog i stadenhalde rundt kvarandre,stoppe opp litt, gi tid,slik at sola rekk å ta oss igjenog dei som vandrar i skuggane            igjen kan oppleve at det vert lyst? 

2019-12-23 08:57 Entré

ikkje ein gong stjernavar der heile vegen,den gjekk si ferd gjennom rommetog dukka opppå det nøyaktig riktige tidspunktetslik at alle ting kunne skjeetter boka det er aldri på slumpnår urmakaren over alle urmakrarset på timerenog stiller inn heile universetpå sin eigen entré i historia

2019-12-22 10:13 Gullord

i eit hav av order det alltid nokresom skil seg ut,nokre som lyser mot degmed bokstavar av gullog glitrande perler langs kantanedesse orda legg du på himmelsengi det finaste rommet i sjela,og vaktar deisom var dei frå Salomos miner -ordsom med tida formar den du erog byggjer om rommet til eit eige palassog ein viktig observasjonein kan leggje seg på minne:nesten samtlege av desse ordaer namn        eller nært knytte til namnpå personar som har vore der, i livet dittog vore viktige for den du har blitt -

2019-12-21 12:37 Ein raud tråd

det går ein raud trådgjennom historia,frå den ævelege kongsstolengjennom hagen i Eden og uti den store ørkenvandringadet jagar ein pust over markaein vind som lyftar seglaog dyttar oss framgjennom slavekår og fridomskrigargode år og år med svolt,krigar, fredar, handel og storm,ei heil verd i framdrift gjennom rommetog den raude tråden er dersirklar seg inn på ein stall i Betlehemog eit barn i krybba,men går vidare, langt langt vidaretil bølgjene på Genesaretog skriftlærde i Jerusalem,gjennom jublande folkemengderog ein spyttande mobb,til ei tornekrone, eit kors, ei gravog heilt inn i dødender ...

2019-12-20 14:31 Ordet blir menneske

treet er valsa flattog sett mellom to permarblekket er forma til bokstavar,sett i bestemte rekkefølgjer på papiretalt detteer vel og bra,men ei bok er ikkje meir enn ei bok;om den vert borte, er det papir som går tapt -først når eg opnar boka,let orda stige ut frå papiretog inn i hjartet   -    bli fylde av andeog levande puststig ordet inn i verdaknyter hjarta våre saman,den levande Gud tek bustad mellom ossno som dåog let oss få del i eit anna rike ---eg brenn ikkje bøker, av prinsipp,men ikkje noko anna enn prinsippfor bøker er papirmen Anden er over alt dette 

2019-12-19 08:13 Den nye songen

den nye songener farga av julemorgonlysetden har noko spinkelt ved seg,ikkje fordi songen er spinkelmen fordi det er eg som syngog stemma ber så korti dette enorme landskapetsamtidig er der noko mektigmellom linjeneikkje fordi det er eg som syngmen fordi eg har fått songen, som ei gåvefrå ein som kan dette med komponering -så må eg leve med dette dobbelte,å vere svak og sterk på same tidog lene min svakheitmot Han som gir styrke

2019-12-18 10:43 Stabil

eg tenkjer på dette med stabilitet,at atom ikkje endrar segkorleis jorda er bygd oppav dei same atomasom for ti tusen år sidankorleis det er den same solaog den same månensom ser ned på landskapet vårt, nosom for to tusen år sidanat steinane utanfor Betlehemsom gjetarane kvilte hovudet motkanskje, og truleg, ligg der endå, ein stadlenger ned i bakkeneller flytta litt påeller under eit hus, innemurt i ein murat atoma i høyet i krubbasom vart ete av dyra - med sine atomgjekk tilbake til bakken og fortsatt sirkulerer   ein eller annan stadkorleis alt er så stabiltutan å samtidig vere stabilt,for ...

2019-12-17 12:30 Eit garn

som spindelvevstrekk lyset seg ut frå stallen,over dei stille markene utanfor byenover elvar og fjellog dei store havastrekk seg tvers gjennom kjipe munnargjerrige henderauge som nektar å sjå,strekk seg gjennom og gjennomlenger ut, lenger inni mørketheilt inn til dei mørke hjarta,som laserlys brenn det vekk mørketog glattar utpiggete tankardet er eit garnfor oss som ikkje fiksar dette sjølv,dreg oss inn, samlar ossrundt eit barn i ei krubbeder lyset vert ein heistil fridom

2019-12-16 16:10 Premiere

det første julespelet,utan manusberre rå realismeog usynlege sufflørar - ei leiing i riktig retningmen scenografien er lausog i staden for applaus,endar natta i flukt for livettil eit anna landder refleksjonen er den tyngste bagasjenog tilliten til teatersjefendet einaste faste punktet å navigere etter

2019-12-15 20:53 Ein veg ut

ein straum under bakkenblodet renn mellom røtenetil den ville skogeningen veit kor alt endar,ingen har sett byrjinga på alle tingalt me serer skogen rundt ossog høyrer rislinga i dei stille bekkaneav blodsom gjennomsyrer landskapet- det er dette trea veks på,det er dette som er vår matog me brukar heile livet påå jobbe oss framover     -      stadig lenger framutan at auga som møter den siste nattahar sett noko endring---ikkje før me stoppar, lyttarhøyrer blodet kviskre til oss,for vegen utgår gjennom blodetdet er den hemmelege utgangenalle kan vite om,viss dei berre får vite -

2019-12-14 17:18 Fisk

det er eit enkelt bildeså reine strekarog rommeleg innhaldunder desse bogegonganegår me med rette ryggar,og symbolet held me framfor oss,for det er ikkje oss det kviler påi det heileså venlege auge, så gode ordsom løftar oss framover golveti katedralentil me kan knele framfor alteret,og alle symbol vert vaska vekktil berre hjarta ligg attsom det einaste verdifulle me hardet einaste me har å komme med -

2019-12-13 16:30 Eit før og eit etter

då bonden gjekk med ljåenog let den sveipe over markaså alle stråa gav taptog la seg ned i faret,var det ingen framande tankareller merkelege synom det som skulle kommei bonden sitt blikkdet var jord, strå, ljå og sveitte,og når kvelden kom,og høyet låg til tørk på grensa mot ørkenen,var det ikkje noko uvanleg å sjåstallen låg mørk          og hadde ingen gjestardyra småsov          det var stille som førdet gamle høyet låg i hjørnet          det var slett inga sengog lydane var dei vande, kjæreså annleis alt skulle vereberre ei natt seinare,kor mykje ståhei i den vesle stallen -framande esel, ...

2019-12-12 16:30 Elva

som ein uroleg veg i landskapetbøyer elva unnafor alle hindringarrenn stille og tausmellom steinar og store treog rislar omsider ut i havetmeni andre enden,der elva startarer det noko som byggjer seg opp ...om litt vil alle sjå at også ei roleg elvkan lage bråk,og når elva lagar bråker det ingen som kan stå imot -

2019-12-11 16:40 Blikket

stille sa du namnet mitt,eg kjende det attallereie før lydbølgjene traff megdet var noko med blikket,ein varme            eller  -  eit nærværeg ikkje kunne unngå å merke,for det var meg du såg påog varmen traff megsom vårsol mot frosen mark

2019-12-10 16:22 Atomklem

viss du held lenger novil dette svarte eg har bore påi alle desse årasprekkeog fly utoverog eg veit ikkje heilt kva som er inni;kva som vil komme utom det får sjansenså sjølv om dette er uendeleg godter eg også litt reddfor kva som vil kunne skjeno 

2019-12-09 15:02 Det verkeleg kalde

det ligg snø på hjartet mitt,ein mjuk puddersnøover hardare skareog under der -tela som strekk seg som fingrarinnover mot det djupealt dette kan smeltedet verkeleg kaldeligg inst inne,ein kjerne av plastisk is,upåverkaav milde vårvindareller jamlege streif av lysher trengs det eit jordskjelvein vulkanein kjernefysisk fisjonsprosessberre ei hydrogenbombepå storleik med eit barn i ei krubbekan trengje inn og forvandlekjernen

2019-12-08 16:30 Plass i hjartet

det er eit fjelli alle hjarte,ein skråning så brattat glepp du taketrullar du utfor,ein tinde av dimensjonarder berre nokre få   har sjanse til å nå –i somme hjarteer veggen nedanforstupbratti andre hjarteer det skrånande terrengog plass til mange,sjølv om dei aldri vil komme heilt opp –

2019-12-07 16:36 Lim oss saman

somme dagarer sjølve livet litt lausti kantanedet hadde gjort segmed litt lim        nokosom kunne binde det heile saman atttil ein heilskapme kan kjenne oss heime inokonsom kan trekke ut hovudlinjenesetje opp ein disposisjonog peike ut vegen framovertil siste punktumog vidare

2019-12-06 16:00 Gjennom ein ørken

her står eg, midt i ein ørkenunder den veldige stjernehimmelenog ser opp i det uendelege, veldige -forstår kor liten eg erog at vegen tilbake er mykje lengerenn vegen framein stad der ute, på andre sida av dei vide sanddyneneventar det stjernene vitnar om,og eg må fylje kalletheilt til endenveit ikkje kva eg vil finneeller om dette eg møterer det som vil finne megredde megut av min indre ørken -

2019-12-05 17:00 Møte eigne hender

kva tenkjer du noundrar egser ut på landskapetså annleis frå denne vinkeleneg kjenner ikkje att skogen, fjorden, fjella, ørkenenalt er som førberre borte, skjultfor auge som ikkje lenger er verkelege augemen avgrensa luker mot verdakva tenkjer duder du fortsatt erog ser den eg er blitt- det er spor etter mine eigne hendereg går i,så merkeleg det enn erå stige inn i sitt eige bilde men det er dette eg vil,eg har eit mål og eg veit du ser stega mineog leier meg heile vegen tilbake til deg -

2019-12-04 18:17 Flyktning utan papir

eg er verdt nokomeir enn dette papiret -ei lita raud boker forskjellen på megog deg,du som vert stengt utesett til side - ventandepå noko som aldri vil kommeså lett me har for å gløymeat alt er ei gåve- at dette landet, desse fjellaer ei gåve        ikkje eigedom        ikkje noko som eig osskva har vel eg gjort for gråsteinen på Dovre?kva har vel Dovre gjort for meg?så eg legg passet ned i skuffaglad for fridomentil å ta vare på meg sjølvgret ei tåre for deisom ikkje hugsarat sjølv Herren ein gong var flyktning,registrert, ja, men ikkje der han komfor verda var aldri heimeslik den heller aldr ...

2019-12-03 17:18 Heilt til kjelda

er det vatn alt dettespør egvassar over golva i katedralenheilt fram til alteret,ser meg attende, ser rundtpå alle som kjem vassande saman med megpå sideneinn frå alle slag dører og portareg som har fulgt den vesle bekkenfrå eg kom over den og heile vegenopp mot dette fjelletog denne katedralenheile vegen lenger opptil eg steig inn i det strålande lyset og såg kjelda spreie seg utover heile verdasøsken på vandringmot det same alteretder lammet, som liknar ei løvetek imot med opne armar

2019-12-02 18:00 Begeistring

strålar frå ei stjerneein engel som svinsar forbiutanfor glasetsmiler inn tilbegeistra bornintenst ventande med opne augeog hjarta på stilksvevar med vinden til alle krokar i verda,syng ein ny songsom alle kan lære- for det er ein gamal song,gøymt mellom celler og atomsom ein note i ein gamal koffert på eit loftdet gjeldå finne denblåse av støvetog synge i veg!

2019-12-01 17:56 Advent

å vente, sjå ut glasetvente på at tida skal gåvente på at tida skal komela seg fylleav språkleg ekstravaganse,snu ordboka opp nedtømme den i seghoppe litt rundt, så alt vert blandaopne munnen, sleppe alt ut atttil ei verd som druknari mangel på ord- dei rette orda, vel å merkeog ein kan håpeat dei rette orda kjemslik det rette Ordet komog fylte verda med songog fortsatt fyller hjarte med song -vente på ventetidasleppe ventetida inn i hjartet,inn til alle ordanærme seg ein stallmed skoa i hendaog ei stille bøn på leppene

2019-11-24 22:19 Aktivere eigne bein

det er så mange vegar ein kan gå, så mange val og retningar, det er lett å tvile på vala og kursen og drifta - og likevel må me gå vidare, gå og gå, for tida stoggar ikkje same kor gjerne me skulle ynskje og trenge ein pust i bakken, berre kunne trekkje seg sjølv til side, sjå tida passere frå ein trygg plass på galleriet -vere tilsidesett av seg sjølvmen så innser ein at all denne tida som dyttar oss av garde, er ei viljelaus eining - den berre kjem, utan eiga kraft, og vegen ein går er eit resultat av aktive val, aktive tankar, aktive handlingar hos seg sjølv. Det er ikkje tida sin feil at e ...

2019-11-23 14:40 Opne for lyset

eg opnar sjelaslepp ut fuglanelet dei sveve på støle vengjerdet har vore ein lang vinterauga har silt vekk lysetaltfor lenge nodet er på tide å slå opp vindauge og dører,lene seg ut         rope:kom vindar, kom lys og regn!vite der er nokon som tek imot

2019-11-19 21:51 Ut der det er luft

me måtte slå opp dørene,knuse vindaugaleggje ned dei fleste veggane -det var ikkje råd å pusteså me opna opp alt me kunneog stupte inn i det usynlege       utder vengene kunne falde seg ut...i flukt frå dettefann me tilbake til det som batt oss samanlet hjarta falle inn i den andre sin taktpå ny...bygde oss opp ein gong til,let heime vere akkurat herkor me heldt kvarandre i taumarav fridom

2019-11-18 19:31 På kanten av kontroll

kan du gjere nokomed tyngda til fjella?kan du snu sola rundt, sende strålartil fjerne planetar?kan du endre farten på månen,eller tømme havet for salt? ikkje ein einaste fiberkan du byggje saman,same kor mykje du fokuserer tankaneog legg godviljen tilhjartet går sine eigne vegar,blikka fyljer sine banerorda dineberre orda dine kan du velje fritt,men ikkje ein gong deikan du kontrollere verknaden av -

2019-11-15 06:30 Lommelykt i sjela

sakte drog du veggane til side,inn til dei mørke romma i sjela,eg, som alltid hadde budd i hjartet dittog hadde mine faste romnår eg kom på besøk, egfekk stige inn i dei mørke krokaneder alt det eg ikkje hadde sett ord påeksisterte -når du lyste inn med lommelyktaog eg kunne sjå inventaretkjende eg det att frå mine eigne avlåste gongar,det var kjent terrengmen sett slik utanfråvart det så mykje tydelegareplutseleg hadde eg eit språkfor mi eiga sorg,eit kart over vegar eg kunne ha kjentmen aldri hadde visst om,og likevel var det akkurat desse veganesom hadde leia meg hit, til i dag -

2019-11-14 06:28 Meta

du har lov å vere glad       for at du er gladdu har lov å vere lei deg       for at du er så tristdu har lov å vere sint       på ditt eige sinnedu har lov å vere skuffa       over dine eigne svik -det er så lett å grave seg ned,men det er no ein gong mykje betreå grave seg sjølv oppi lyset

2019-11-13 22:41 Flaskepost

eg er ikkje bølgjene eller vindeneg er så definitivt ikkje havetdet vide havet med alle sine djupnerer for storteg er heller ikkje båteneller masta, seglet, roretdet er ikkje eg som er tauverket som held det samaneller losen som speidar i baugeneg er ikkje skipper, kaptein, matros -det er så mykje eg ikkje er...om nokoer eg ein dekksgut, stillegjer eg mitt arbeidså godt eg kan -lagar kart og forklaringar           etter beste evneom kurs og mål,legg dei i flasker og kastar på sjøeni eit brennande håp om å vere til hjelp         for nokonsom søker mot sikker hamn

2019-11-12 22:41 Kome att utan auge

i eit glimt såg eg inn i draumenden var svart, som natta rundtberre små lys, som blafrande stearin, lyste opp;her var nokon som gøymde segher var nokon som var borte -ingen kviskra namnet ditt,ingen hengde opp bilete av handa disom ein relikvie over døra,           nei, ingensa dei magiske orda eg visste høyrde tilfor eg hadde høyrt dei førog ville rope dei ut, rope dei inni motvinden-då vakna egog alle lys var borte 

2019-11-11 20:21 Motsett av motsett

me kan vende medaljento gonger rundtog tilbake til dei tomme auga,dei ventande hjartasveitten som fordampavender tilbakeog går tilbake i elva- renn til fjellastirer rett på solatil auga smeltarog alt me klararer alt anna enn det me klarte i går

2019-11-09 16:08 Regnsmil

gjennom uendelege straumar vatntrer eit ansikt fram,eit minne, ein skuggeeit spegelbilde frå ei anna tiddet du sågdå du stirra deg sjølv djupt i auga -no ser eg auga dinefylte med vatnog eg veit, som i eit lynglimtat det er innsida eg ser     -       det du verkeleg sågdå hjartet ditt sukka under byrdaav alt vatnet som hopa seg oppsom eit innestengt magasinbak auga dine

2019-11-08 18:08 Stråle frå svart

eit rektangel utan botn,veggar som strekk seg vidare         der horisonten stopparei opa flateav kvikksandalt som passerer tungaforsvinn i mørketsporlaust flyt blekket rundt i nattapå jakt etter form og flate,ein kniv som kan formesøker hammar og meisel og støypeskei -for det opne, smelta hjartetlengtar etter samla pupillar;at nokon skal sjåog forståog lage elektriske gneistar av alt det svarte

2019-11-07 21:27 Det som vart ein mur

det vanskelege erat eg sit fast i noko eg ikkje kan plassere,eit augeblikk eg ikkje kunne føresjåden gongen me bygde denne muren -det var gode dagar, det var så mykje lysog me bygde samandet var vårt - eit byggverk fylt av songog me la ned uendeleg mykje kjærleik i dettesom slett ikkje skulle bli ein mur som likevel enda, likevelsnudde til vinterkulde og mørke skuggareg støypte meg fast, innsida av hjartet krympaog no ser eg ikkje lenger kor byggverket endar,kva som forvandla dei lyse veggane til eit stengsel -kanskje kan eg rekke ut handa, vifte litt over kanten,gje meg til kjenne,senke dette ...

2019-09-17 20:54 Morgonen kjem

kunne eg berre veresom eit bilde av meg sjølvmåndag morgon -det er ikkje huda som anar fryktaeller auga som kjenner smertenav å gå to meter bak seg sjølvog vere eit stille vitnefor éin veg må eg gåsame kor lenge eg nølerog morgonen kjemsame kor store skuggane veks segog lengten etter konsistensstig med morgonsolaein tidleg måndag morgon,og lengten etter å passe inni meg sjølver konstant

2019-06-18 22:59 Bøye seg

over alt ligg kjeldene til gledaog ventar sine stille livpå at noko skal hende -at nokon skal bøye seg ned,oppdage den vesle, raude blomenså råflott og likeglad plasserti denne stille delen av skogender ingen nokosinne gårher vil aldri noko auge fange lysetog kjenne dei små strålane av gledenå hjartet - frå akkurat denne blomenslik står dei          millionar på millionarav tause gleder og ventarog kanskje er det du som slentrar forbi,tek deg tid til å stoppe opp, bøye deg nedkjenne lukta av fridom fylle organa -kanskje er det dusom set gleda friog utan å vite detgjer jorda til ein litt lettar ...

2019-06-13 14:29 Det verkelege

eg kjenner varmen frå pusten dinsom ein mild vindover hudalastebilane glir gjennom landskapetlangt der nede, som maurved foten av fjellether oppe kor stein møter snø og skyerer det ingen lydarverda er ein stumfilm;det einaste som er verkeleger pusten din mot kinnet mittog ekkoet av eit bankande hjartesom slår tilbakefrå auga dinesom stjerneskot

2019-06-09 22:05 I andre hender

kvar dag legg me liva våre i andre sine henderalt som kan skjeog aldri skjerer ei gåvefrå alle som let oss sove i fred,alle som let vere å dyttenår me møtesalle som køyrer etter trafikkreglaneog som me kan sjå passereutan problemalle som let vere å spenne bein,alle som smilerog seier gode ordog lyfter oss opp over skydekketdei som er rundt ossog lever liva sine i dei same draumane -det er dei som har liva vårei sine henderog som regelligg det trygt akkurat der

2019-05-12 21:24 Ordregn

2019-04-26 18:55 Gjennom dette mørke

2019-03-27 22:39 Væskehimmel

lengten kan bestskildrastsom ein flytande månepå himmelhavet,der alle tåreneeit menneske kan sleppe utvert samla som eit havog i dette havetsym månen sakteover horisontender utepå den mørkaste baksidaav vår nære, men likevel så fjernesatellittsit håpet mittmed haka kvilande på kneaog ventar påeit liteeit aldri så lite, om enn mikroskopisklivsteikn frå deg

2019-03-20 21:59 Vil synge

noko vil syngepå botnen av dette mørket,gjere alt bra attog løfte lyset oppover        heilt overkanten,der strålane kan danse til musikkenog farge verdai nye fargarja, noko vil syngenoko djupt her inneunder alt det tunge, alt det grå, altsom pressar imotligg ein song og ventarpå soloppgangeneg veit vil kome

2019-03-16 17:32 I det uendelege

i det uendelegeligg uante sjansartil å oppnå det umoglegefor ingen kjenner grensenetil universetingen veit kor tida stoggareller orda tek sluttdet er i dette, i denne erkjenningadet vert mogleg å fjerne segfrå eigne skylapparog innøvde tankesettla seg flyte over djupavere eit barni alle tingstille spørsmål til skaparenog opne hjartetfor overraskande svar

2019-03-13 20:47 Rekneskap

det er desse tåreneme skal gjere rekneskap forden dagen snøen smeltarog auga kan sjå noko vekseder døden drog kappa si over markarekneskapet vil bli hardtfor me har harde hjarteog viljen er vrangog orda er som istapparfrå bergnabbane i sjelaog tala i rekneskapetvil truleg ikkje stemme,for me bokfører ikkje alt me veit -me skriv dei raude talamed så lita skrift me kani håp om at sola skal smelte blekketsaman med isenog late alt renne ut og vekkså rekneskapet vil bli hardtfor oss som lurar oss unnavåre eigne liv

2019-02-22 20:24 Kva veit du

kva veit du         eigentlegom meg, seier desse ordasom ikkje passar samanmed det indre puslespeleteg har leita i desse brikkene i snart førti årog lagt på plass eit indre landskapdel for delgjennom time på time med grubling og slitdet er ikkje gjort på ein liten timeå kartleggje landskapet -kva veit vel duom alle bitane eg har måtte endre påog kor mange gongar eg har forandra på motivetfor at ting skal henge saman?kva veit vel duom alle tårene eg har brukt som limog som no ligg som betongballastlangs kjølenkva veit vel duom frykta som stadig trampar           med altfor store sko gjennom hja ...

2019-02-18 21:01 Liv etter frosten

denne songen er den førstedette håpet er det største ----som eit nyfrose treeg bøyer meg nedtek imot kvart mumlande ordkjenner sorga kvile på snødekt jord;at eg levde, at eg pusta at eg forutan å setje eit einaste sporat eg song at eg drøymde at eg varsom ein stridig knute hos han som barså var det noko som løyste seg oppein tinande stråle av sol mot ein kroppsom ikkje lenger levde, var tilfor songen i hjartet var dørgande stillog varmen tok tak, og orda var linnenoko byrja å vekse, å spire der innei hjartedjupna du planta eit frø:eg skal atter få leve, du valde å dø for oss frostige, stridige ...

2019-02-17 07:36 Kompass

2019-02-12 22:34 Bakanfor fasaden

sjølv om kveldslyset er borteog natta sig utover fjordenheng skuggane endå atti dei mørke krokaneder me ikkje gårbak alle vindaugepustar det hjarte,bankande mot stillasom om denne dagen vert annleisenn alle andrebak alle døreneventar hender på klarsignaleit ord, eit glimtav kjærleg nådekanskje fottrinn mot brusteinenvarslar om eit nytt lysover horisonten;ein ny sjansetil å sprenge fasadaneog stige utsom nye menneske

2019-02-03 11:28 Den store lengten

2019-02-01 21:41 Ein tunnel er alltid mellom to verder

2019-01-31 21:32 Sommaren ventar

2019-01-30 21:50 Mitt sintaste dikt nokosinne

#smerteEg såg ein film på søndag, om to syriske jenter som vart brannskada i eit bombeangrep. Det er få ting som går djupare inn på meg, og diktet er skrive i sinne. Eg avsluttar med ei bøn. Det er menneske som drep, og eg tykkjer synd på dei også. Det er noko fundamentalt galt hos menneske (eller systemet rundt menneske) som kan drepe andre menneske og øydelegge liv på denne måten.

2019-01-27 23:28 Gripe tak

2019-01-25 18:43 På bordet

2019-01-24 22:48 Saman heim

2019-01-23 22:25 Vekta av lys

2019-01-22 21:55 Glimtet

2019-01-18 20:09 Vårvegen

2019-01-17 17:49 Rygg mot rygg

2019-01-16 18:02 Det er min eigen alder altså

2019-01-15 18:15 Hank

2019-01-14 18:51 Fem

2019-01-13 20:39 Sleppe pusten

2019-01-12 16:11 Berre ein veg

2019-01-11 20:22 Vår veg

2019-01-09 23:21 Utan kart

2019-01-08 23:52 Heilt til enden

2019-01-07 19:16 Laos 1 & 2

#om ufyselege handlingarKrig består av ei rekke ufyselege handlingar. Dei aller fleste har mykje imot krig, og det er vel blant dei tinga me har minst lyst å komme ut for. Likevel finst det også handlingar i krig som set "vanlege" krigshandlingar i skuggen. Blant desse er til dømes nazistane sine dødsleirar under 2. verdskrigen, masseutryddingane i Jugoslaviakrigane eller kor dei sivile i Jemen, i vår eiga tid, vert ramma på verste vis. I går lærte eg om ei anna slik handling, som er tvers gjennom ufyseleg i all sin gru. Under vietnamkrigen på 60-talet hende det at dei amerikanske pilotane ikk ...

2019-01-06 21:27 Draumar no

2019-01-05 20:19 Denne brua

2019-01-04 17:01 Vinteren kryp inn

som eit stille ord       beskjeden utan krav eller press legg vinteren sitt mjuke teppe over landskapet kapslar oss inn i lukta av fråvær, lukta av reinleik let oss trø med altfor tunge sko på sitt stødige hjarte, kryp inn gjennom auga       ei motyting for dei mørke kveldane, duse vindauga tause kjøkkenkrokane der me kan puste ut, kvile oss til våren igjen tek tak og ristar fart i verda

2019-01-02 15:59 Ustoppeleg smerte

2019-01-01 13:32 Nyttårsdikt

2018-12-31 12:00 Tidsmaskina

2018-12-29 20:52 Same veg

2018-12-27 11:42 Bråstopp

2018-12-24 07:00 Himmelskipet #24

så opnar skaparen auga frå innsida av sitt eige verk studerer verda med nye auge utan den naturlege nærleiken Han kjente frå det evige eit nytt filter avgrensa av kjensler og nevron vert lagt over auga hjartet pumpar livet i kroppen og fyller den med nye erfaringar gjennom auge øyre hud og smak - så er skaparen på innsida i gang med å lage ein sikker veg ut for alle

2018-12-23 07:00 Himmelskipet #23

ei reise frå himmel til jord i eit skip me ikkje kan sjå – gjennom elektromagnetiske straumar og naturlover, på tvers av det moglege tilfører du verda deg sjølv for oss er det ufatteleg så me seier: du kom til jorda skjønt det at du reiste frå noko truleg er eit større offer enn det du kom inn i så la du himmelskipet til kai i vår skadeskotne verd og steig i land som den svakaste av dei svake - då du reiste attende til ditt rike utanfor tida let du skipet stå att – som ei redningsbøye me kunne klatre om bord i og fylje etter gjennom ukjente farvatn

2018-12-22 07:00 Himmelskipet #22

alle puslespelbrikkene må passe saman skal bildet bli heilt det nyttar ikkje å lage ein kjetting med manglande ringar midt på – å arrangere sin eigen fødsel krev heilt andre ting enn det som er logisk eit esel ein snekker ei ung jente med store draumar og ukueleg livsmot ei reise ein stall eit nøyaktig samantreff             av dei rette himmellekamane og ein flokk fattige gjetarar som vitne til det heile kanskje ville me gjort det annleis men det fungerte –

2018-12-21 18:51 Songen

2018-12-21 07:00 Himmelskipet #21

den rette tida mellom skaping og undergang er for deg eit punkt på ei linje og alle andre punkt kjem før eller etter for oss er tida ein elvestraum gjennom universet; riv oss med             ustanseleg og vill alt me passerer på vår eiga reise gjennom rommet er den rette tida – her og no det større perspektivet der du held begge endar av tidslinjestykket er eit mysterium for stort til å fatte for stort til å protestere

2018-12-20 07:00 Himmelskipet #20

bodberar med ord om håp syng din song no, i natta! syng desse orda som smeltar sinnet let fortvilinga fly ut i natta på luftige vengjer syng no, profetar om dagar som kjem – dagar timar og minutt og – år med gleda som ein dansande melodi i auga å syng, no, å – dans! kom med dei gode orda, glimta frå ei anna verd om frelse og utfriing og håp        ja -          håp     -        ! i alt det håplause

2018-12-19 07:00 Himmelskipet #19

Skaparen har ein plan skjult for oss i vår blinde naud her er mysteriet skjult       det heng eit teppe mellom tronerommet og oss me ser skuggar og vage refleksjonar me ser historia som tikkar gjennom rommet og våre stille protestar talar til døden sine døve øyre – men bak teppet bankar eit hjarte ein utrøysteleg kjærleik brenn i auga; ein Skapar som lengtar så hjartet vil breste og planen, den einaste vegen mot soning, forsoning, fellesskap veks fram alt før dei første protona fanst til –

2018-12-18 07:00 Himmelskipet #18

ein lengt etter vatn i den tørre ørkensanden her sit ei mor og ser sine eigne barn svelte i hel medan sola brenn ingen håp om redning er i sikte ville ho ikkje utan å nøle ofre sitt eige liv om ho visste             for sikkert det ville gjere ein forskjell og berga liva til dei små? endå de er vonde, seier Skaparen ville de gitt og gitt kvifor skulle då ikkje eg -

2018-12-17 07:00 Himmelskipet #17

livet i det aude landet er eit liv i minimumsmodus gledene kjem i porsjonar og kjærleiken kjem med mørke baksider godviljen har sin motsats i uviljen, og gniaren er den gåvmilde sida – om natta alle utvegar er samtidig ein blindveg og alle stiar me går endar til slutt i molda 

2018-12-16 07:00 Himmelskipet #16

så er porten stengt for alltid vegen attende er ein veg som ikkje finst kvar minste sti me må trø er ein sti som fører lenger vekk lenger ut lenger ned lenger inn i mørket – tankane klabbar seg til vert ei tåke mellom oss og verda berre dette vesle ordet, løftet om ein som skal knuse mørket ber oss fram 

2018-12-15 07:00 Himmelskipet #15

det store fallet me aldri vert ferdige med set sine spor langt inn i draumar og lengslar håp og kjærleik og ord om fred det store vegvalet der lyset måtte vike for mørket og me alle vart leia inn på ein veg me aldri kjem oss vekk frå utan gjennom død og eld og fortaping konsekvensar ikkje snakk om konsekvensar for me kjenner dei alle så inderleg vel på kroppen – spora av alle våre mislukka forsøk på å bygge opp att brua som brann alle våre nederlag alle våre sukk mot den tause stjernehimmelen og spørsmålet som brenn på botnen av hjartet; har du for alltid støytt oss bort –

2018-12-14 21:43 Vi to

i dag er det vi to som går saman i går var det vi to som gjekk saman og i morgon vil vi to gå saman – vidare        heilt til du slepp handa spring dine eigne vegar – då skal eg gå vidare med opne hender; ei som vinkar til deg ei som alltid heng ledig       til deg

2018-12-14 07:00 Himmelskipet #14

dette usynlege har me felles; orda pusten tanken eit blikk som seier sanninga og viljen – utan parallelle mønster men med eit inderleg ynskje om samhandling slik at det me sender ut lyftar det me tek imot og gleda over desse stundene denne tida me brukar i lag er felles

2018-12-13 07:00 Himmelskipet #13

så reiste skaparen det skapte opp frå molda sette det på to bein knipsa i gong det første nervesignalet plastra det saman med hud og pusta livet inn i nasa - så sette skaparen det skapte fri let det røre seg fritt gjennom skogane og finne gleda på eiga hand - så gledde skaparen seg over latteren og jubla over smila og kjente refleksbølgjene frå fryden over kvar nye oppdaging - så var skaparen fornøgd og angra ikkje sitt forsett; ein robot kunne aldri tilført denne tidlause, plutselege og uvarsla gleda –

2018-12-12 07:00 Himmelskipet #12

la oss bygge ein spegel med eigen vilje, ei flate som viser det den ynskjer og viser det den er glad i; dei gode sidene under rette forhold la oss bygge ein reflektor for vår glede eit batteri som kan fyllast om det tek imot og gir frå seg det gode under rette forhold la oss bygge ein reseptor som tek imot, lagrar og reagerer på språket og kjærleiken og sanseinntrykka frå ei samansett verd, ein mottakar av nåde og vidareformidlar av miskunn under rette forhold –

2018-12-11 07:00 Himmelskipet #11

frå molda stig knoklane opp festa saman med sener og musklar hjarte lunger blod og hud fantasifulle vesen i alle fasongar trer fram og Anden svever endå ein gong over vatn og landjord – slike frydefulle rop frå jomfruelege vesen Guds kreative skaparhand kjenner ingen andre grenser enn sine eigne

2018-12-10 07:00 Himmelskipet #10

i Guds eigen verkstad der storverk vert til ligg den første cella på bordet klar til bruk slike kompliserte strukturar krev        kunnskap me ikkje forstår og livet, den første gnisten byrjar å pulsere i pusten frå den allmektige

2018-12-09 07:00 Himmelskipet #9

dei store lysa sirkulerer som tause vaktarar på himmelen ser det som skjer i vide krinsar utan å blande seg inn så får den andre lys frå den første og den første lys frå opphavet; lovene kan ikkje brytast banene kan ikkje endrast det er fastlagt alt saman og sett i rørsle av Ein som er stødig på handa

2018-12-08 07:00 Himmelskipet #8

eit frø i jorda og treet under himmelen har dette felles: lyset frå det første ordet trengjer gjennom kvar tynne hinne; byggjer noko nytt av gamalt – koden i djupet er eit puslespel meir intrikat enn mennesketanken             kan fatte og tikkar sin jamne gong gjennom årstidene byggjer ei framtid med byggjeklossar frå opphavet

2018-12-07 20:03 Les eg lyden

no les eg lyden av kopimaskina eg kallar det å skrive livet sitt i fargar som passar til auga; at på slike regntunge dagar som denne flyt lyden av ei takt- fast kopimaskin saman med regnet og tårene og dei grå spettane i iris og eg les lyden som lyden av eit verkeleg liv

2018-12-07 07:00 Himmelskipet #7

i virvelstraumane gjennom hjartet går ordet ut: eit håp om noko anna noko betre å byggje tankane på eit land stig frå virvelen me kan stå på dette berget er eit fundament der alle andre smuldrar bort

2018-12-06 07:00 Himmelskipet #6

vatn over vatn og dei store djupa i menneskehjartet der er to sider av sjela den mørke som dreg oss ned og den andre som alltid lengtar etter å bli lyfta av lyset og falle som regn på dei høge fjella skiljet er sett frå opphavet alt sidan har vore balansekunst vatn til vatn

2018-12-05 20:12 Lukketillegg

2018-12-05 07:00 Himmelskipet #5

lyset den store eksplosjonen all energi som seinare skulle bevege rommet samla i dette eine ordet frå Han som sit på trona så gjekk ordet ut frå trona fylte tempelet og skapte eit rom i det tomme der det ikkje var noko oppstod eit utteljeleg tal fragment og fylte denne nye eksistensen

2018-12-04 20:41 Til andre sida

2018-12-04 07:00 Himmelskipet #4

ein tanke eit ynskje ein plan ukjent for tid og rom hos Han som tronar frå æva eit meisterverk i emning utan byggherrar eller forskrifter; eit rom vert til ei tid vert skapt substansen vert forma frå ingenting             til noko

2018-12-03 07:00 Himmelskipet #3

det tomme rommet ei utfordring for tanken det tomme rommet der ingenting finst, eit elastisk mørke utan substans utan fylde utan atom ikkje ein gong ingenting finst i dette rommet som ikkje vart til før ein høgare vilje sa orda som skapte

2018-12-02 07:00 Himmelskipet #2

i det høge bak den usynlege veggen ingen kan trengje gjennom står det heilage tempelet som ein gong vart vist til menneska våre bleike kopiar skal ein gong smuldre vekk men det heilage tempelet står frå æva og til æva fylt av stråleglansen til Den Høgste

2018-12-01 07:00 Himmelskipet #1

ein æveleg bustad er vår Gud ingen kjenner grensene for ein forstand utanfor             våre eigne grenser i det uendelege der tida ikkje eksisterer finst Ein som ikkje kan skildrast eller endrast av våre avgrensa tankar, kjensler og ord eit fjell som ikkje kan rokkast eit lys som ingen kan sjå –

2018-11-30 13:27 Mørket bak hjartet

2018-11-29 20:34 Mellom pausefisk

Personvern: Fortsetter du på denne siden, godtar du bruk av cookies, og at vi samler nødvendig informasjon om deg, dine preferanser, og besøket ditt her. Les mer. Det er greit.